fredag 8. februar 2019

52 turar i Sunnfjord kommune i 2019

Laukelandshesten i Dalsfjorden - kanskje blir det ein av dei 52 turane i Sunnfjord kommune i 2019!
Dette er ein kremtopp som eg på det sterkaste vil anbefale om du ikkje har vore der! 

Vi er allereie godt i gong med 2019, 
og for oss som bur i kommunar som skal slå seg saman med andre kommunar, 
nærmar den magiske datoen 01.01.2020 seg med stormsteg! 

Sjølv er eg i høgste grad involvert i kommunereforma. 
Som innbyggjar bur eg i ein kommune som skal slå seg saman med 3 andre kommunar.
Som arbeidstakar har eg for tida delar av stillinga mi knytt opp til arbeidet med kommunesamanslåinga. 

For vår del handlar det om at kommunane 
Førde, Gaular, Jølster og Naustdal blir til: 

Prosjekt Sunnfjord


Noko av det vi jobbar med, er å skape identitet til den nye kommunen blant innbyggjarane. 
Derfor fann eg ut at eg skulle setje i gong prosjektet:

52 turar i Sunnfjord kommune i 2019

Formålet med prosjektet er at folk skal bli betre kjent med turområda i Sunnfjord kommune. 
Mange er godt kjend med turane i eigen kommune, men kanskje ikkje fullt så godt kjent i dei andre kommunane. 

Dagsturhytta Fjellro på Skei 

Målsettingane og vilkåra for å vere med prosjektet er enkle:
 
  1. Gå 52 ULIKE turar i Sunnfjord kommune i 2019
  2. Det må vere minst èin tur i kvar av dei 4 kommunane Førde, Gaular, Jølster og Naustdal
  3. Kva som vert rekna som tur, bestemmer du sjølv. Det er opp til deg sjølv å velje lengd og vanskegrad. 
I tillegg oppmodar eg om at ein gjerne går nye turmål som ein ikkje har gått før. Det er jo litt av poenget med å bli kjent i Sunnfjord kommune. 

Inviter gjerne med andre på tur - slik kan vi vise kvarandre nye turmål!

For inspirasjon til turmål, kan de sjølvsagt leite her på bloggen: 

Eit anna tips er sjølvsagt å bruke den nye Oppturboka - Opptur Indre Sunnfjord. Her finn du tips til 166 fotturar i dei 4 kommunane. 

Prosjektet har eiga facebookgruppe: https://www.facebook.com/groups/746317122412773/

Brukar du instagram, kan du bruke og/eller følgje hashtaggen: #52turarisunnfjordkommunei2019

OG - om du synast det høyres mykje ut med 52 turar, så er det lov til å vere med i prosjektet uansett:) 

Prosjektet er også omtala på heimesidene til Sunnfjord kommune: 

Eg stressar ikkje med å nå dei 52 turane endå - så langt har eg notert 5 ulike turar: 

Tur 1/52: Dagsturhytta Gyttakvia i Førde

Tur 2/52: Eikelandsstølen - på sørsida av Hestafjorden i Gaular

Tur 3/52: Hodelykttur til Hafstadfjellet

Tur 4/52: Fottur til Hornnesstølen i Førde ved solnedgang

Tur 5/52: Skitur rundt Gjøsetstølen på Langeland skisenter i Gaular



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!