mandag 4. mars 2019

Bonustur til Skaraly - Gaular si dagsturhytte

Dagsturhytta i Gaular ligg i Kårstadskaret mellom Storehesten og Litlehesten. Ein fin stad å søke ly dersom uvèret brått kjem - kanskje derav namnet Skaraly? 

Så vart det brått endå ei dagsturhytte på oss i vinterferien - 4 nye dagsturhytter i løpet av ferien og totalt 5 dagsturhyttebesøk på 1,5 veke! Blir kanskje ei stund til neste gong då ;)

I haust var heile familien henhaldsvis på Storehesten og Litlehesten to søndagar på rad i nydeleg haustvèr. Vi registrerte at dei hadde laga fundamentet for dagsturhytta, men den var ikkje komen på plass. Hytta dukka opp eit par veker etterpå - og kort tid etter var det brått vinter, og då vart det litt vanskelegare å kome seg dit. 

Tur for å inspisere den nye hytta - Skaraly -, sto derfor på "bucketlista" vår for 2019. Vi hadde tenkt oss dette som eit vårprosjekt - når vegen opp til parkeringsplassen var tøya og det var snøfritt opp til hytta. Det var framleis nokre veker fram i tid - trudde vi....

Men i løpet av vinterferien såg eg eit bilete på Instagram av nokon som hadde vore på Skaraly. Då måtte eg sjølvsagt sende melding - gjekk de til fots og kor langt kunne de køyre med bilen? Svaret er fekk tilbake var: Det var tøya heilt opp til parkeringsplassen, og joda, dei hadde gått til fots. Rett nok litt roten påskesnø, så det hadde tatt litt tid - men opp hadde dei kome.

Så når det brått var ein sjanse for å ta denne turen allereie i februar - ja, då kallar eg det ein bonustur!

Vi starta i sol, sveitta oss oppover i snøen i litt meir overskya vèr, men fekk sola att når vi kom til hytta. Det passa veldig bra for hytta er ikkje ferdig og dermed framleis låst. Men vi kunne kose oss lenge ute - i ly for vinden og med nokre solstråler som varma innimellom.

Vårleg i stien i starten til vi passerte Kårstadstølen

Litt  roten snø på veg opp mot Kårstadskaret,. 
Litt meir strabasiøst å ta seg opp til fots i februar enn på normalt sommarføre, men etter vel 2 km og ein times gange var vi framme!

Turskildring: 
Turen har same start som tur til Storehesten og Litlehesten (klikk på linkane lenger oppe i innlegget). Køyr til Bygstad og følg skilting til Storehesten. Bomveg 50 kr, så ta med kontantar eller du kan nytte vipps.

Høgdeskilnad: ca. 200 meter
Lengd: ca 2 km èin veg.
Tidsbruk: ca. 40 - 45 minutt opp (sommarstid...)
Omtale finn du også på hytta si eiga heimeside - klikk her

Kårstadstølen






Så nøgd med å ha kome seg opp - og sola er i ferd med å titte fram igjen! 

Men det var raske endringar i vèret - frå sol til skyer til sol igjen!


Med utsikt mot Litehesten
Storehesten viste seg i alt sitt velde då vi kom ned att