onsdag 27. juni 2018

Det finst alltid eit fjell...... Klauva (847 moh) i Jølster


På heimferd frå Klauva
"Det finst alltid eit fjell for den som er gira!"
- sitat Bendik Matias 7 år

Og i går var det fjellet Klauva (847 moh) i Jølster som sto for tur. 
Ny topp for alle i familien -
og ein av turane i årets titur til Indre Sunnfjord turlag. 

Turen er godt skildra på ut.no
lett å finne fram og fint terreng å gå i. 
Og utsikta: 
Vakre Jølster ser ein seg aldri mett på! 

Dagens erfaring (nok ein gong): 
Sti er kjekkare å gå på enn skogsveg!
Då vi passerte Strandstøylen, gjekk tempoet monaleg opp!

Strandastøylen - det går traktorveg heilt opp til hit. Dei sprekaste klarar også å sykle opp!


Ny topp og "ny" utsikt!

torsdag 14. juni 2018

Solund si dronning - Pollatinden (541 moh)


Pollatinden er det nest høgaste fjellet i Solund, og vert omtala som dronninga i øyriket. Om det er statusen som nest høgaste fjell som er opphavet til dronningnamnet eller om det er det faktum at Dronning Sonja faktisk har gått turen - det veit eg ikkje. Men når det gjeld utsikt - står ikkje Pollatinden tilbake for fjellet som er høgast - Krakhellenipa (som då vel må vere Kongen?).  Enkelte stader finn du også Pollatinden omtalt som "Norges fineste sted"!

Uansett - kven har ikkje lyst til å gå i Dronninga sine fotspor?

Vi var på Pollatinden for første gong for 10-12 år sidan. Når vi så skulle tilbake til Solund på helgetur med bubil, så var dette ein av dei turane vi hadde lyst til å gå saman med ungane.

Vi har nett starta på turen og ser framleis ned til hovudvegen ved Pollen. Fine berg å gå på!
Slik finn du fram: 
Turen startar rett ved hovudvegen ved Pollen, ca. 4 km nordaust for Hardbakke og 1 km nordaust for Solund Verft. Det står skilt ved startpunktet, og det er fleire utkøyrsler i nærleiken der du kan parkere utan at du er til hinder for trafikken elles. 

Turen har jamn stigning oppover, og det meste av turen går på berg. Det er derfor eit veldig kjekt terreng å gå i for barn - i alle fall når det er tørt! For både vaksne og ungar er det også spanande å studere geologien med raudleg sandstein blanda med konglomerat - noko som gjerne medfører ein del stopp undervegs. Mange fine steinformasjonar i berga! 

Stien er godt varda, så det er enkelt å finne fram. 

Lengd: ca. 2,5 km ein veg
Tidsbruk: 2,5 timar t/r
Nokre stopp undervegs for å nyte utsikta!

Utsikta frå toppen av Pollatinden er storslagen - ut i havet til Utvær fyr, nordvestover mot Bulandet, Værlandet og Alden og til øyane utanfor Florø, og sørover mot Gulen og fjella innover i Stølsheimen. Vi kunne også sjå austover mot kjende fjell som Storehesten.



 På toppen: 

Alden strålar opp midt i biletet


Kartutsnitt frå ut.no:
Pollatinden ligg der det er merka med raud ring på kartet. 

Stien frå hovudvegen og opp på toppen.

Turskildring på ut.no


fredag 8. juni 2018

Gorgehornet (517 moh): 1000 trinn opp og litt vidare


Eg har lenge vore fascinert av trappeturar: 
Ein variasjon frå ordinære fjellturar, 
og du får kjenne litt på magasuget når du snur deg og ser attende på der du startar. 
Det er også motiverande for ungar å gå trapper og telle om det faktisk stemmer 
- er det 1000 trinn i denne trappa?

For dei fleste vil tellinga gå i surr etterkvart, 
men det er ikkje så nøye - 
ofte er det nokon som har skrive tala på trappa når du passerer merketal som 100, 300, 500 osb....
Og då er det berre å starte på nytt derifrå. 

Vi har tidlegare gått trappene i Høyanger - der har dei heile 2 trappeturar: 
I fjor prøvde vi Fykantrappene med 1129 trinn i nærleiken av Svartisen - 
for øvrig Norges best bevarte trappeanlegg
(men den turen har eg ikkje rukke å blogge om endå...) 

I Selje kommune har dei også trappetur - 
Tusentrinnstrappa

Når vi då planla ei langhelg i Selje, så var det ein ypparleg mogelegheit til å ta denne trappeturen. 
Vi undersøkte litt på førehand, og fann ut at det var fint å gå vidare frå toppen av trappene og ut på Gorgehornet. Der ville vi få fin utsikt over Selje og Stadtlandet, og utover Vanylvsfjorden. 
Som sagt, så gjort:


Turskildring: 
Turen står omtala fleire plassar på nett - mellom anna på Morotur.no - her er utdrag frå turskildringa: 

Turen starter ved kraftstasjonen i Kjødepollen, innerst i Vanylvsfjorden. Tydelige skilt viser veg ved start. Ein går først på noko laus grus/stein før ein kjem opp til trappa, som er lagt inn som fast grus i beskrivelse av underlag. Trappa skal være på nøyaktig 1000 trinn, men den går ikkje samanhengande. Ein må innimellom gå på sti, noko som ikkje byr på særlig problem. Når trappa tek slutt fortset ein på tydelig sti. Ved eit par bergknausar som kan være glatte er det lagt ut tau som hjelp og støtte. Vel oppe frå bratta har ein Skorgevatnet rett framfor seg. Der er det også skilta. Følg skilt til venstre mot Gorgehornet. Resten av turen mot toppen er merka og lett å gå.

Parkering: Det er god plass til parkering ved kraftstasjonen (også for bubil!)
Lengd: ca. 4 km t/r (det står 1,5 km ein veg på skiltet, men vi målte det noko lenger)
Geocahce: Det ligg ein geocache i nederste del av trappa. Litt dårleg mobildekning der, så det kan løne seg å laste ned cacheinformasjonen på førehand. 

Tur opp Tusentrinnstrappa og til Skorgevatnet er også omtala på ut.no

Utsikt frå toppen av trappa - vi ser ned i Kjødepollen

Turbok å signere i på toppen
Vi tok eit byks frå trappa og vidare opp stien til Gorgehornet!
Ved Skorgevatnet er det fleire turruter å velje mellom. 




Oppe på toppen og vi nyt utsikta over Vanylvsfjorden, Åhem og Selje

Ny topp er "toppa ut"!
Neset som stikk ut lengst bak i biletet  er Ytre Fure som vart turmålet dagen etter. 

mandag 4. juni 2018

Draumekvila - dagsturhytta i Gloppen

Dagsturhytta "Draumekvila" ligg fint til i Trivselsskogen på Sandane

Vårt 2. dagsturhyttebesøk vart til Draumekvila i Gloppen kommune. 
Og for ein plass - for ein skog - for eit fantastisk godt tilrettelagt turterreng!! 
Ikkje rart det heiter Trivselsskogen! 

Prosjektet Trivselsskogen har endåtil si eiga heimeside og der står det:


"Eit unikt turområde – i gangavstand frå Sandane sentrum. Her er det lagt til rette for trim, rekreasjon og gode opplevingar. 6 km tilrettelagd sti med sherpatrapper står som små kunstverk. Her finn du Solplatået, Kjærleiksskogen, Draumekvila og Dagsturhytta med nynorsk turbibliotek. Området er under stadig utvikling, og vi jobbar heile tida for å gje deg enda bedre opplevingar! No bygger vi «TIN-CAMP» og har starta på «Fosseteateret» Fram til 15 juni i år (2018), vil sherpaene ferdigstille trappa mot Holvikfossen."


Og eg lot meg imponere - dette er eit supert turområde å ta ungane med på tur:

  • Vandre i Kjærleiksskogen.
  • Ta ein rast ved Draumekvila og lese i ei nynorsk bok medan vi også nyt utsikta.
  • Traske vidare på sherpatrapper opp til Utsikten. 
  • Gå vidare på skogsveg eit stykke før vi tar av på sti til Holvikfossen som gjev deg magasug når du kikkar utfor kanten ved toppen av fossen. Her bør du definitivt stå støtt!
  • Deretter gå nedover parallelt med fossen til du snart er tilbake til der du starta. 
  • Flott rundtur full av opplevingar! 

Turskildring: 
Trivselsskogen finn du langs E39 rett ovanfor Sandane sentrum. Det er laga til god plass til å parkere. Du kan velje mellom ulike ruter og lengde - sjå kartet under. Vi valte å gå til Solplatået, vidare gjennom Kjærleiksskogen og til Draumekvila (dagsturhytta). Derifrå gjekk vi vidare opp til Utsikten, og så gjekk vi via Holvikfossen og ned att til parkeringsplassen. Ein rundtur på om lag 5 km. 

Kartutsnitt henta frå www.trivselsskogen.no

God skilting og merking heile vegen!

Og størst av alt er kjærleiken....






Draumekvila

Flott utsikt over Sandane sentrum


Holvikfossen