tirsdag 3. juli 2018

Dagturhytta på Fløgen og Hatlesetnipa (583 moh)


Hatlesetnipa (583 moh) har i mange år vore ein av våre kvardagsfavorittar når det gjeld fjellturar. 
Vi har brukt å gå turen frå Hatleset og opp, medan folk frå Florø går oftast frå Grov.
Det ideelle er jo å ta det som ein rundtur, men då bør du ha to bilar tilgjengeleg. 

No har Flora kommune fått opp dagsturhytte på Fløgen.
Hytta ligg på stien frå Grov og opp på Hatlesetnipa. 

Vi har sett mange flotte instagrambilete frå denne dagsturhytta, 
og vi var ikkje i tvil om at ein søndagstur til denne hytta og vidare opp til Hatlesetnipa ville vere god bruk av ein fridag med rimeleg godt vêr!

Slik finn du fram: 
Turen startar frå parkeringsplassen ved Grov Fv 614 mot Svelgen. Ved første avkjørsel på høgre side etter trafostasjonen, er det god plass til parkering ved starten av skogsvegen. 

Turen oppover er ikkje merka, men du følgjer skogsvegen. Det er ein plass der skogsvegen deler seg i to - der skal du gå til venstre. 

Her tar vi av frå skogsvegen og over på sti.
Det er ikkje merka, men stien er tydeleg
Når du nesten er til vegs ende på skogsvegen, går det ein tydeleg sti til venstre. Her kunne det godt vore eit lite merke, men det er det ikkje, så du må berre følgje godt med på vegen oppover. Stien er så pass tydeleg at når du ser den, så er du ikkje i tvil om at det er den rette stien. Vidare derifrå er det god sti opp til hytta og vidare til Hatlesetnipa. 

Vi sakna litt enkel merking på nokre viktige punkt, men det kjem forhåpentlegvis på plass etterkvart. Men dersom du er obs på det vi har presisert over, så skal det gå greitt å finne fram. Dersom du nyttar appen til ut.no, kan du også laste inn turskildringa og følgje med på kartet om du er på rett veg.  

Lengd: 
Ca. 2 km til dagsturhytta som ligg på 468 moh
Ca. 3 km frå Grov til Hatlesetnipa (583 moh)

Både frå dagsturhytta og frå toppen av Hatlesetnipa har du fantastisk utsikt til Nordalsfjorden, austover mot Eikefjord, vestover mot Florø og øyane og øyane i vest og sør. 

Mange kjekke trær å klatre i på veg gjennom skogen!

Titt tei!
To som næmar seg første mål på turen - dagsturhytta!

Flott utsikt frå hytta mot øyane utanfor Florø!

Inne i hytta kan du sitje på hemsen og
nyte utsikta om det er dårleg vêr.

Frå dagsturhytta såg vi vidare til dagens neste mål - Hatlesetnipa - som er lett gjenkjenneleg med masta på toppen. 

På veg opp kan du nyte utsikta mot Nordalsfjorden og fjella i Ålfotenmassivet

Vi tar ein dab for dagens turmål - Hatlesetnipa 583 moh

Litt kos er lov på tur!

På veg ned att er det berre å nyte utsikta så og seie heile vegen!
Takk for turen!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!