mandag 17. juni 2019

Mjølkeflathytta - dagsturhytta i Lærdal



I store norske leksikon står det: 


"Klimaet i Lærdal er svært tørt, med en årsnedbør på 400–500 mm. 

Kunstig vanning har derfor rike tradisjoner. 
27. juli 2018 ble det målt 33,4 grader i Lærdal og dermed satt ny temperaturrekord i Sogn og Fjordane. 
Største mainedbør ble målt på Maristova 2013 med 102,2 mm."

Det var derfor kanskje nokså unikt at vi fekk regn i Lærdal, 
eller var det, det? 
I alle fall så hadde vi ein del regn denne laurdags formiddagen - i Lærdal, 
så det er ikkje alltid slik at det er tørt der i alle fall. 
Men det skulle bli betre utover dagen, 
og med 13 km og 1100 høgdemeter i beina frå dagen før, 
- til vakraste Fagerset og Vatnanosi -, 
så passa det bra å ta det litt roleg på formiddagen.

Her er eit glimt frå turen til Fagerset og Vetanosi - sjekk utsikta! Denne kan verkeleg anbefalast! 
Og det var ein akkurat passe dag til å teste ut lågterskelturen til dagsturhytta i Lærdal: 
Mjølkeflathytta. 

Dette vart vårt dagsturhyttebesøk nr. 10 (av 26).



Slik finn du fram: 
Vi starta turen frå Lærdal ferie- og fritidspark. Derifrå gjekk vi over brua til inngangen av Fodnestunnellen. På venstre sida står det informasjonsskilt om ulike turalternativ. 

Vi valte å gå direkte over tunnellopninga og mot Mjølkeflathytta på godt merka sti, og ein knapp kilometer gange. Lett terreng å gå i med lite stigning (knappe 100 meter). Fine utsiktspunkt over Lærdal sentrum og fjorden også undervegs på turen:



God sti og lett å finne fram. 


Frå Mjølkeflathytta valte vi å gå vidare oppover i skogen og følgje stien tilbake om Jektesanden. På veg ned mot fjorden kan ein gå bort til ein bunker som var bygd av tyskarane under andre verdskrig. Nede ved Jektesanden var det truleg ein båtplass den tid fjorden gjekk lenger inn, og gamle murar vitnar om at området har vore bebudd. 

Samla turlengd: 1,7 km

Som dei fleste av dagsturhyttene, er dette derfor ein lågterskeltur som passar for dei aller fleste som kan gå i litt ulendt terreng. Fin tur for små bein! 


Klar, ferdig - hopp!
Frå hytta er det fin utsikt over Lærdal - så her kan ein lett sitje å planleggje nye fjellturar opp dei bratte fjellsidene som elles omkransar bygda. Det var i alle fall det vi gjorde! 






Frå Mjølkeflathytta kan du også gå vidare til Stødno, og så gjennom Lærdal sentrum tilbake til startpunktet om du ynskjer ein lenger tur.



Her er nokre glimt frå Jektesanden som vi passerte på returen: 


Etter turen fekk ungane boltre seg i Motorikparken - kjekk aktivitetspark for ungane. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!