fredag 5. april 2019

Spektakulære Flatbrehytta (994 moh)

Flatbrehytta i Fjærland - 1000 moh! 

Kombinasjonen med bratte fjell og utsikt til fjorden, er noko av det som lokkar mange fjellvandrarar. Når du i tillegg kan kombinere det med at du kjem til ei hytte og får isbreen tett på, så blir det ei spektakulær oppleving!

Turen til Flatbrehytta (994 moh) i Fjærland kan by på nettopp dette! 

Tett på breen


71 grader nord kjendis er i full gong - og nett no befinn dei seg sjølvsagt i vakre Sogn og Fjordane. Sist søndag kunne vi sjå dei padle langs Jølstravatnet, men neste gong skal dei til Fjærland og Flatbrehytta.

Eg har vore på Flatbrehytta 3 gonger - siste gongen var i august - 18. Blogginnlegg frå Flatbrehytta har eg lenge hatt på lista mi. Så var det denne tida som skulle strekke til alt.... men eg fekk eit lite puff til å ferdigstille innlegget når eg såg at 71 grader nord skulle sende derifrå. Om du ikkje har vore der før, så får du kanskje lyst til det no? Her er i alle fall litt av våre opplevingar frå turen i august-18:

Vi har i fleire år prøvd å få til ein skikkeleg fjelltur rundt bursdagen min i slutten av august. Tradisjonen starta med hyllevandring i Ålfoten på 38-årsdagen min, og så kan du jo rekne deg fram til kor gamal eg er blitt no...... 😜 Som regel har vi prøvd å få til ein fjelltur som vi ikkje har gått før, men på bursdagsturen til Flatbrehytta tok vi med oss ungane på turen. Så det blei ein gjensynstur for oss vaksne og førstebestigning for dei små!  Men Flatbrehytta er ei like flott oppleving kvar gong så den er verdt mange gjenbesøk. Vi fekk dessutan også med oss ei anna uventa oppleving undervegs som gjorde det heile litt meir spanande enn vi hadde tenkt......
Meir om det litt seinare i innlegget!



Slik finn du fram til Flatbrehytta: 

Stad: Supphelledalen i Fjærland, Sogndal kommune, Sogn og Fjordane

Startpunkt: 
Frå RV 5 i Fjærland tar du av ved skilt til Supphellebreen. Køyr over brua og ta til høgre mot Øygard. Etter ca. 2,5 km kjem du til parkeringsplassen. Her er det informasjonsskilt og informasjon om parkeringsavgift.

Stien til Flatbrehytta startar rett over på andre sida av vegen frå parkeringa. Stien er delvis tilrettelagt med trapper, så det er ein grei sti å gå.

Lengd: 7 km t/r

Tidsbruk: 2-3 timar opp (ca. 900 høgdemeter stigning)
Du finn også gode turskildringar på ut.no og i eit blogginnlegg på turjenter.no

Flatbrehytta er i privat eige, men overnatting kan avtalast. Hytta har 15 senger i ein liten sovesal fordelt over 3 etasjar. 

Vi erfarte at det - ikkje heilt unaturleg i turistbygda Fjærland - var mange utanlandske turistar som tok turen - også på ein litt vèrusikker dag som den dagen vi var der! Eg trur nok ikkje alle desse er klar over kva tur dei gir seg ut på - for det er store kontrastar frå du startar turen ved parkeringa til du er oppe ved hytta og får isbreen tett på. Vèret endrar seg fort og temperaturskilnaden er merkbar.  Nokre av utlendingane kom seg sakte, men sikkert opp til toppen - men andre snudde undervegs. Vi såg dei i alle fall aldri igjen etter å ha passert dei på veg oppover.

Eg tilrår at du har ein fjelltur eller to eller fleire i beina før du tar turen. Det kan verke ganske lett i starten med god tilrettelegging av stien, men etterkvart merkar du at du stig relativt mange høgdemeter på kort tid.

På veg oppover på tydeleg og god sti

Turen vår til Flatbrehytta: 
Vi hadde - som vanleg - sett både ein og to og tre gonger på vèrmeldingane, sjekka status i indre, ytre og ytre Sunnfjord/Sogn for å finne kvar det var best vèr. Og i Fjærland skulle det vere litt sol, så vi gambla på at det slo til. Med lett regn då vi starta turen, så var vi litt skeptisk, men oppe i lia titta sola fram, og vi kasta av oss lag på lag med klede. Men gleda varte ikkje lenge, så då vi nærma oss hytta, var det skya over og vi måtte kle på oss att. Litt skodde over fjella her og der, men heldigvis hadde vi utsikta mot fjorden!

Straks framme ved hytta - sjekk utsikta! 


Vi feirar at vi er komen til topps! 

Utsikt frå hyttedøra

Det er to hytter - den gamlaste ser du akkurta i kanten av til høgre i biletet. 

Og så rasa det:
På vegen oppover fortalte vi ungane om det store raset ved Flatbrehytta 8. mai 2004. Då
gjekk det eit stort ras frå moreneryggen bak Flatbrehytta og nedover Supphelledalen. Ingen menneskeliv gjekk utruleg nok tapt, men det vart store øydleggingar. Det er framleis mange spor å sjå etter raset. I ein reportasje i NRK Sogn og Fjordane 10 år etter sto det:

"Raset fossa tre kilometer nedover Supphelledalen, og gjørma låg om lag ein halv meter tjukk over store område.

– Det var heilt vanvettige krefter. Ein seier 50.000 kubikkmeter med vatn, men det var nok endå meir vatn. 50.000 kubikkmeter er viss du berre reknar med den synlege innsjøen framfor breen. Det vart truleg mykje vatn innunder breen også, så eg trur nok det var nærare 100.000 kubikkmeter vatn, seier Bondevik.

Alle desse massane susa frå 1000 meters høgd og heilt ned til botn av dalen, som ligg heilt nede ved fjorden, om lag 50 m.o.h."



På veg for å sjå nærare på isbreen

Her sto vi då det rasa....

Etter å ha ete niste og inspisert dei to hyttene, måtte vi sjå nærare på isbreen. Vi står og beundrar den og tar bilete, då det skjer....... Vi høyrer ein buldrande lyd, og ser at det rasar frå moreneryggen igjen. Først berre litt, før det stoppar - men så startar det igjen, og det verkar som det kjem meir og meir..... Den første tanken som slo oss var: "Er det eit nytt ras på gong?" Etter alt vi hadde fortalt om raset til ungane, så vart det ikkje fritt for at dei byrja å bli litt redde. Vi slo oss fort til ro med at vi truleg sto relativt trygt - men byrja jo å lure på om det ikkje skulle stanse. Det rasa sikkert i eit par minutt, men så stilna det - heldigvis.

Og samstundes som det er ubehageleg, så er det også litt fascinerande å sjå på slike naturkrefter - så lenge det går bra!!! Men det var ikkje fritt for at vi kikka oss nokre ekstra gonger attende då vi gjekk ned att frå hytta.....



Det er nok sikkert ikkje uvanleg at det kjem sånne småras i ny og ne, så la ikkje dette hindre deg i å ta turen. Eg kan love deg ein spektakulær tur som definitivt er verdt slitet oppover!


Nokon hadde visst tatt med seg rikeleg med vin og hadde litt til overs! 

Utsikta må berre nytast! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!