fredag 24. mai 2019

Nykshytta - Askvoll si dagsturhytte

Nykshytta i Askvoll ligg i Holmedal - ved Nyksvatnet omkransa av fjella Moldura og Dokka. Utsikt mot Dalsfjorden

Sist søndag hadde vi ein fantastisk flott tur til Alden med Indre Sunnfjord turlag. Vèret kunne ikkje vore meir perfekt - sol frå skyfri himmel og nærast vindstille. Sidan vi reiste med båt frå Askvoll allereie kl 09.00, var vi tilbake kl 13.30 og hadde framleis mykje igjen av dagen! Vi kjøpte oss is og tilbrakte eit par timar på stranda og klatreparken i sentrum, medan vi spekulerte i kva vi skulle finne på. Innlegg frå tidlegare tur til Alden finn du her, men her er eit par bilete frå søndagens tur:




Tanken om ta turen til dagsturhytta i Askvoll kom ganske raskt. Denne hytta ligg ved Nyksvatnet i Holmedal, og har derfor fått namnet Nykshytta.
I utgangspunktet hadde vi tenkte å kombinere den turen med ein tur på fjellet Dokka, men det var ikkje aktuelt no sidan vi allereie hadde vore på èin fjelltur den dagen.

"Du kjem ikkje på fjelle me ein flate veie" står det på brua når du kjem til Vikastølen. 
Som sagt så gjort - vi tok turen til Nykshytta før vi reiste attende til Førde.


Turskildring: 
Turskildring finn du på ut.no, men eg har lagt inn nokre presiseringar:

Følg fv. 609 til du kjem til Holmedal. Ovanfor kyrkja køyrer du mot fjellet på ein kommunal veg (Morkavegen) ca 1,5 km før du svingar til høgre nye 1 km, og du vil komme til parkeringsplassen ved vassverket ved Fossheim i Holmedal.

Kartutsnitt frå ut.no. Eg har sett raudt kryss der du tar av frå fylkesvegen, og køyrer opp til startpunktet ved kraftverket. God plass å parkere, men det er eit populært turområde, så det kan vere bra fullt med bilar på parkering. Dagsturhytta med raud ring rundt. 

Fyrste del av stien går på ein smal traktorveg til Vikastølen. Derifrå går du på fin sti mot Nyksvatnet som er drikkevatnet til Askvoll og Holmedal. Like før Nyksvatnet kjem du til ein stigaffel, der du tar av til høgre mot Moldura. Du kan også gå rett fram opp til Nyksvatnet og ta til høgre ved skilting Håland/Tveit - stølane. Hytta ligg då berre 100 meter lenger oppe.

Hytta har solceller for å få lys og varme i hytta, samt sanitæranlegg (utedo).

Hytta ligg på 455 moh. 

Lengd: 2 km
Tidsbruk: ca. 45 minutt èin veg

Turen er fint eigna for små born.

Turen startar på skogsveg, men går deretter over til ein god og tydeleg sti. Her er vi komne opp til Nyksvatnet. 



Turen til Nykshytta kan kombinerast med fleire turar og rundturar i området. Det er god skilting og merking over dei ulike turmåla. Vi hadde i utgangspunktet planlagt å ta turen som ein rundtur om fjellet Dokka (756 moh), men det vart ikkje denne gongen. Det er også fint å gå til fjellet Moldura (837 moh). Vi har tidlegare - lenge før dagsturhytta kom - gått turen til Moldura og Dokka på same dag. Innlegg frå denne turen kan du lese her.

På veg oppover, kjem du over ei bru der det er eit troll under brua. På brua står det: "Har du sett alle 7 trolla?". Sjå deg godt rundt og sjå om du oppdagar dei! Vi fann 6....



Det nynorske turbiblioteket var på plass med innslag av lokal litteratur. 

Sitjeunderlag og tøflar å varme seg i




mandag 13. mai 2019

Tur og teater: Vinje på dagsturhytta


Blåmann, Blåmann, bukken min,
tenk på vesle guten din!
Bjørnen med sin lodne fell
kan deg taka seint i kveld.

Gamle Lykle, moder di,
seint kom heim med bjølla si.
Så ikring seg ho mund' sjå
liksom der var fare på. 

Har du prøvd kombinasjonen tur og teater? 
Turteater
Teatertur
Dagsturhytteteater
Eller heilt konkret: Vinje på dagsturhytta

Det prøvde vi forrige måndag, og fekk både ein fin tur og ei fin teateroppleving. 
Sjølv om det var litt kjøligt.....

I regi av Sogn og Fjordane Teater, Førde bibliotek og Rom for ord, vart det arrangert teater på dagsturhytta i Førde
Kjekt at hytta kan ha ulike bruksmåtar, og vi erfarte allereie under opninga av hytta at den eignar seg godt som konsertstad, og no også som arena for teater. 
Forestillinga var ein forkorta versjon av Sogn og Fjordane teater/Rom for ord sin produksjon 
"Vinje, vår mann". 



Frilansfotografen Alf Vidar Snæland filma forestillinga. 
Klikk å biletet under for å sjå eit lite utdrag: 


Det såg ut som der var naud,
kanskje no du ligger daud.
Tidt du dansa kringom meg,
mangt eg rødde då med deg.

Når eg låg som blind og dauv,
grov du på meg med di klauv;
ja, du ville vekkja meg
opp til leiken din med deg.

Dagturhytteprosjektet i Sogn og Fjordane har blitt ei suksesshistorie, 
og denne framsyninga viser kva potensiale det er i bruk av desse hyttene.  




Kom mai, du skjønne milde, 
gjør skogen atter grønn!

Grøn skog har vi fått, men framleis kan vi sjå langt etter dei milde temperaturane i mai. 
På dagsturhytta måtte vi sitje med dunjakker og hanskar for å halde varmen:



Sjølv om minstemann i familien drog ned snittalderen på publikum monaleg, 
så hadde vi alle ei fin oppleving og ein litt annleis tur. 

Kvardagsturen tar vi ofte, men kombinasjonen tur og teater skjer ikkje så ofte. 
Satsar på fleire slike dagsturhytteopplevingar! 



Du var sprek og glad og god,
all mi ros du vel forstod.
Tidt du veit eg sa til deg:
«Han veit meir enn mata seg.»

Blåmann, Blåmann, svar meg no,
mekra med ditt kjende ljod!
Ikkje enno, Blåmann min,
må du døy frå guten din.

Aasmund Olavsson Vinje



torsdag 2. mai 2019

Titur Indre Sunnfjord - Sunnfjord kommune 2019

Soloppgang ved Kvannebakknova - ein av mine aller flottaste turopplevingar!!!!
Titur Indre Sunnfjord er i gong! 1. mai var første dagen du kunne registrere deg og  registreringsperioden varer fram til 1. oktober. Dessverre var det ikkje det heilt store turvèret i går - tåka låg langt ned i fjella, men såg på Instagram at det likevel var fleire som var i gong. Bruk hashtagg #istitur19 så får vi sjå bilete frå turen din.

Fine premiar til dei som deltek - så her er det berre å hive seg med. Men den viktigaste premien ved å delta er at du får betre helse og flotte naturopplevingar - gjerne saman med andre menneske du set pris på!

I år er Titur eit samarbeidsprosjekt med nye Sunnfjord kommune. Frå 01.01.2020 vert kommunane Førde, Gaular, Jølster og Naustdal samla til èin kommune, og Tituren er eit tiltak for å gjere innbyggjarane betre kjent i den nye kommunen.

Her er mange spanande turar på programmet med ulik vanskegrad. Nytt av året, er at du kan velje mellom 15 turar, men treng berre å gå 10 av dei for å få premie.

Eg har gått alle turmåla tidlegare, og kan derfor gje nokre tips og anbefalingar til dykk 😊
Fleire av turmåla har eg også blogginnlegg frå, så der kan de gå inn og lese meir om turmåla.
(eg har lagt inn link i overskrifta på turmåla der eg har blogginnlegg).

I alle fall - her er veldig mange fine turar på lista i år, så de vil få mange fine turopplevingar! 

Førde

På veg mot varden på Viefjellet

Dagsturhytta Gytta (link) og Viefjellet (link) :
Viefjellet er ein av tradisjonsturane i Førde, og godt kjent for dei aller fleste. Eg har stort sett gått turen frå Soleide, men no når dagsturhytta er på plass, tippar eg at ferdselen opp til Viefjellet via Dagsturhytta blir den mest gåtte ruta. Då kan ein jo også kombinere to titurmål på same turen!


Eikåsnipa (link): 
Eikåsnipa er også ein av gjengangarturane for Førdefolk/folk i Sunnfjord, og har vore med på Titurlista fleire gonger. Ein fin tur som passar godt som ettermiddags-/kveldstur, gjerne i solnedgangen. Populært turmål som du kan gå mange gonger utan å bli lei.



Botnafjellet (927 moh):
Botnafjellet i Angedalen gjekk eg for første (og til no einaste) gong i august-18. Via Instagram fekk eg nyss om at det var merka ei rute opp frå parkeringa ved Aksla. Nye turmål lokkar alltid, så det gjekk ikkje mange dagane før eg tok dette som ein ettermiddagstur. Det var ingen skilt eller tydeleg spor til merking når eg sto på parkeringsplassen, men eg gjekk oppover skogen i det som såg ut som ein sti, og når eg kom inn på ei myr, fann eg ei merking i enden av myra. Og då kunne seg stort sett greitt følgje merkinga oppover. Stien var også stort sett tydeleg, men forsvann litt einskilde stader. Så det gjekk greitt å finne fram for ein som var heilt ukjent. Overraskande fin utsikt på toppen!

Jølster: 
Dagsturhytta "Fjellro"

Dagsturhytta Fjellro (link) og Håheimsfjellet (1079 moh - link):
Dersom du har planar om å gå på Håheimsfjellet, så passerer du dagsturhytta Fjellro på vegen. Dermed kan du også her få registrert 2 turar i same slengen. Turen til Håheimsfjellet er ein lengre tur, og bør planleggast som dagstur. Dei reknar om lag 3 timar til toppen, men utsikta er vel verdt strevet. Du ser mellom anna innover Stardalen og Breimsvatnet, men i motsetning til ein del andre fjell på Jølster, så misser du utsikta over Jølstravatnet når du er på toppen. Men du har god tid til å nyte den på veg oppover mot Fjellro, Fyglastøylen og Skredestøylen. Vi gjekk på Håheimsfjellet seinast i påska - til fots på snøen. Trass i snøen, såg vi likevel ein god del av merkinga, så her skal vere greitt å finne fram.

Kvannebakkbu
Kvannebakknova (link): 
Kvannebakknova er kanskje den mest krevjande turen av turmåla i år, men også den definitivt mest spektakulære. Turen startar frå Befring i Stardalen der du kan køyre nesten heilt opp til Befringstøylen. Det kjem forhåpentlegvis meir informasjon om sti og merking på denne turen, men dette er ein tur som bør gåast i godt vèr og ein bør vere merksam på at tåka kan kome fort - sjølv på dagar som i utgangspunktet er fine!

Ein av mine aller beste turopplevingar har eg frå tur til Kvannebakknova og Kvannebakkbu. Ta ein kikk på blogginnlegget, så får de lese meir. Eg og Steffen gjekk opp ein ettermiddag og kom i full tåke. Eg tullar ikkje når eg seier at det berre var nokre få meter sikt! Heldigvis hadde Steffen vore der berre nokre få veker før, og hadde sporlogg på GPS. Vi gjekk etter denne oppover - elles hadde vi aldri funne fram. Vi kom rett på hytta - men eg såg lite av det som var rundt meg. Eg hadde inga aning om korleis det såg ut. Vi la oss om kvelden, og eg våkna spent neste morgon: Har tåka letta? Kikka ut det vesle vindauget og såg berre kvitt rundt meg....... kva for noko? Har det snøa? I august???? Så gjekk det eit par sekundar før eg kopla: Det er jo isbreen!!!! Eg hadde ikkje sett den i det heile tatt kvelden før, og der låg den og nærast omkransa hytta! Vi heiv på oss kleda og fekk med oss den mest fantastiske soloppgangen nokon gong!

Halvgjerda: 
Turen til Halvgjerda står omtalt på ut.no med start frå gardane på Slåtten i Jølster, og er rekna til 1,5 -2 timar opp. Eg har gått den turen èin gong. Det er visstnok veldig fint å gå turen frå Holsasida også - den turen finn du også omtalt på ut.no. Den er rekna til 1,5 time èin veg.

Naustdal: 
Steinkorshytta

Dagsturhytta Steinkorshytta (link) : 
Turen til Steinkorsen har vore ein av våre lokale favoritturar i mange år. Vi har sett ei enorm utvikling i tal turgåarar der - frå å gå der stort sett utan å møte folk for 10 år sidan, er det no nærast folkevandring til dagsturhytta og toppen på dei mest populære dagane. Turen er godt eigna både til fots, på truger og på ski, så den er populær heile året. Det er mange gode grunnar til det: For det første så er det ein relativt lettgått tur - det startar litt bratt dei første 20-30 minutta opp til Kringlastølen, men deretter er det slakkare stigning heile vegen oppover. For det andre har du ei nydeleg utsikt over Førdefjorden heile vegen. Har du først tatt turen til dagsturhytta, tilrår eg at du definitivt også tar svippen oppom topp-punktet som berre ligg eit par hundre meter lengre framme, og får med deg utsikta til fjelltoppane lenger nord.

Blåfjellet 791 moh

Blåfjellet (791 moh)
Eit namn - mange fjell: Blåfjellet er ein gjengangar som namn på mange fjelltoppar. Blåfjellet i årets titur er det som ligg i nærleiken av Helle i Naustdal - og i daglegtale kallar vi det for Helleblåfjellet for då veit vi kva Blåfjell vi snakkar om ;) Men det er ikkje noko offisielt namn (berre så det er sagt!).

Eg har gått ulike ruter til dette fjellet, men har dessverre få blogginnlegg frå det. Det næraste innlegget som omtalar fjellet er då vi gjekk på Fjellferd langs Førdefjorden (link). Eg har elles gått turen frå Andal ved Førdefjorden via Andalsstølen og Skitnestølen, frå Kringla i Naustdal via Steinkorsen og frå Jonstadstølen. Turen til Blåfjellet er godt merka gjennom prosjektet Over stokk og stein (link), og turskildring frå Øvrebø ved Førdefjorden via Frammarsvikstølen finn du her. Turen er om lag 11 km og dei reknar 4 timar t/r. I linken finn du også ruta frå Kringla via Steinkorsen. Den er 14 km t/r, men frå Steinkorsen og utover går du i lettgått terreng med liten stigning, så du kan gå ganske raskt. Det er den ruta eg har gått flest gonger, og det er flott utsikt over Førdefjorden heile vegen.

Ramsdalsnipa
Kjært born har mange namn, og dette fjellet går både under namnet Ramsdalsnipa og Solheimsnipa. Ser også at det er omtala som Varden på ut.no. Turskildring finn du på ut.no. Du må rekne 1 - 1,5 time opp alt etter kva rute du vel, men startpunktet er uansett på parkeringsplassen på Ramsdalsheia. Turen er også ein fin skitur på vinteren. Toppen ligg på kommunegrensa mellom Naustdal og Flora, og er eit kjært turmål for Florøfolk.

Russenes friluftsområde

Russeneset (link)
Russenes friluftsområde er nok ei litt ukjend perle for mange. I fjor var det to gutar som hadde som sommarjobb å oppgradere området, og det er veldig kjekt at turmålet er kome på Titur-lista. Det vil nok auke bruken av området monaleg.

Dette er ingen fjelltur - tvert i mot - men sjølve området og idyllen med gode mogelegheiter for både telting, bålbrenning og fiske, gjer at dette området fortenar meir bruk enn det har hatt dei siste åra. Her kan du gå på tilrettelagte og merka stiar langs fjorden, lese på tematavler om kulturhistorie, vegetasjon og dyreliv og berre nyte det du finn i naturen rundt deg.

Ta dette som ein kveldstur med solnedgang - ta gjerne med teltet for overnatting. Perfekt for dei aller minste borna! Vi brukte dette området mykje då ungane var små.

Gaular: 

Dagsturhytta Skaraly ligg fint til bak Storehesten
Dagsturhytta Skaraly (link) og Storehesten (link): 
Dagsturhytta Skaraly ligg på vegen mot Storehesten, så her kan du også slå to fluer i ein smekk. Og synast du turen til Storehesten blir for krevjande, så er ein tur berre til Skaraly ei fullgod turoppleving. Storehesten - det mest majestetiske fjellet i Sunnfjord - har fått altfor lite besøk av meg, så eg håpar på ein tur opp dit i sommar også. "Å få auga opp for Storhesten" reflekterte eg rundt i innlegget eg har linka til over - dei fjella som vi ser nærast dagleg, og som blir så vanlege for oss at vi nesten gløymer at dei er der eller kor majestetiske dei er!

Utsikt frå Laukelandshesten - denne turen bør du definitivt ha med på Titurlista di! 

Laukelandshesten (658 moh) - oppgang frå baksida (link) og oppgang frå framsida (link)
Laukelandshesten - som vi titulerer som "Storehesten i miniatyr" - er definitivt ein favoritt-tur! Fjellet er ein rask tur stor utsikt!

Laukelandshesten er eit relativt nyoppdaga turmål for mange, og omtalen i boka "Opptur Indre Sunnfjord" har nok ført til at det har fått mange fleire besøk siste året, og definitivt kjem til å få mange fleire før denne fottursesongen er over! Og har du ikkje gått denne turen, bør du definitivt velje den som eitt av turmåla dine i år!

Vi har gått to vegar for å nå toppen - ein på baksida der du startar på den gamle stien til Massbu før du tar til venstre oppover skogen. Det er ikkje nødvendigvis så lett å finne tydeleg sti når du har av frå den T-merka stien, men det er greitt terreng å ta seg oppover i, og det gir seg litt sjølv kvar du skal gå. Den mest spektakulære ruta går likevel på framsida av Laukelandshesten. Det kan nærast sjå umogeleg ut å kome seg opp den vegen, men det er ei fin fjellhylle som ein kan gå langs. Turen er merka i starten, men så forsvinn merkinga og stien er ikkje alltid like tydeleg, så her tilrår vi å bruke tid på vere sikker på at ein går rett.


10 av 15 turar - her bør det ikkje vere vanskeleg å finne flotte turopplevingar. Prioriter gjerne dei turmåla du ikkje har vore på før! 


GOD TITUR (eller 15 om du vil 😁) !