torsdag 20. juni 2019

Èin dag - 7 fjell i Førde


Lang rekke med folk - totalt 62 som starta på 7-fjellsturen 2019. Her frå oppstigninga til Halbrendsnipa. 

Eit kvart turlag med respekt for seg sjølv har  minst ein 7-fjellstur! 
Så også med Indre Sunnfjord turlag. 

Dei har faktisk etterkvart fleire, men den eldste og mest kjente går i Førdefjella.
Dei kunne faktisk feire 25 år jubileum for 7-fjellsturen i år! 

Og i år deltok eg for første gong. 

Tenk deg å kunne få lov til å gå ein heil dag
- utan andre bekymringar enn at du må få i deg nok drikke og næring. 

Rett nok - litt bekymringar kring vonde knær og tær var det også! 
Men bortsett frå det - så har du ein heil dag der du kan gløyme alt anna. 

Du skal berre gå, gå, gå
og du har ein person føre deg som styrer tempoet, så det treng du heller ikkje tenkje på. 
Og tempoet er nærast i kvilepuls også i oppoverbakkane. 

Høyrest ikkje det litt deilig ut? Eller.....

Litt strabasiøst i 37 km, 2700 høgdemeter opp og 3000 høgdemeter ned, sa du?

Eg må innrømme at bekymringane mine var størst på førehand: 
Ville eg greie dette?
Korleis ville det gå med mine sarte tær som stort sett endar med blå nagl kvar fjellsesong? 
Korleis ville det vere å gå i varmen - vèrmeldingane varsla om makstemperatur på 27 C?

I ettertid sit eg igjen med kjensla av at dette gjekk overraskande greitt 
Eg skal ikkje skryte på meg at det var "lett som ein plett" 
- trass alt skal det merkast når ein går nærare 4 mil i fjellet, 
men eg hadde frykta det verre. 

Det var varmt, ja - men ikkje så gale som venta. 
Vi hadde selskap av veldig mange fluger, 
og tærne og knea vart litt ømme.
Men stort meir var det ikkje å klage på: 
i grunnen så hadde eg (vi) det veldig fint!

Start kl 07.30 i Vasslia. Turleiar gjev klåre instruksar for turen. 
For dei som ikkje kjenner 7-fjellsturen i Førde, så går den som følgjer: 

Vi starta i Vasslia kl 07.30 der vi først gjekk opp til Fureviknipa
Derifrå gjekk vi vidare til Skinnbroka og Fauskevarden
Frå Fauskevarden gjekk vi ned til Flotevatna, hadde ein liten pause der før vi gjekk på toppen av Halbrendsnipa.

Tidleg morgon på veg opp til Fureviknipa
Dertter vidare ned til Kalsetdalen og gjennom skogen til Prestestølen og over til Bekkjavatnet. 
Der hadde vi dagens første litt lengre stopp. Nokre bada til og med i vatnet.

Så gjekk vi opp til Hafstadfjellet frå vestsida, og ned att bilvegen til Bruland, og vidare til Soleide. Turen ned frå Hafstadfjellet var den kjedelegaste delen av turen, synast eg. 

På Soleide hadde vi ny god pause, før vi tok fatt på stien opp til Viefjellet
I lia oppover var det veldig varmt, og dette var nok den tøffaste delen av turen for dei fleste. 
Frå Viefjellet tok vi stien ned til Flugedalen og til Ryggjabrua. 

Ved Ryggjabrua venta dagens store høgdepunkt: pizza og brus! 
Det ga krefter til å ta fatt på siste del av turen. 
Vi gjekk opp til Hjellestølen der det vart tatt bilete av dei 54 personane som framleis var med 
(av 62 som starta), 
og så var det siste etappe opp til Førdsnipa

Ned att kunne vi velje om vi ville gå via Flatestølen eller Skeistølen
- dei fleste valte ruta via Flatestølen og ned att til Grovene. 
Der var vi ca. 22.45.

Det var med god kjensle eg la meg i senga den kvelden!

Det er ikkje så lett å ta mange og gode bilete på turen når du skal halde deg i rekkja, men her er nokre fleire bileteglimt:

Første topp er nådd - Fureviknipa - berre 6 igjen.....

På veg mellom Fureviknipa og Skinnbroka


Fauskevarden - 3 toppar er ferdige!

Halbrendsnipa i sikte

Klassikarutsiktsbilete frå Hafstadfjellet

Og så var vi plutseleg kome på Viefjellet.... 6 done, 1 to go! 

Sjeldan har vel pizza smaka betre....

Vi nærmar oss siste topp - Hjellestølen er nådd. 

We did it! Ein dag - 7 fjell! Førdsnipa var siste topp ut. 

Og då var det berre å ta fatt på siste delen ned att til Grovene. Klokka har bikka 22, og ein lang dag er snart over. 




1 kommentar:

  1. Det må være fint å ha krefter til og glede av en slik tur! Gratulerer med vel gjennomført! Ser for meg at du er super-sprek, og at du kom i mål med et smil om munnen.

    Riktig god tur-sommer fra Ingunn

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!