tirsdag 26. februar 2019

Stedjestova - Sogndal si dagsturhytte


Turopplevingar blir ikkje alltid slik som tenkt, 
men blir fine turminner likevel: 

Vinterferie og litt varierande vèr. 
Yr.no vert saumfart for å finne godvèret: 
er det best i indre Sunnfjord, på kysten eller indre Sogn? 
I Sunnfjord er i det i alle fall meldt regn - likeså på kysten. 
I Sogn derimot - der kan det sjå ut som det kan bli ganske så fine dagar. 

Slik såg det ut ei stund i alle fall - 
og eg lanserte ideen om Sogndalstur for ungane: 
kva med dagsturhyttebesøk, shopping og pizza på Pizzabakeren? 
Ideen var ikkje så vanskeleg å selje, 
og tur vart bestemt!

Så kom vi til dagen før dagen, og den flotte sola var i ferd med å forsvinne frå yr.no. 
Det var framleis meldt litt sol - faktisk delvis sol meir eller mindre heile dagen. 
Så kom kvelden før - og sola forsvann endå meir frå varselet. 
Morgonen for avreise fann stad, sjekka spent vèret og vart skuffa: 
i beste fall kunne det kome glimt av sol ut på ettermiddagen. 

Men turen var bestemt, og det var ikkje noko stor fjelltur å snakke om 
- så vi kunne tole både litt skodde og litt regn. 

Turmålet var Stedjestova i Sogndal
- kommunen si dagsturhytte plassert på stien opp til Stedjeåsen.

Turskildringa var enkel:
Parker ved Stedje kyrkje.
Aust for bustadfeltet Stedje startar stien opp til Stedjeåsen.
Følg denne og halvvegs til toppen ligg hytta.
1 km og 250 høgdemeter.

På ut.no er hytta teikna inn med blå firkant heilt ved toppen av Stedjeåsen. Dette er feil. Hytta ligg om lag der eg har sett inn ein raud ring på stien, på ca. 300 høgdemeter. 

Eg sjekka ferske bilete på Instagram både frå Sogndal og dagsturhytta,
og fann ut at det ikkje skulle vere noko probem å gå opp med tanke på snø.
Det var faktisk nokon som var på tur til hytta dagen før vi skulle dit.

Ved ankomst Sogndal kunne vi konstantere: 
- regnet som skulle kome om natta, var våt nysnø i staden
- tåka låg delvis over den vakre fruktbygda
- nokre lette regndråpar leika seg i lufta

Men alle kjenner regelen: det finnes ikke dårlig vær.....



Vi parkerte derfor ved Stedje kyrkje/Stedje barnehage og gjorde oss klar. 
Det sto fint skilt om Stedjestova og kva retning vi skulle gå. 
Den største utfordringa oppdaga vi snart: 
all sti og tidlegare trakka spor, var no dekka av våt nysnø.

Tung nysnø hadde viska ut alle spor.

Framleis på rett spor.....
Vi fann tidvis merking, og det var nokon som hadde gått der før oss same dag.
Derfor var det veldig greitt å trakke i dei oppgåtte spora,
i alle fall eit godt stykke på veg....
Men på eit tidspunkt byrja vi å undre oss: 
Går ikkje desse spora for mykje bortover og for lite oppover? 
Kor er merkinga blitt av? 
Ein kikk på ut.no viste også at vi truleg var på veg vekk frå stien til Stedjeåsen. 

Vi valte likevel å gå litt vidare i dei opptrakka spora, og brått var vi igjen inne på ein godt merka sti.
Då tenkte vi at vi var på rett veg, men likevel undrast vi på om vi ikkje nærma oss hytta snart?
Vi hadde jo gått eit godt stykke lenger enn den eine kilometeren det skulle vere til hytta.
Vi var også komt på nærare 400 høgdemeter og hytta skulle vere på ca. 300 moh. 
Dette stemte ikkje.... 

Eg likar IKKJE å gje opp eit turmål.......,
men nokre gonger er det lurt både å følgje magekjensla og fornuften,
så vi valte å snu og gå attende. 

MEN; vi gjorde ein avtale om at vi skulle ta ein nærare sjekk ved det punktet der vi byrja å lure på om vi var på rett veg: 
eg meinte nemleg at eg hadde sett antydning til sti under snøen på bakken. 

Vel tilbake til det store treet der vi hadde stoppa og undra oss, 
gjekk eg eit lite stykke oppover for å sjekke om eg fann noko spor av sti.
Og ganske rett - under snøen var det eigentleg tydelege spor etter ein brei og god sti.
Ungane følgde etter, og berre etter eit par hundre meters gange høyrde eg Sanna Oliva rope:

"Der er taket på hytta, mamma!"

Så nære hadde vi vore, og likevel på veg så langt vekk frå den....




var det deilig å kunne trampe av seg snøen, snøre av seg skoa, 
gå inn i hytta, opp på hemsen og kose oss med niste og varm saft!

Det einaste skåret i gleda, var at vi gjerne skulle hatt litt betre sikt....

Varm saft med utsikt mot tåka!

Litt utsikt over fjorden vekk vi etterkvart! 


Som turmål, har Stedjestova mange fellestrekk med dagsturhytta Gyttakvia i Førde:
- ca. 1 km lengde, 250 høgdemeter, stien er grei, men litt bratt nokre stader, hyttene ligg undervegs til eit anna større turmål (Stedjeåsen/Viefjellet) og hyttene har utsikt over sentrum av bygda/byen.

Også denne hytta blir nok eit populært turmål
- ikkje minst for barnefamiliar.

Eit flott lågterskeltilbod! 

Og berre for å ha det sagt:
Det er nok ingen probem å finne stien til hytta når det ikkje er snø.
Den kunne sjå ut til å vere godt opptrakka, og eg har fått nyss om at den skal merkast med blå band.


Fast plass på hemsen! 
Frå nynorskbiblioteket


Og dagens lærdom:
1. Yr.no skiftar meining på kort varsel (det visste eg eigentleg frå før)
2. Ikkje tru at opptrakka spor fører deg dit du har tenkt deg!  









Utsikta til fruktbygda Sogndal fekk vi på returen ned att. Og vi kunne ake i snøen nedover!


mandag 25. februar 2019

Naustdal si dagsturhytte - Steinkorshytta - fint plassert på eitt av favorittfjella!

Steinkorshytta ved fjellet Steinkorsen i Naustdal

Når vinterferievèret er lite å skryte av, 
så må vil velje tidspunkt for tur med omhu! 
Onsdag i vinterferieveka var det meldt litt sol tidleg på dag, 
så då nytta vi sjansen til å ta ein tur og kikke på Steinkorshytta i Naustdal.


Om eg skal plukke meg ut nokre favorittfjell i Sunnfjord, 
så kjem Steinkorsen (762 moh) i Naustdal høgt på lista.
(sjå fleire turinnlegg frå Steinkorsen her og her
Dette er ein tur vi har gått mange gonger - både til fots, på truger og på ski. 
Turen er passe lang som kvardagstur - 6 km t/r - 
og du har flott utsikt over Førdefjorden frå første steget du tar. 
Du går forbi 2 stølar undervegs - Kringlestølen og Mallasvikstølen - 
og du er også like ved Sælastølen. 
Du passerer også eit vatn - Kringlevatnet (650 moh) som er fint å bade i på sommaren. 
Er det ein solskinsdag, så er sjansen stor for at du har sola med deg heile turen. 

Rett før toppen har Naustdal kommune no valt å plassere si dagsturhytte, 
og ikkje uventa har den då fått namnet "Steinkorshytta". 
Steinkorsen er allereie blitt eit populært turmål for sunnfjordingar, 
og no blir det truleg endå fleire som tar turen dit.



Skal du plukke deg ut èin tur å gå i Naustdal i år,
så er Steinkorsen og Steinkorshytta ein tur du ikkje vil angre på!
#52turariSunnfjordkommunei2019

Turskildring: 
Kartutsnitt som viser kor hytta ligg. Steinkorshytta er teikna inn med blå firkant. Turstart ved garden Kringla. 

Turen startar på Kringla - ein høgdegard rett vest for Naustdal sentrum. Det er 3 km å køyre opp dit, og du startar turen på ca. 300 moh. Det er laga til parkering for 3-4 bilar rett før du kjem fram til tunet. Gå vidare opp mot løa, der ser du skilt til Steinkorsen (3 km), Vindkjegla (3,2 km) og Blåfjellet (7,1 km). 
Straks ankomst Kringlestølen og vi har gjort unna den tyngste bratta. 
Det er noko bratt opp til Kringlestølen på 520 moh som du kjem til etter 15-20 minuttars gange. Du går først gjennom noko granskog, men deretter er det heile vegen ei fantastisk utsikt over Førdefjorden og Heilebergmassivet. Etter Kringlestølen, flatar stien meir av, og du går i lett terreng vidare til Mallasvikstølen. Deretter går du i nordvestleg retning vidare opp til Kringlevatnet - passerer dette på austsida, og går i jamn stigning til Steinkorsen. Dagsturhytta ser du eit par hundre meter frå toppen. 

Det er god sti og merking, så det er lett å finne fram. Det går stort sett folk der også på vinteren - anten til fots, på truger eller ski, så du finn som regel spor å gå etter. 





Vi kosa oss stort på heile turen. 
Det hadde frose om natta, så snøen bar oss på veg oppover. 
Vi hadde med truger, men dei fekk vi ikkje bruk for. 
Vi gjekk først til toppvarden, før vi returnerte attende til hytta for litt påfyll av mat. 
Sola viste seg meir enn vi forventa, 
og dette vart ein dag med skikkeleg energipåfyll for kropp og sjel. 
Denne turen tar vi nok garantert fleire gonger i år! 

Og med ein så flott tur og dag, så blir det fort litt biletespam frå turen ;) 
Kos dykk - og bli inspirert til å ta turen! 







Nynorskbiblioteket er på plass! 


Lesestund på hemsen


På veg heim att

Mallasvikstølen

onsdag 20. februar 2019

Synkenhytta - dagsturhytta i Høyanger


Dagsturhyttene i Sogn og Fjordane dukka opp som paddehattar i haust, 
og med det har vi fått nokre nye turmål på bucketlista vår 
- eller "gjeremålslista for turar" om vi skal seie det på godt nynorsk! 

Synkenhytta  i Høyanger har lenge stått på ynskjelista 
- ikkje minst fordi det er eit flott turmål når ein går på ski, 
og dermed lett kan takast som vintertur sjølv om hytta ligg på om lag 600 moh.
Om sommaren kan ein køyre heilt fram til hytta, 
men på vinteren er det ca. 6,5 km å gå på ski for å kome fram. 

Turen startar litt bratt med ein om lag 1,5 km lang oppoverbakke, 
men deretter er det slakt og fint terreng langs Bergsvatnet inn til hytta. 
Fin tur for ungar som er vant til å gå litt på ski! 

Fint og lett skiterreng innover langs Bergsvatnet

Ikkje gå på isen!


Det som er ideelt med Synkenhytta, er at du kan velje ulike måtar for å kome deg dit: 
  • om vinteren kan du gå på ski
  • om sommaren kan du køyre heilt inn til hytta og den har universell tilkomst
  • du kan parkere ved "Flyplassen" og spasere grusvegen langs Bergsvatnet inn til Synkenhytta (knappe 5 km)
  • har du born som ligg/sit i barnevogn, er det ein også ein fin trilletur på grusveg
  • du kan ta med deg syklane og sykle langs Bergsvatnet inn til hytta
  • du kan padle Bergsvatnet i kano eller kajakk inn til hytta
  • Og vil du gjere det til endå meir "fjelltur", kan du parkere ved Grimsosen og først ta turen til Toppenhytta (link), og så følgje stien derifrå og ned til Synken. 
Kort sagt: her kan du velje sjølv kor enkelt eller krevjande du vil gjere det!



Fakta om turen: 
Synkenhytta ligg på Høyangerfjellet. Når du køyrer gjennom Høyanger tettstad, står det skilt til Siplo skisenter (4 km). På vinteren kan du parkere ved parkeringsplassen ved Siplo. Om sommaren kan du køyre lenger, og parkere ved "Flyplassen" ved Bergsvatn og gå derifrå inn til hytta, eller køyre heilt inn til Synkenhytta (avgrensa tal parkering). Det er fin grusveg langs vatnet.

Kartutsnitt frå ut.no som syner parkering (P) på vinteren. Skiløypa følgjer grusvegen inn til hytta ved enden av Bergsvatnet - hytta er merka med trekant. 


Ankomst Synkenhytta etter 6-7 km på ski



Noko av det kjekke med dagsturhyttene, er det nynorske turbiblioteket. Kjekt å plukke med seg ei bok å lese litt frå medan ein et nista si. Denne gongen var det ei vitsebok som fekk merksemda vår!




Dei fleste ungar synast det er kjekt å klatre opp på hemsen - så også våre ungar - så nista blei inntatt på hemsen med god utsikt: 
Vi nyt utsikta frå hemsen



Dersom du frys på beina, kan du låne deg eit par tøflar medan du er der. NB! Hugs at du må ta av deg skoa før du går inn i dagsturhyttene - og pass på at det er reint og ryddig når du går!



Utsikt over Bergsvatnet frå taket på dagsturhytta