Nykshytta i Askvoll ligg i Holmedal - ved Nyksvatnet omkransa av fjella Moldura og Dokka. Utsikt mot Dalsfjorden |
Sist søndag hadde vi ein fantastisk flott tur til Alden med Indre Sunnfjord turlag. Vèret kunne ikkje vore meir perfekt - sol frå skyfri himmel og nærast vindstille. Sidan vi reiste med båt frå Askvoll allereie kl 09.00, var vi tilbake kl 13.30 og hadde framleis mykje igjen av dagen! Vi kjøpte oss is og tilbrakte eit par timar på stranda og klatreparken i sentrum, medan vi spekulerte i kva vi skulle finne på. Innlegg frå tidlegare tur til Alden finn du her, men her er eit par bilete frå søndagens tur:
Tanken om ta turen til dagsturhytta i Askvoll kom ganske raskt. Denne hytta ligg ved Nyksvatnet i Holmedal, og har derfor fått namnet Nykshytta.
I utgangspunktet hadde vi tenkte å kombinere den turen med ein tur på fjellet Dokka, men det var ikkje aktuelt no sidan vi allereie hadde vore på èin fjelltur den dagen.
"Du kjem ikkje på fjelle me ein flate veie" står det på brua når du kjem til Vikastølen. |
Turskildring:
Turskildring finn du på ut.no, men eg har lagt inn nokre presiseringar:
Følg fv. 609 til du kjem til Holmedal. Ovanfor kyrkja køyrer du mot fjellet på ein kommunal veg (Morkavegen) ca 1,5 km før du svingar til høgre nye 1 km, og du vil komme til parkeringsplassen ved vassverket ved Fossheim i Holmedal.
Fyrste del av stien går på ein smal traktorveg til Vikastølen. Derifrå går du på fin sti mot Nyksvatnet som er drikkevatnet til Askvoll og Holmedal. Like før Nyksvatnet kjem du til ein stigaffel, der du tar av til høgre mot Moldura. Du kan også gå rett fram opp til Nyksvatnet og ta til høgre ved skilting Håland/Tveit - stølane. Hytta ligg då berre 100 meter lenger oppe.
Hytta ligg på 455 moh.
Lengd: 2 km
Tidsbruk: ca. 45 minutt èin veg
Turen er fint eigna for små born.
Turen startar på skogsveg, men går deretter over til ein god og tydeleg sti. Her er vi komne opp til Nyksvatnet. |
Turen til Nykshytta kan kombinerast med fleire turar og rundturar i området. Det er god skilting og merking over dei ulike turmåla. Vi hadde i utgangspunktet planlagt å ta turen som ein rundtur om fjellet Dokka (756 moh), men det vart ikkje denne gongen. Det er også fint å gå til fjellet Moldura (837 moh). Vi har tidlegare - lenge før dagsturhytta kom - gått turen til Moldura og Dokka på same dag. Innlegg frå denne turen kan du lese her.
På veg oppover, kjem du over ei bru der det er eit troll under brua. På brua står det: "Har du sett alle 7 trolla?". Sjå deg godt rundt og sjå om du oppdagar dei! Vi fann 6.... |
Det nynorske turbiblioteket var på plass med innslag av lokal litteratur. |
Sitjeunderlag og tøflar å varme seg i |
Jeg er like imponert over de fine dagsturhyttene hver gang jeg ser bilder av og leser om en ny! Skulle ønske det var slik fin tilrettelegging her også.Tror nok det hadde fått flere ut på tur.....
SvarSlettVi har gått nærmiljøtur i dag. Noen ganger er det helt greit å gå hjemmefra uten bruk av bil.
God ny uke ønskes deg og dine fra Ingunn