tirsdag 31. desember 2019

Godt nytt turår i 2020!


Med glimt frå dei best likte bileta på Instagram takkar vi for turåret 2019 - som verkeleg innfridde alle forventningar og meir til - og ynskjer alle fine lesarar eit godt turår i 2020! 

@fjelluft16

@steffenjfoto


@detgodelivpaaknausen

tirsdag 24. desember 2019

Fjelluft sin julekalender - luke 24: Sørefjordhytta og Hesjetinden (492 moh)

I Fjelluft sin julekalendar vil eg vise smakebitar frå turar vi har tatt i 2019. 
Kvar dag frå 1. desember - 24. desember viser eg eit nytt turmål frå året som har gått. 
Det vert ikkje turskildringar, men har du spørsmål om turmåla, så ta gjerne kontakt. 
Håpar julekalendaren kan inspirere til å planlegge fjellsesongen 2020! 

Vi åpnar dagens luke: 

Luke 24: Sørefjordhytta og Hesjetinden (492 moh)
Nissane på Sørefjordhytta helsar GOD JUL til alle blogglesarar! 

Turen på sjølvaste julaftane, blir ei heilt fersk turoppleving
- og som for oss vart den ultimate start på juleferien!
To dagar før julaftan fekk vi eit nytt og flott turmål på lista vår,
og dagsturhytte nr. 18 kunne loggførast.

Turen gjekk nemleg til dagsturhytta i Hyllestad - Sørefjordhytta -
og vidare til toppen Hesjetinden (492 moh).

Turskildring til Sørefjordhytta finn du her,
Vi starta turen frå Akse.
Herifrå er det ein knapp kilometer til dagsturhytta (20 min gangtid),
og 2,8 km til Hesjetinden.

Det flotte med dagsturhytta og turen vidare til toppen, er utsikta du får mot Lihestenmassivet.
Makan til fjellmassiv ved kysten skal du sjå lenge etter!

Denne hytta seglar opp som ein av favorittane!

Ungane står og og studerer Lihestenmassivet, med Gygrekjeften til venstre. Der har vi også vore! 


Velkomen inn! 
Vi skal vidare til Hesjetinden som er toppen bak hytta på biletet. 

På veg oppover


Tid for matpause

Velfortent tittel til ei sprek turjente! 
På veg ned att dukka sola opp - på sjølvast solsnudagen 2019! 

Vi leikar oss med bøllebokstavar! Dessverre mangla både T'ar og S'ar, så vi kunne verken skrive dagsturhytte eller Sørefjordhytta :( 

Og med ein sjeldan selfie, ynskjer også eg (vi) GOD JUL til alle trufaste lesarar! 




mandag 23. desember 2019

Fjelluft sin julekalender - luke 23: Skredfjellet (812 moh)

I Fjelluft sin julekalendar vil eg vise smakebitar frå turar vi har tatt i 2019. 
Kvar dag frå 1. desember - 24. desember viser eg eit nytt turmål frå året som har gått. 
Det vert ikkje turskildringar, men har du spørsmål om turmåla, så ta gjerne kontakt. 
Håpar julekalendaren kan inspirere til å planlegge fjellsesongen 2020! 

Vi åpnar dagens luke: 

Luke 23: Skredfjellet (812 moh)
Skredfjellet (812 moh)

Dagen før dagen byr eg på eit grensefjell -
eit fjell som framleis vil vere grensefjell også etter 01.01.2020.
I dag ligg fjellet på grensa mellom Gaular og Fjaler kommune  -
og er for øvrig Fjaler sin kommunetopp.
Frå 01.01.2020 vil det vere grensefjell mellom Fjaler kommune og Sunnfjord kommune.

Det nærmar seg ny kommune med stormskritt og for oss som aktivt har jobba med kommunesamanslåinga eit par år, så er 01.01.2020 ein dato vi har venta lenge på!

"Saman blir drivande gode" er visjonen til nye Sunnfjord kommune.
Det betyr ikkje at vi ikkje er gode i dag, men saman - 4 som blir til 1 - skal vi bli endå betre!
Det skal vere noko å strekkje seg mot!

Og verdiane våre gjenspeglar det same:
Saman er vi EIN:
Engasjert
Inkluderande
Nær

Video om visjonen og verdiane våre, ser du ved å klikke her.
Vi har også fått vår eigen song: Vi her inst (klikk for å høyre)

Vi må sjølvsagt ha eigne huer og panneband med Sunnfjord kommune - våpenet på! Her representert med min versjon av pannebandet på toppen av Skredfjellet. 

Turen til Skredfjellet har vi tenkt på lenge -
og eigentleg litt rart at vi ikkje har gått den før.
Den ligg nemleg ganske greitt tilgjengeleg frå vegen mellom Sygna og Guddalen.
Med start rett ved skiltet som syner kommunegrensa, er turen ca. 3,5 km og tar mellom 1-1,5 time opp.

"Gå på kanten av stupet" 
er omtalen av turen i Opptur Indre Sunnfjord (13-02).
Det gir eit ganske godt bilete av korleis turen er når du først kjem opp på platået mot Steinsetdalen.
Men det opplevast ikkje spesielt luftig, så du treng ikkje otte for høgdeskrekken.

Kort turskildring: 
100 meter frå skiltet som grensa mellom dei to kommunane, går det ein skogsveg oppover lia mot aust. Når denne sluttar, går det ein tydeleg sti vidare.
Når du kjem opp i det som heiter Bjørnabitetbotn, kan stien bli noko utydeleg i myrane. Du siktar deg inn mot det lågaste punktet i skaret som går over til Stordalen. Når du kjem opp i skaret, går det ein tydeleg sti sørover resten av turen til du ser varden på Skredfjellet.

Grensemerke

"Gå på kanten av stupet" - det høyres verre ut enn det er. Men sjå kor fint! 
Flott utsikt over Steinsetdalen

2 stk på toppen som fortener applaus for flott fjellinnsats i 2019§


Og her er Sunnfjord kommune - hua!

søndag 22. desember 2019

Fjelluft sin julekalender - luke 22: Naregga (602 moh)

I Fjelluft sin julekalendar vil eg vise smakebitar frå turar vi har tatt i 2019. 
Kvar dag frå 1. desember - 24. desember viser eg eit nytt turmål frå året som har gått. 
Det vert ikkje turskildringar, men har du spørsmål om turmåla, så ta gjerne kontakt. 
Håpar julekalendaren kan inspirere til å planlegge fjellsesongen 2020! 

Vi åpnar dagens luke: 

Luke 22: Naregga (602 moh)

Naregga i Naustdal er ein lettgått og populær utsiktstur i Naustdal.
Få stader kan du kome så lett til vakre solnedgangar!

Den mest vanlege ruta går frå Mortensbakke, og er omtalt som tur 01-07 i Opptur Indre Sunnfjord.
På ut.no finn du også turskildring, klikk her.

Men i år prøvde vi ei rute som startar ved enden av tunnellen ved Helle i Naustdal.
Denne er sånn delvis merkt, men stien er tydeleg, så kjem ein på rett sport,
så er det ikkje vanskeleg å finne fram!
Etterkvart kjem ein også inn på stien som kjem frå Mortensbakke.

Det er litt avgrensa med parkering ved tunnellopninga,
og ein må ta omsyn til at deler av området er merka med privat grunn.
Ut over det, var dette ei veldig fin turrute.

For eigen del hadde eg berre vore på Naregga ein gong tidlegare og det er rimeleg mange år sidan,
så veldig kjekt med eit gjenbesøk til denne toppen.

Vi gjekk turen i flott oktobersol.

Midt inne i skogen dukka brått dette skiltet opp! 










lørdag 21. desember 2019

Fjelluft sin julekalender - luke 21: Keiservarden i Bodø

I Fjelluft sin julekalendar vil eg vise smakebitar frå turar vi har tatt i 2019. 
Kvar dag frå 1. desember - 24. desember viser eg eit nytt turmål frå året som har gått. 
Det vert ikkje turskildringar, men har du spørsmål om turmåla, så ta gjerne kontakt. 
Håpar julekalendaren kan inspirere til å planlegge fjellsesongen 2020! 

Vi åpnar dagens luke: 

Luke 21: Keiservarden (366 moh)
Frå toppen av Keisarvarden - utsikt mot øya Landegode

I samband med eit landsmøte siste helga i oktober i Bodø, var eg så heldig at eg fekk med meg ein tur på Bodø sitt byfjell - Keiservarden.

Det er fleire vegar til målet, men den mest brukte - sherpastien - finn du turskildring på her. 

Det er noko eige med fjella i nord - dei er rett og slett utruleg vakre.
Og du får lyst til å kome igjen - og igjen - og igjen.
Det er berre 2 år sidan vi var nordover sist, men eg trur jammen vi snart på ta turen att.
Her er så mykje flott natur vi vil utforske!

På toppen av Keiservarden har du 360 graders utsikt så langt auget kan sjå!
Rett og slett nydeleg!

Turen startar på grusveg før den etterkvart går over til sherpatrapper og god sti. 



Litt isete og glatt mot toppen i slutten av oktober. Utsikt mot Bodø sentrum. 

Ei nøgd jente på toppen! 


Topptur i nord må feirast med sprudlevatn! 



fredag 20. desember 2019

Fjelluft sin julekalender - luke 20: 3-fjellstur i Måløy

I Fjelluft sin julekalendar vil eg vise smakebitar frå turar vi har tatt i 2019. 
Kvar dag frå 1. desember - 24. desember viser eg eit nytt turmål frå året som har gått. 
Det vert ikkje turskildringar, men har du spørsmål om turmåla, så ta gjerne kontakt. 
Håpar julekalendaren kan inspirere til å planlegge fjellsesongen 2020! 

Vi åpnar dagens luke: 

Luke 20: Veten (613 moh) - Brurahornet (604 moh)  - Gottrøysa
Bendik Matias nyt utsikta frå dagsturhytta på Kletten og anar lite om at vi hamnar på dei to toppane i himmelsjå neste dag. 

Rett bak Måløy sentrum ligg det nokre fine fjelltoppar som kan kombinerast som ein fin 3- fjellstur. Totalt ca 9 km i lengde, så det er nokså overkommeleg sjølv om det er 3 toppar.

Den eine av desse - Veten (613 moh) - er øya Vågsøy sitt høgaste punkt, og den ruver majestetisk over landskapet og er eit verkeleg flott skue. Turen er ein populær topptur og den har også sitt eige motbakkeløp. Enklaste startpunkt er ved Måløy stadion, og derifrå er det godt skilta og merka til dei ulike turmåla. Nærare turskildring finn du ved å klikke her: Veten, Måløy. Om du ikkje vil gå alle 3 toppane samstundes, er ein tur på Veten å anbefale for ein lettare variant.

På dagsturhytta Kletten låg denne boka. Den las vi høgt og den handla nettopp om dei 3 toppane som vi enda opp med å ta turen til neste dag. 

På veg opp til Veten



Utsikt mot vindmøllene på Mehuken



Brurahornet (604 moh)




Gottrøysa som siste topp

Frå Gottrøysa ser ein fint over Måløy sentrum

Og så var det å ta fatt på vegen "heim". 


Dagen blir fullendt når ein får slik solnedgangar!