onsdag 15. august 2018

Utrulege Skåpet - DNT-hytte


Sonen vår, Bendik Matias (7 år), har eitt sentralt kjennemerke på tur:
Det er at han har med seg ein skistav, og på turen til Skåpet kunne han fortelje:

"Livet er ikkje verdt å leve utan ein stav!"

Han var ikkje gamle karen før han tok staven i bruk på tur, og vi innsåg fort at det var ein viktig motivasjonsfaktor. Starten på "stav-eventyret" har eg skrive om i dette blogginnlegget. Kven hadde trudd at uttrykket "Gi mannen en stav?" skulle få sin renesansse over 25 år etter at Oddvar Brå brakk staven i Holmenkollen?

Staven er ein trufast følgjesven på turar - her frå tur til Søtekollen hausten-17

Skistaven var såleis også med når vi skulle på tur til DNT-hytta Skåpet ved Lysefjorden i slutten av juni-18. Denne hytta eller rettare sagt hyttene har vi sett mange flotte bilete av, og turen har stått på "bucketlista" ei god stund.


Og sjølv om du er midt i kjernen av Lysefjorden, og Skåpet er eit populært overnattingsturmål - så opplevdest det nærast som ei ødemark samanlikna med folkemylderet på Preikestolen

Turen er skildra på ut.no: Vinddalen - Skåpet og er ca. 3,7 km ein veg med ca. 200 høgdemeter stigning. Stigninga er jamn heile vegen, så du merkar knapt at du går oppover!

Dette er ein tur som eignar seg veldig godt for barnefamiliar. Stien består av mykje stein, så det kan vere litt krevjande for dei minste å gå utan ei hand å halde i. Men for ungar som meistrar å balansere og hoppe frå stein til stein, så er dette ypparleg.



Og har du assosisjonar til overfylte fellesrom, sovemadrasser på rad og rekke, lukta av våte klede og mangel på privatliv når du høyrer ordet DNT-hytte - ja, så kan du gløyme alt dette når du drar til Skåpet:

Her kan du leige ditt eige "private" krypinn med panoramavindu og tilgang til badstu og spesialbygd dusj. Med andre ord ein stad der du kan la romantikken blomstre og familieidyllen leve!

Små, ekslusive krypinn med panoramavindauge på baksida
Men hyttene er populære, så du bør vere tidleg ute for å sikre deg overnatting. Folk vi snakka med på turen hadde booka hytte allereie i oktober, og nokre andre vi høyrde om hadde bestilt i januar! Eit lite søk på DNT sin hyttebooking avslørte likevel at det er fullt mogeleg å få leigd seg eit hytte ei veke eller to fram i tid. Og er småhyttene oppbestilt, så kan du liggje i hovudhytta utan å ha bestilt på førehand.

Skåpet ligg for øvrig i rutenettet til Lysefjorden rundt og det er mellom anna berre to timar å gå til Flørli - der du kan kose deg med 4444 trappetrinn!

Her er fleire bilete frå Skåpet - får du ikkje lyst til å ta turen?

På veg innover Vinddalen passer er du ei gamal DNT-hytte. Den står opa, men er ikkje lenger i DNT sitt rutenett.


Ankomst Skåpet og hyttevakta har hengt opp flagget. 


Eit bilete frå innsida av hytta  - moderne og lekkert!



Vi måtte sjølvsagt ta eit bad i vatnet nedanfor hyttane - anbefalast!

2 kommentarer:

  1. Spennende hyttetun! Flotte bilder som vanlig hos deg, og takk for fin informasjon! Jeg koste meg med blogginnlegget ditt denne gangen også!

    Fortsatt god sommer, for i år tar visst ikke sommeren slutt!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det, Ingunn! Ja, det er ei heilt spesiell DNT-hytte(r). Her på Vestlandet er vi dessverre tilbake til normalen - dvs. regn i lange baner. Men har ikkje lov å klage - sommaren har vore fantastisk!

      Slett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!