fredag 21. juni 2019

Moakamben - dagsturhytta i Årdal

Dagsturhytta Moakamben i Årdal
På turen til Moakamben, fekk vi for første gong kjenne skikkeleg på årets mygg! 
Den var rett og slett skikkeleg plagsom - stakk godt gjennom ullgensarane. 
Men det er ein del av sommaren det også - dessverre. 

Dagsturhytta i Årdal er lett på sjå på toppen av Moakamben når du kjem køyrande inn mot Øvre Årdal, og byr dermed på god utsikt over bygda.


Det er - som mange av dagsturhyttene - ein lett tilgjengeleg tur:

Hytta ligg på 249 moh og det er 0,7 km å gå opp til hytta.
Litt stigning, men det må ein forvente for å få utsikt.

Dagsturhytta ligg nær sentrum i Øvre Årdal, med start frå parkering på Moa. 

Parkering:

Stor parkeringsplass på Ytre Moa.
Herifrå er det mange turalternativ.

Stien er merka.
Dei  reknar 40 minutt opp grunna stigninga, men dei fleste vil nok gå turen på 20-30 minutt.

Mange turmogelegheiter frå parkeringa på Ytre Moa, så det går fint å forlenge turen til dagsturhytta. 


Det var hengt opp fleire slakke liner rundt hytta som ein kunne teste balansen på! Kjekt for både små og store!

Dagsturhyttejakt: 

For øvrig så er det no mogeleg å gå på dagsturhyttejakt.
Det er lagt ut brosjyrer i hyttene og kvar hytte har fått sitt unike stempel.
Når ein har samla 5 hytter, kan ein få premie i banken.
Dersom ein har vore på alle 26 (når dei er komne opp), kan ein få endå større premie.

For vår del var dagsturhytta i Årdal nr. 11 i rekkja av dei vi har besøkt.
Det som er litt kjedeleg, er at besøka våre ikkje tel i dagsturhyttejakta.....
Vi må derfor gå alle hyttene på nytt for å få stempel i brosjyra.
Det var litt demotiverande for vår del....
Vi kjem nok ikkje attende til alle 11 vi har besøkt til no,
men 5 nye hyttebesøk skal vi no i alle fall klare.

Og for dei som nett har starta hyttejakta, så er det heilt sikkert med på å motivere dei små til fleire turar!








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!