Dagsturhytta Moakamben i Årdal |
Den var rett og slett skikkeleg plagsom - stakk godt gjennom ullgensarane.
Men det er ein del av sommaren det også - dessverre.
Dagsturhytta i Årdal er lett på sjå på toppen av Moakamben når du kjem køyrande inn mot Øvre Årdal, og byr dermed på god utsikt over bygda.
Det er - som mange av dagsturhyttene - ein lett tilgjengeleg tur:
Hytta ligg på 249 moh og det er 0,7 km å gå opp til hytta.
Litt stigning, men det må ein forvente for å få utsikt.
Parkering:
Stor parkeringsplass på Ytre Moa.
Herifrå er det mange turalternativ.
Stien er merka.
Dei reknar 40 minutt opp grunna stigninga, men dei fleste vil nok gå turen på 20-30 minutt.
Dagsturhyttejakt:
For øvrig så er det no mogeleg å gå på dagsturhyttejakt.
Det er lagt ut brosjyrer i hyttene og kvar hytte har fått sitt unike stempel.
Når ein har samla 5 hytter, kan ein få premie i banken.
Dersom ein har vore på alle 26 (når dei er komne opp), kan ein få endå større premie.
For vår del var dagsturhytta i Årdal nr. 11 i rekkja av dei vi har besøkt.
Det som er litt kjedeleg, er at besøka våre ikkje tel i dagsturhyttejakta.....
Vi må derfor gå alle hyttene på nytt for å få stempel i brosjyra.
Det var litt demotiverande for vår del....
Vi kjem nok ikkje attende til alle 11 vi har besøkt til no,
men 5 nye hyttebesøk skal vi no i alle fall klare.
Og for dei som nett har starta hyttejakta, så er det heilt sikkert med på å motivere dei små til fleire turar!

Dagsturhytta ligg nær sentrum i Øvre Årdal, med start frå parkering på Moa. |
Parkering:
Stor parkeringsplass på Ytre Moa.
Herifrå er det mange turalternativ.
Stien er merka.
Dei reknar 40 minutt opp grunna stigninga, men dei fleste vil nok gå turen på 20-30 minutt.
Mange turmogelegheiter frå parkeringa på Ytre Moa, så det går fint å forlenge turen til dagsturhytta. |
Det var hengt opp fleire slakke liner rundt hytta som ein kunne teste balansen på! Kjekt for både små og store! |