fredag 6. juli 2018

Folkemylderet Preikestolen (604 moh)

"Veit du, Anita, at folk som går på Preikestolen er ganske uhøflege? Det er ingen som seier hei når vi passerer dei!"

fortalte Sanna Oliva (9 år) til venninna mi som vi var på besøk hos i Stavanger.


Sanna Oliva har skjønt noko viktig - nemleg at når vi går tur på fjellet eller andre stader, så er det høfleg å helse på kvarandre. På Preikestolen derimot - er det eit folkemylder utan like - så det ville rett og slett blitt veldig travelt om alle skulle helse på kvarandre. 

Eg og ungane skulle på Stavangertur - og eitt av turmåla måtte sjølvsagt vere Preikestolen. Det var 10 år sidan eg var der sjølv, og no ville eg ta ungane med til denne turistmagneten. Eg hadde førebudd dei på at det kom til å vere veldig mykje folk, og at vi ville sjå folk som gjekk i småsko med handveska over skuldra. For slik opplevde eg det for 10 år sidan - ville noko vere endra sidan sist? 

VG har ein artikkel om fem fantastiske fjellturer som alle kan klare, og Preikestolen er ein av dei. Dei skriv:

"Preikestolen ved Lysefjorden er kanskje et av Norges mest ettertraktede fotoobjekter og det er ikke få som har en selfie herfra på sosiale medier. Over 250.000 tar turen hvert år og er godt kjent internasjonalt. I november ble det også spilt inn scener til «Mission: Impossible 6» her og CNN har omtalt Preikestolen som en av de største naturopplevelsene du kan oppleve. På toppen – 604 meter over Lysefjorden, har du fantastisk utsikt over fjorden og turen er beregnet til å ta rundt fire timer tur-retur.


Fullt av bilar på parkeringsplassen ved Preikestolhytta, så vi måtte parkere lenger nede. 

Vi er klar for tur!
Vi starta med friskt mot på turen. Vi måtte parkere på den nedste parkeringsplassen, og sjølv om det framleis var god plass der, skjønte vi at her kom det til å bli mykje folk. Det var jamt sig med personar heile vegen - men heldigvis lite kødanning. Det var køtendensar ved Tjødnane - der ligg det eit vatn som mange nytta høvet til å bade i eller ta ein pause ved - men elles så kunne vi gå ganske greitt i eige tempo utan altfor store hindringar. 

Noko av det første vi såg, var derimot ei dame med handveska over skuldra - og eg tenkte: "Ja, ja - her er det lite som har endra seg!". Men heldigvis - denne personen var unntaket i forhold til den folkemassen vi møtte.
Sherpaer har tilrettelagt stien veldig godt!


Skotøyet var også rimeleg bra på dei fleste - folk har skjønt at det kan vere greitt å gå med fjellsko eller joggesko. Såg nokre innslag av converse og andre tøysko, og ved passering av ein godt vaksen mann utbraut Sanna Oliva: 

"Han der mannen gjekk med slike sko som farfar ville ha brukt til dress!"

Eg snudde meg og konstanterte at mannen gjekk i svarte pensko! 

Sidan vi tok turen på ein strålande solskinnsdag, var dei fleste vi møtte også godt nok kledde. Eigenleg litt for godt kledde..... for medan vi lengta etter ein endå kortare shorts og ein endå tynnare singlet, så var det veldig mange som kom både i langbukser og langerma genserar - gjerne med ei jakke utanpå!

Fleire stader undervegs var det informasjonsskilt om turen, og som synte kor langt du var komt

Når det gjeld turskildring til Preikestolen, så er den omtala fleire stader på nettet. Her finn du eit par nyttige linkar: 
Preikestolen på ut.no

Turlengd: Knappe 4 km ein veg og ca. 330 høgdemeter stigning. 


Det er mogeleg å få kjenne på magasuget på Preikestolen
- men opplevast likevel trygt og greit. 
Er det ikkje veldig skummelt å gå på Preikestolen? 
Dette spørsmålet fekk eg av fleire, og ikkje minst - er det ikkje skummelt å vere åleine med ungane der? For min del så vil eg svare heilt klart "Nei!". 

Det meste av turen går i terreng utan nokre luftige punkt - det er først når du nærmar deg sjølve Preikestolen at du merkar dei stupbratte fjellsidene rett ned i fjorden. Her er det derimot gjort mange sikringstiltak med rekkverk og bruer, og sjølve platået er ganske stort. Du vel sjølv kor langt ut på kanten du vil gå.  Mange vel å halde seg innafor den store sprekka i platået. Vi satte oss ganske midt på platået for å ete lunsj og følte oss ganske trygge.

Vi sat relativt trygt midt på platået. Det var kø for å ta bilete ute på kanten. 
Det var fleire som torte seg heilt ut på kanten for å nyte utsikta

Eg kan sjølvsagt ikkje vurdere korleis det opplevast for andre - men det ser ofte verre ut på bilete enn det eigentleg er. Dersom du taklar høgda greitt, vil eg også anbefale å ta turen opp på høgdene over Preikestolen for å få sett den ovanfrå. Det var eigentleg meir spektakulert enn å sitje nede på sjølve stolen - og litt mindre folksamt!
Preikestolen sett ovanfrå

Fin utsikt  innvoer Lysefjorden frå høgda ovanfor Preikestolen. Her var det også mykje mindre folk. 
Rett forbi badeplassen på Tjødnane ligg det ei nødbu. Her kan du ringe nødnummer og få koden til låsen dersom du kjem i dårleg vër og har behov for ly: 


Bruer og kjettingar var sett opp på dei mest utsette og luftige plassane. Mange forelska par har nytta sjansen til å henge opp ein kjærlighetslås på kjettingane. Kva hesteskoen symboliserer er eg meir usikker på. Kanskje lukke?

På returen gjekk vi nedom Preikestolhytta - ikkje minst for å inspisere den nye hytta som ikkje var komen då vi var der i 2008.

Den nye Preikestolhytta har moderne arktitektur og var stor og flott. Den vert også nytta mykje til konferansar. 

Utsikt over gamlehytta og vatnet nedanfor

I varmen smakte det ekstra god med is etter endt tur! 

Velkomen tilbake - vi kjem nok att ein gong!

1 kommentar:

  1. Takk for mange fine bilder og masse info! Alltid kjekt å lese bloggen din. Jeg ser du bruker mye tid for å få innleggene dine så delikate. Kjempebra!

    Fortsatt god tur-sommer!

    Klem

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!