fredag 5. april 2019

Spektakulære Flatbrehytta (994 moh)

Flatbrehytta i Fjærland - 1000 moh! 

Kombinasjonen med bratte fjell og utsikt til fjorden, er noko av det som lokkar mange fjellvandrarar. Når du i tillegg kan kombinere det med at du kjem til ei hytte og får isbreen tett på, så blir det ei spektakulær oppleving!

Turen til Flatbrehytta (994 moh) i Fjærland kan by på nettopp dette! 

Tett på breen


71 grader nord kjendis er i full gong - og nett no befinn dei seg sjølvsagt i vakre Sogn og Fjordane. Sist søndag kunne vi sjå dei padle langs Jølstravatnet, men neste gong skal dei til Fjærland og Flatbrehytta.

Eg har vore på Flatbrehytta 3 gonger - siste gongen var i august - 18. Blogginnlegg frå Flatbrehytta har eg lenge hatt på lista mi. Så var det denne tida som skulle strekke til alt.... men eg fekk eit lite puff til å ferdigstille innlegget når eg såg at 71 grader nord skulle sende derifrå. Om du ikkje har vore der før, så får du kanskje lyst til det no? Her er i alle fall litt av våre opplevingar frå turen i august-18:

Vi har i fleire år prøvd å få til ein skikkeleg fjelltur rundt bursdagen min i slutten av august. Tradisjonen starta med hyllevandring i Ålfoten på 38-årsdagen min, og så kan du jo rekne deg fram til kor gamal eg er blitt no...... 😜 Som regel har vi prøvd å få til ein fjelltur som vi ikkje har gått før, men på bursdagsturen til Flatbrehytta tok vi med oss ungane på turen. Så det blei ein gjensynstur for oss vaksne og førstebestigning for dei små!  Men Flatbrehytta er ei like flott oppleving kvar gong så den er verdt mange gjenbesøk. Vi fekk dessutan også med oss ei anna uventa oppleving undervegs som gjorde det heile litt meir spanande enn vi hadde tenkt......
Meir om det litt seinare i innlegget!



Slik finn du fram til Flatbrehytta: 

Stad: Supphelledalen i Fjærland, Sogndal kommune, Sogn og Fjordane

Startpunkt: 
Frå RV 5 i Fjærland tar du av ved skilt til Supphellebreen. Køyr over brua og ta til høgre mot Øygard. Etter ca. 2,5 km kjem du til parkeringsplassen. Her er det informasjonsskilt og informasjon om parkeringsavgift.

Stien til Flatbrehytta startar rett over på andre sida av vegen frå parkeringa. Stien er delvis tilrettelagt med trapper, så det er ein grei sti å gå.

Lengd: 7 km t/r

Tidsbruk: 2-3 timar opp (ca. 900 høgdemeter stigning)
Du finn også gode turskildringar på ut.no og i eit blogginnlegg på turjenter.no

Flatbrehytta er i privat eige, men overnatting kan avtalast. Hytta har 15 senger i ein liten sovesal fordelt over 3 etasjar. 

Vi erfarte at det - ikkje heilt unaturleg i turistbygda Fjærland - var mange utanlandske turistar som tok turen - også på ein litt vèrusikker dag som den dagen vi var der! Eg trur nok ikkje alle desse er klar over kva tur dei gir seg ut på - for det er store kontrastar frå du startar turen ved parkeringa til du er oppe ved hytta og får isbreen tett på. Vèret endrar seg fort og temperaturskilnaden er merkbar.  Nokre av utlendingane kom seg sakte, men sikkert opp til toppen - men andre snudde undervegs. Vi såg dei i alle fall aldri igjen etter å ha passert dei på veg oppover.

Eg tilrår at du har ein fjelltur eller to eller fleire i beina før du tar turen. Det kan verke ganske lett i starten med god tilrettelegging av stien, men etterkvart merkar du at du stig relativt mange høgdemeter på kort tid.

På veg oppover på tydeleg og god sti

Turen vår til Flatbrehytta: 
Vi hadde - som vanleg - sett både ein og to og tre gonger på vèrmeldingane, sjekka status i indre, ytre og ytre Sunnfjord/Sogn for å finne kvar det var best vèr. Og i Fjærland skulle det vere litt sol, så vi gambla på at det slo til. Med lett regn då vi starta turen, så var vi litt skeptisk, men oppe i lia titta sola fram, og vi kasta av oss lag på lag med klede. Men gleda varte ikkje lenge, så då vi nærma oss hytta, var det skya over og vi måtte kle på oss att. Litt skodde over fjella her og der, men heldigvis hadde vi utsikta mot fjorden!

Straks framme ved hytta - sjekk utsikta! 


Vi feirar at vi er komen til topps! 

Utsikt frå hyttedøra

Det er to hytter - den gamlaste ser du akkurta i kanten av til høgre i biletet. 

Og så rasa det:
På vegen oppover fortalte vi ungane om det store raset ved Flatbrehytta 8. mai 2004. Då
gjekk det eit stort ras frå moreneryggen bak Flatbrehytta og nedover Supphelledalen. Ingen menneskeliv gjekk utruleg nok tapt, men det vart store øydleggingar. Det er framleis mange spor å sjå etter raset. I ein reportasje i NRK Sogn og Fjordane 10 år etter sto det:

"Raset fossa tre kilometer nedover Supphelledalen, og gjørma låg om lag ein halv meter tjukk over store område.

– Det var heilt vanvettige krefter. Ein seier 50.000 kubikkmeter med vatn, men det var nok endå meir vatn. 50.000 kubikkmeter er viss du berre reknar med den synlege innsjøen framfor breen. Det vart truleg mykje vatn innunder breen også, så eg trur nok det var nærare 100.000 kubikkmeter vatn, seier Bondevik.

Alle desse massane susa frå 1000 meters høgd og heilt ned til botn av dalen, som ligg heilt nede ved fjorden, om lag 50 m.o.h."



På veg for å sjå nærare på isbreen

Her sto vi då det rasa....

Etter å ha ete niste og inspisert dei to hyttene, måtte vi sjå nærare på isbreen. Vi står og beundrar den og tar bilete, då det skjer....... Vi høyrer ein buldrande lyd, og ser at det rasar frå moreneryggen igjen. Først berre litt, før det stoppar - men så startar det igjen, og det verkar som det kjem meir og meir..... Den første tanken som slo oss var: "Er det eit nytt ras på gong?" Etter alt vi hadde fortalt om raset til ungane, så vart det ikkje fritt for at dei byrja å bli litt redde. Vi slo oss fort til ro med at vi truleg sto relativt trygt - men byrja jo å lure på om det ikkje skulle stanse. Det rasa sikkert i eit par minutt, men så stilna det - heldigvis.

Og samstundes som det er ubehageleg, så er det også litt fascinerande å sjå på slike naturkrefter - så lenge det går bra!!! Men det var ikkje fritt for at vi kikka oss nokre ekstra gonger attende då vi gjekk ned att frå hytta.....



Det er nok sikkert ikkje uvanleg at det kjem sånne småras i ny og ne, så la ikkje dette hindre deg i å ta turen. Eg kan love deg ein spektakulær tur som definitivt er verdt slitet oppover!


Nokon hadde visst tatt med seg rikeleg med vin og hadde litt til overs! 

Utsikta må berre nytast! 

tirsdag 2. april 2019

Rundttur Bergen sentrum - Stolzekleiva - Fløien


Helgetur til Bergen kan by på så mykje - men når sola skin frå blå himmel og det er søndag - ja, då må vi ut på tur! Det tenkte visst halve Bergen også - for det var eit yrande folkeliv i stiane og vegane. Omgrepet "søndagstur" er tydelegvis framleis like gjeldande!


Stoltzekleiven har lenge stått ugjort på "to do" - lista vår over turar vi vil gå, så den var peika ut som dagens turmål. På ut.no fann vi ei fin runde der vi kunne gå rett frå hotellet vi budde på - Rundtur om Stoltzekleiven og Sandviksfjellet - og som då sjølvsagt gjekk via Stoltzekleiven.

Klar for trappetur!
Vi har gått nokre trappeturar og for ungane (og oss sjølve.....) er det  litt interessant å vite kor mange trappetrinn det EIGENTLEG er. Og kva kan vi rekne som trappetrinn? For her var mange variantar av det ein kunne definere som trinn oppover: "Er dette trapp, mamma?" "Kva med dette då?" "Kva skal vi telje med?" "Kor mange trappetrinn er det?"

Vi kom ut av tellinga, men visste at det i alle fall var færre trinn enn trappene i Høyanger og Tusentrinnstrappa i Selje. Men nøyaktig kor mange trinn det var, sleit vi litt med å finne ut av. Googlesøk har stadfesta at det tydelegvis ikkje er heilt enkelt å einast om dette - det varierte frå 700 - 900 alt etter kva nettside eg fann. Men det truleg mest nøyaktige svaret fann eg sjølvsag på heimesida til Stotzekleiven Opp - www.stoltzen.no. Der sto det i ein artikkel

"Mellom start og mål er det ca. 800 trinn (med tretrappetrinnene), en høydeforskjell på 315,5 meter og nydelig utsikt over Bergen sentrum. En telling av trappetrinnene foretatt i 2003 av Snorre Sebastian Slettemark ga 801 trappetrinn:

  • Det er 669 sikre steintrappetrinn i løypen. Et sikkert trappetrinn er et trinn du tydelig ser er lagt der for å fungere som et trappetrinn.
  • Det er 100 tretrappetrinn i løypen, og disse kommer mot slutten.
  • Det er 32 usikre trappetrinn opp. Et usikkert trappetrinn er et trinn som ikke er lagt der, men en stor stein midt i trappen, et trinn et lite stykke utenfor resten av trappen eller et veldigt lavt/tynt trinn.
Antallet varierer med hvor mange usikre trappetrinn du tar med. I Snorre Sebastian Slettemark sin telling ble det 801 trinn med de usikre, men dette varierer etter hvor mangen usikre trinn man tar med. Noen av trappetrinnene var så usikre at det ble valgt å ikke ta dem med." 
Ikkje rart vi kom ut av tellinga med alle desse usikkerheitane.... 😉

Trapp eller ikkje trapp - that's the question!

Melkesyren heiter det på eit punkt undervegs - og det kan eg love deg at du får om du spring oppover! Og her var det i alle fall trappetrinn!

Rundturen som vi tok, starta ved foten av Fløibanen, opp dei første svingane og deretter langs Fjellveien til vi kom til startpunktet for Stoltzekleiva. Då hadde vi gått nesten 2,5 km. Opp Stoltzekleiva er det 900 meter og 300 høgdemeter. Litt is i trappene gjorde det litt utfordrande når vi ikkje hadde broddar, men etter ein halv times tid, så var vi oppe og kunne nyte den flotte utsikta frå Sandviksfløyen (383 moh). Deretter gjekk vi opp til Storevatnet og følgde grusvegen til Fløien, for så å gå Fløisvingane ned att til startpunktet. Drøye 10 km vart det totalt sett.

På toppen av Stoltzen!

Flott skue over Bergen by!


Det er mange alternative turruter ein kan velje mellom, men det er god skilting, så ein finn fram nesten uansett!


Om du vil lese meir om turar i Bergen og byfjellene, kan du mellom anna besøke denne nettsida:


Planen vår var eigentleg å kjøpe is når vi kom til Fløien, men køane var uendeleg lange.... Så vi kosa oss i staden med det vi hadde med oss og såg på det yrande folkelivet.







Frå Storevatnet er det mange turmogelegheiter. Vi gjekk vidare mot Fløien. 

Vinterstemning og sol -
kan det bli betre?

På veg ned Fløisvingane med mange flotte utsiktspunkt


mandag 1. april 2019

Om born og turlivet:

Så enkelt kan det seiast, men likevel ha eit stort innhald: 


I LOVE TUR 👪💗
Dette er vel den beste erklæringa vi kan få når vi har tatt ungane med på tur! 
#turglede #motivasjon #barnpåtur