torsdag 14. juni 2018

Solund si dronning - Pollatinden (541 moh)


Pollatinden er det nest høgaste fjellet i Solund, og vert omtala som dronninga i øyriket. Om det er statusen som nest høgaste fjell som er opphavet til dronningnamnet eller om det er det faktum at Dronning Sonja faktisk har gått turen - det veit eg ikkje. Men når det gjeld utsikt - står ikkje Pollatinden tilbake for fjellet som er høgast - Krakhellenipa (som då vel må vere Kongen?).  Enkelte stader finn du også Pollatinden omtalt som "Norges fineste sted"!

Uansett - kven har ikkje lyst til å gå i Dronninga sine fotspor?

Vi var på Pollatinden for første gong for 10-12 år sidan. Når vi så skulle tilbake til Solund på helgetur med bubil, så var dette ein av dei turane vi hadde lyst til å gå saman med ungane.

Vi har nett starta på turen og ser framleis ned til hovudvegen ved Pollen. Fine berg å gå på!
Slik finn du fram: 
Turen startar rett ved hovudvegen ved Pollen, ca. 4 km nordaust for Hardbakke og 1 km nordaust for Solund Verft. Det står skilt ved startpunktet, og det er fleire utkøyrsler i nærleiken der du kan parkere utan at du er til hinder for trafikken elles. 

Turen har jamn stigning oppover, og det meste av turen går på berg. Det er derfor eit veldig kjekt terreng å gå i for barn - i alle fall når det er tørt! For både vaksne og ungar er det også spanande å studere geologien med raudleg sandstein blanda med konglomerat - noko som gjerne medfører ein del stopp undervegs. Mange fine steinformasjonar i berga! 

Stien er godt varda, så det er enkelt å finne fram. 

Lengd: ca. 2,5 km ein veg
Tidsbruk: 2,5 timar t/r
Nokre stopp undervegs for å nyte utsikta!

Utsikta frå toppen av Pollatinden er storslagen - ut i havet til Utvær fyr, nordvestover mot Bulandet, Værlandet og Alden og til øyane utanfor Florø, og sørover mot Gulen og fjella innover i Stølsheimen. Vi kunne også sjå austover mot kjende fjell som Storehesten.



 På toppen: 

Alden strålar opp midt i biletet


Kartutsnitt frå ut.no:
Pollatinden ligg der det er merka med raud ring på kartet. 

Stien frå hovudvegen og opp på toppen.

Turskildring på ut.no


2 kommentarer:

  1. Takk for informativt og interessant blogginnlegg! Vi reiser til Solund neste helg, og då håper eg vi får gått denne turen. Eg er best kjend i ytre Solund, då slekta mi kjem derifrå.

    SvarSlett
    Svar
    1. Så kjekt - satsar på at de får fint ver slik at de får tatt turen! Vi var også ut til Ytre Solund den helga - der hadde ikkje vi vore før, så det var kjekt. Var mellom anna ned til Trovåg :)

      Slett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!