mandag 4. juni 2018

Draumekvila - dagsturhytta i Gloppen

Dagsturhytta "Draumekvila" ligg fint til i Trivselsskogen på Sandane

Vårt 2. dagsturhyttebesøk vart til Draumekvila i Gloppen kommune. 
Og for ein plass - for ein skog - for eit fantastisk godt tilrettelagt turterreng!! 
Ikkje rart det heiter Trivselsskogen! 

Prosjektet Trivselsskogen har endåtil si eiga heimeside og der står det:


"Eit unikt turområde – i gangavstand frå Sandane sentrum. Her er det lagt til rette for trim, rekreasjon og gode opplevingar. 6 km tilrettelagd sti med sherpatrapper står som små kunstverk. Her finn du Solplatået, Kjærleiksskogen, Draumekvila og Dagsturhytta med nynorsk turbibliotek. Området er under stadig utvikling, og vi jobbar heile tida for å gje deg enda bedre opplevingar! No bygger vi «TIN-CAMP» og har starta på «Fosseteateret» Fram til 15 juni i år (2018), vil sherpaene ferdigstille trappa mot Holvikfossen."


Og eg lot meg imponere - dette er eit supert turområde å ta ungane med på tur:

  • Vandre i Kjærleiksskogen.
  • Ta ein rast ved Draumekvila og lese i ei nynorsk bok medan vi også nyt utsikta.
  • Traske vidare på sherpatrapper opp til Utsikten. 
  • Gå vidare på skogsveg eit stykke før vi tar av på sti til Holvikfossen som gjev deg magasug når du kikkar utfor kanten ved toppen av fossen. Her bør du definitivt stå støtt!
  • Deretter gå nedover parallelt med fossen til du snart er tilbake til der du starta. 
  • Flott rundtur full av opplevingar! 

Turskildring: 
Trivselsskogen finn du langs E39 rett ovanfor Sandane sentrum. Det er laga til god plass til å parkere. Du kan velje mellom ulike ruter og lengde - sjå kartet under. Vi valte å gå til Solplatået, vidare gjennom Kjærleiksskogen og til Draumekvila (dagsturhytta). Derifrå gjekk vi vidare opp til Utsikten, og så gjekk vi via Holvikfossen og ned att til parkeringsplassen. Ein rundtur på om lag 5 km. 

Kartutsnitt henta frå www.trivselsskogen.no

God skilting og merking heile vegen!

Og størst av alt er kjærleiken....






Draumekvila

Flott utsikt over Sandane sentrum


Holvikfossen

3 kommentarer:

  1. Dere er flinke å søke opp nye turmål og ikke minst å gå de. Har sett mange flotte bilder fra denne løypa før. Vil tro hytta drar enda flere turgåere opp der. Takk for tips - får se om det kan bli en rundtur med familien på oss også :)

    Nyt sommer'n og finfine turer og opplevelser! :D

    SvarSlett
  2. Vi vil jo helst berre gå nye turar.... he, he :). Dagsturhyttene er eit unikt prosjekt - og lokkar mange ut på tur. Vi har frameleis til gode å besøke Flora sin - så den står på lista over årets turmål. Ser jo at Hatlesetnipa har fått sin renessanse på grunn av hytta også - mange innover i Sunnfjord som ikkje har vore klar over den toppen før. For vår del - så har Hatlesetnipa vore ein av "kvardagsfavorittane".

    SvarSlett
  3. Dear Author, the post you share is really great. Wonderful tips. Thanks.
    Husband Wife Problem Solution

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!