torsdag 3. januar 2019

Gyttakvia - Førde si dagsturhytte


Første dagen i 2019 starta med ruskete vêr, men vi fekk likevel ein fin start på turåret med besøk til den nye dagsturhytta i Førde - Gyttakvia.

Hytta har vore eit populært utfartsmål i jula 2018, og hytta har også fått eiga facebookside. Bilete syner at folk har kosa seg både inni og utanfor hytta - og det er mange som har tatt turen med hovudlykt på kveldstid for å nyte "Førde by night". Tippar dette vert ein av dei mest populære turane i Førde i 2019!

Formålet med dagsturhyttene er at det skal vere eit lågterskeltilbod for turgåarar. Dei skal bidra til å få folk flest ut i aktivitet, og hyttene er ein plass der ein kan ete matpakka si, få litt varme i seg på kjølige eller ruskete dagar og samstundes slappe av med å bla i bøker. Kvar hytte skal nemleg ha sitt eige nynorske turbibliotek. Med dette formålet, er hyttene ein perfekt familieaktivetet der sjølv små born kan gå på eigne bein til hyttene.

Gyttakvia lever absolutt opp til formålet - passe langt å gå slik at dei fleste kan ta turen, men også stigning nok til at dei sprekaste kan få pusten opp om dei vil. Hytta byr også på flott utsikt over Førde - som vert endå betre når dei får rydda litt meir skog. Hytta kom på plass rett før jul (2018), og det er såleis litt som gjenstår før den er heilt ferdig. Men den er opna slik at folk kan gå inn, mange bøker til turbiblioteket er på plass sjølv om hyllene manglar - og det går fint an å ta seg ein rast i eller utanfor hytta. Den offisielle opninga av hytta vert 27.04.19 kl 13.00 med Aleksander Gamme til stades.


Slik finn du fram: 
Du finn turskildring på ut.no: https://www.ut.no/tur/2.24157/

Kartutsnitt frå ut.no som viser turmålet og startpunkt i forhold til Førde sentrum. 

Startpunkt: parkering ved Vieåsen barnehage/aktivitetsparken i Vieåsen
Lengd: ca. 2 km t/r
Tidsbruk: ca. 30 min opp
Høgdeskilnad: 55 moh - 251 moh

Frå parkeringa ved Vieåsen aktivitetspark, går du til høgreopp den bratte gangvegen langs skogen.
Ved toppen av den bratte gangvegen, viser det skilt vidare til Viefjellet (2,2 km).
Denne stien skal du også følgje for å kome til dagsturhytta. 

Fin sti gjennom skogen mot Gyttakvia.
Men den blir fort gjørmete og skitten etter dagar med regn.
Vonaleg blir det gjort noko med stien etterkvart!  

Ankomst Gyttakvia 01.01.19 i lett snødrev. Då var det godt å ta av seg skoa og gå inn i hytta. 
Fuktig både ute og inne - men vi tørka av så vi fekk litt av utsikta innafrå også! 

Litt meir rydding av skogen - så blir det flott utsikt over Førde sentrum



Litt bøker er kome på plass i biblioteket. Her kan du t.d. sitje og planleggje nye turmål med Opptur Indre Sunnfjord




Fin plass å ete nista si! 
Ei lita oppmoding til slutt: 
Fint om alle som vitjar dagsturhyttene, tar av seg skoa før ein går inn i hytta, og ryddar/kostar etter seg når ein går ut att! Så held vi hyttene reine og fine lenger - og det blir ei god oppleving for alle å kome til hytta.

Turen til Gyttakvia er for øvrig tur nr. 1 av 52 turar i Sunnfjord kommune i 2019. Meir om dette prosjektet kan du lese om her: https://www.facebook.com/events/286358368689978/
Bli gjerne med du også!