tirsdag 26. februar 2019

Stedjestova - Sogndal si dagsturhytte


Turopplevingar blir ikkje alltid slik som tenkt, 
men blir fine turminner likevel: 

Vinterferie og litt varierande vèr. 
Yr.no vert saumfart for å finne godvèret: 
er det best i indre Sunnfjord, på kysten eller indre Sogn? 
I Sunnfjord er i det i alle fall meldt regn - likeså på kysten. 
I Sogn derimot - der kan det sjå ut som det kan bli ganske så fine dagar. 

Slik såg det ut ei stund i alle fall - 
og eg lanserte ideen om Sogndalstur for ungane: 
kva med dagsturhyttebesøk, shopping og pizza på Pizzabakeren? 
Ideen var ikkje så vanskeleg å selje, 
og tur vart bestemt!

Så kom vi til dagen før dagen, og den flotte sola var i ferd med å forsvinne frå yr.no. 
Det var framleis meldt litt sol - faktisk delvis sol meir eller mindre heile dagen. 
Så kom kvelden før - og sola forsvann endå meir frå varselet. 
Morgonen for avreise fann stad, sjekka spent vèret og vart skuffa: 
i beste fall kunne det kome glimt av sol ut på ettermiddagen. 

Men turen var bestemt, og det var ikkje noko stor fjelltur å snakke om 
- så vi kunne tole både litt skodde og litt regn. 

Turmålet var Stedjestova i Sogndal
- kommunen si dagsturhytte plassert på stien opp til Stedjeåsen.

Turskildringa var enkel:
Parker ved Stedje kyrkje.
Aust for bustadfeltet Stedje startar stien opp til Stedjeåsen.
Følg denne og halvvegs til toppen ligg hytta.
1 km og 250 høgdemeter.

På ut.no er hytta teikna inn med blå firkant heilt ved toppen av Stedjeåsen. Dette er feil. Hytta ligg om lag der eg har sett inn ein raud ring på stien, på ca. 300 høgdemeter. 

Eg sjekka ferske bilete på Instagram både frå Sogndal og dagsturhytta,
og fann ut at det ikkje skulle vere noko probem å gå opp med tanke på snø.
Det var faktisk nokon som var på tur til hytta dagen før vi skulle dit.

Ved ankomst Sogndal kunne vi konstantere: 
- regnet som skulle kome om natta, var våt nysnø i staden
- tåka låg delvis over den vakre fruktbygda
- nokre lette regndråpar leika seg i lufta

Men alle kjenner regelen: det finnes ikke dårlig vær.....



Vi parkerte derfor ved Stedje kyrkje/Stedje barnehage og gjorde oss klar. 
Det sto fint skilt om Stedjestova og kva retning vi skulle gå. 
Den største utfordringa oppdaga vi snart: 
all sti og tidlegare trakka spor, var no dekka av våt nysnø.

Tung nysnø hadde viska ut alle spor.

Framleis på rett spor.....
Vi fann tidvis merking, og det var nokon som hadde gått der før oss same dag.
Derfor var det veldig greitt å trakke i dei oppgåtte spora,
i alle fall eit godt stykke på veg....
Men på eit tidspunkt byrja vi å undre oss: 
Går ikkje desse spora for mykje bortover og for lite oppover? 
Kor er merkinga blitt av? 
Ein kikk på ut.no viste også at vi truleg var på veg vekk frå stien til Stedjeåsen. 

Vi valte likevel å gå litt vidare i dei opptrakka spora, og brått var vi igjen inne på ein godt merka sti.
Då tenkte vi at vi var på rett veg, men likevel undrast vi på om vi ikkje nærma oss hytta snart?
Vi hadde jo gått eit godt stykke lenger enn den eine kilometeren det skulle vere til hytta.
Vi var også komt på nærare 400 høgdemeter og hytta skulle vere på ca. 300 moh. 
Dette stemte ikkje.... 

Eg likar IKKJE å gje opp eit turmål.......,
men nokre gonger er det lurt både å følgje magekjensla og fornuften,
så vi valte å snu og gå attende. 

MEN; vi gjorde ein avtale om at vi skulle ta ein nærare sjekk ved det punktet der vi byrja å lure på om vi var på rett veg: 
eg meinte nemleg at eg hadde sett antydning til sti under snøen på bakken. 

Vel tilbake til det store treet der vi hadde stoppa og undra oss, 
gjekk eg eit lite stykke oppover for å sjekke om eg fann noko spor av sti.
Og ganske rett - under snøen var det eigentleg tydelege spor etter ein brei og god sti.
Ungane følgde etter, og berre etter eit par hundre meters gange høyrde eg Sanna Oliva rope:

"Der er taket på hytta, mamma!"

Så nære hadde vi vore, og likevel på veg så langt vekk frå den....




var det deilig å kunne trampe av seg snøen, snøre av seg skoa, 
gå inn i hytta, opp på hemsen og kose oss med niste og varm saft!

Det einaste skåret i gleda, var at vi gjerne skulle hatt litt betre sikt....

Varm saft med utsikt mot tåka!

Litt utsikt over fjorden vekk vi etterkvart! 


Som turmål, har Stedjestova mange fellestrekk med dagsturhytta Gyttakvia i Førde:
- ca. 1 km lengde, 250 høgdemeter, stien er grei, men litt bratt nokre stader, hyttene ligg undervegs til eit anna større turmål (Stedjeåsen/Viefjellet) og hyttene har utsikt over sentrum av bygda/byen.

Også denne hytta blir nok eit populært turmål
- ikkje minst for barnefamiliar.

Eit flott lågterskeltilbod! 

Og berre for å ha det sagt:
Det er nok ingen probem å finne stien til hytta når det ikkje er snø.
Den kunne sjå ut til å vere godt opptrakka, og eg har fått nyss om at den skal merkast med blå band.


Fast plass på hemsen! 
Frå nynorskbiblioteket


Og dagens lærdom:
1. Yr.no skiftar meining på kort varsel (det visste eg eigentleg frå før)
2. Ikkje tru at opptrakka spor fører deg dit du har tenkt deg!  









Utsikta til fruktbygda Sogndal fekk vi på returen ned att. Og vi kunne ake i snøen nedover!


1 kommentar:

  1. Slik kan det gå av og til. MEN det gjelder å ikke gi seg. Håper pizzaen smakte! De ny-innkjøpte felle-skiene mine bestod prøven. Veldig kjekt å slippe alt klinet med klister da. Men nå ønsker jeg meg mer snø. Det er den fineste tida for ski nå utover.

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!