fredag 7. juni 2019

Orrabu - dagsturhytta i Leikanger

Dagsturhytta "Orrabu" på Leikanger
Ved ankomst Leikanger i 18-tida på kvelden, og delvis regn og hagl i lufta, var ein lågterskeltur eit passeleg turmål. Kva passar vel då betre å teste ut turen til dagsturhytta "Orrabu"? 

Som sagt, så gjort! 

Flott utsikt over Sognefjorden på veg opp slalombakken. Parkeringa ligg bak bygningen midt i biletet. Følg stien oppover slalombakken for å kome til dagsturhytta. 


Slik finn du fram: 
Frå houvdvegen tok vi av til Kleppa (6 km) rett ved Statens Hus i Leikanger. På Kleppa er det slalombakke, så sjølv om det var eit stykke å køyre og nokså svingete oppover lia, så gjekk det veldig greit å kome seg fram sjølv for oss med ein litt større bubil. Stor plass til parkering når du kjem fram. 

Hytta er avmerka med blå trekant på kartutsnittet. Du svingar av til Kleppa rett ved Statens Hus på Leikanger. Det står skilt ved hovudvegen. 
På heimesida til dagsturhytta Orrabu står det at du skal følgje vegen til Husabøstølen og så ta av mot Øvstestølen. Det sto mange skilt ved parkeringplassen, men ingen som sa noko om namna Husabøstølen eller Øvstestølen. Sikkert kjende og sjølvsagte namn for dei som bur i området, men for oss ga det ingen peikepinn på kor vi skulle gå! 

Heldigvis hadde vi på førehand fått eit hint om at ein berre kunne følgje stien opp slalombakken. Det gjorde vi til kanten over henget. Der svinga vi til høgre og følgde skitrekket vidare heilt til enden. Der svingar du igjen til høgre, inn på ein god sti som er delvis tilrettelagt med klopper over myrpartia. Etter 200 meter er du framme ved Orrabu. 

Det er litt bratt opp slalombakken, men her er det eit "must" å stoppe opp og snu seg for å nyte utsikta over fjorden. Turen elles er lettgått og eignar seg godt for barnefamiliar med små born. 

Lengd: ca. 1 km ein veg. 
Høgdeskilnad: ca. 100 m
Tidsbruk: Vi gjekk opp på 20 minutt i passe tempo, men her er det avgjerande kor raskt du greier å gå opp slalombakken. For mange vil det nok vere reelt å rekne 30-40 minutt. 

Straks ved toppen av skitrekket. 
Frå dagsturhytta har du utsikt austover til Hermansverk sentrum, sør/aust inn fjorden til Fresvik, sør til Feios og vestover mot Vangsnes i Vik kommune.





Det gjenstår endå litt arbeid før hytta er ferdig, særskilt uteområdet framsto som veldig uferdig. Men det låg materiale klar til bruk, så her bli nok bra til slutt - her også! 

Sidan vi hadde bursdagsbarn (rett nok ein vaksen) i familien den dagen, vart det litt feiring med kake inne i hytta, før vi returnerte. 


På retur tilbake - og vi kan nyte utsikta på veg ned slalombakken. 


3 kommentarer:

  1. Kjempefine bilder og god beskrivelse av turen! Kjekt med slike korte turer med et klart og attraktivt turmål! Alltid kjekt å lese bloggen din!

    God pinse fra Ingunn

    SvarSlett
  2. Denne dagstur-hytta begynner det visst å bli mange av? Smart, ingen grunn til "å finne opp hjulet på nytt" hver gang :) Moro å se bilder fra Leikanger. Bodde der i ca 5 år, men gikk turene mine litt lenger ut. Fantastisk flott utsikt :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det blir bygd ei hytte i kvar kommune i Sogn og Fjordane, totalt 26 stk. Og så ser det ut til at det blir tilsvarande i Hordaland også sidan vi blir slått saman til Vestland fylke ;)

      Slett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!