onsdag 20. februar 2019

Synkenhytta - dagsturhytta i Høyanger


Dagsturhyttene i Sogn og Fjordane dukka opp som paddehattar i haust, 
og med det har vi fått nokre nye turmål på bucketlista vår 
- eller "gjeremålslista for turar" om vi skal seie det på godt nynorsk! 

Synkenhytta  i Høyanger har lenge stått på ynskjelista 
- ikkje minst fordi det er eit flott turmål når ein går på ski, 
og dermed lett kan takast som vintertur sjølv om hytta ligg på om lag 600 moh.
Om sommaren kan ein køyre heilt fram til hytta, 
men på vinteren er det ca. 6,5 km å gå på ski for å kome fram. 

Turen startar litt bratt med ein om lag 1,5 km lang oppoverbakke, 
men deretter er det slakt og fint terreng langs Bergsvatnet inn til hytta. 
Fin tur for ungar som er vant til å gå litt på ski! 

Fint og lett skiterreng innover langs Bergsvatnet

Ikkje gå på isen!


Det som er ideelt med Synkenhytta, er at du kan velje ulike måtar for å kome deg dit: 
  • om vinteren kan du gå på ski
  • om sommaren kan du køyre heilt inn til hytta og den har universell tilkomst
  • du kan parkere ved "Flyplassen" og spasere grusvegen langs Bergsvatnet inn til Synkenhytta (knappe 5 km)
  • har du born som ligg/sit i barnevogn, er det ein også ein fin trilletur på grusveg
  • du kan ta med deg syklane og sykle langs Bergsvatnet inn til hytta
  • du kan padle Bergsvatnet i kano eller kajakk inn til hytta
  • Og vil du gjere det til endå meir "fjelltur", kan du parkere ved Grimsosen og først ta turen til Toppenhytta (link), og så følgje stien derifrå og ned til Synken. 
Kort sagt: her kan du velje sjølv kor enkelt eller krevjande du vil gjere det!



Fakta om turen: 
Synkenhytta ligg på Høyangerfjellet. Når du køyrer gjennom Høyanger tettstad, står det skilt til Siplo skisenter (4 km). På vinteren kan du parkere ved parkeringsplassen ved Siplo. Om sommaren kan du køyre lenger, og parkere ved "Flyplassen" ved Bergsvatn og gå derifrå inn til hytta, eller køyre heilt inn til Synkenhytta (avgrensa tal parkering). Det er fin grusveg langs vatnet.

Kartutsnitt frå ut.no som syner parkering (P) på vinteren. Skiløypa følgjer grusvegen inn til hytta ved enden av Bergsvatnet - hytta er merka med trekant. 


Ankomst Synkenhytta etter 6-7 km på ski



Noko av det kjekke med dagsturhyttene, er det nynorske turbiblioteket. Kjekt å plukke med seg ei bok å lese litt frå medan ein et nista si. Denne gongen var det ei vitsebok som fekk merksemda vår!




Dei fleste ungar synast det er kjekt å klatre opp på hemsen - så også våre ungar - så nista blei inntatt på hemsen med god utsikt: 
Vi nyt utsikta frå hemsen



Dersom du frys på beina, kan du låne deg eit par tøflar medan du er der. NB! Hugs at du må ta av deg skoa før du går inn i dagsturhyttene - og pass på at det er reint og ryddig når du går!



Utsikt over Bergsvatnet frå taket på dagsturhytta


1 kommentar:

  1. Dagsturhyttene er et kjempefint tiltak å benytte seg av! Kjekt å komme fram til et mål og kunne spise nista innendørs om det er litt kaldt ute. Så dere er heldige! Ser ut som om dere har spreke unger også. Å starte med en lang motbakke er ikke like enkelt for alle. Jeg venter på mer snø og kuldegrader. Det har vært mye mildvær i det siste.

    Ønsker deg en fin torsdag!

    Klem

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!