fredag 4. mai 2018

Dagsturhytta "Fjellro" i Jølster

Dagsturhytta i Jølster ligg flott til med utsikt over Skei, Jølstravatnet og inngangen til Kjøsnesfjorden

I løpet av 2018 skal kvar kommune i Sogn og Fjordane ha fått på plass dagsturhytter med nynorske turbibliotek på eit turmål i kommunen. Prosjektet er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebankstiftinga til Sparebanken Sogn og Fjordane og kommunane sjølve. Utgangspunktet er visjonen i regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv:

Fysisk aktivitet for alle

Dagsturhytta skal vere eit lågterskeltilbod for turgåarar. Ho er om lag 15 kvadratmeter og har verken varme, straum eller sanitæranlegg. Hytta er ein plass for å ete matpakka si, få litt varme i seg og bla i bøker. Hyttene er utstyrte med eit minibibliotek med bøker til bruk på staden, for å stimulere til lesing og for å gjere kjent god, nynorsk barnelitteratur. Boksamlinga er sett saman av hovudsakleg barnebøkerMeir om dagsturhytteprosjektet, kan du lese her.

Dagsturhyttene er flotte utgangspunkt for turmål - særskilt med born. Det bør vere eit mål å besøkje alle dagsturhyttene etterkvart som dei kjem på plass, og vi har i alle fall starta med nokon.

Og her treng du ingen nøkkel - hyttene er opne for alle!

I helga var vi på tur til dagsturhytta på Jølster - som er plassert i Fygladalen på Skei. Den har fått det flotte namnet "Fjellro".

Startpunkt:
Ca. 50 m vest for rundkøyringa ved Skei Hotell, tar du av til ein gardsveg. Heilt nede ved vegen heng det ei informasjonstavle som skildrar tur til Håheimsfjellet. Du skal følgje same ruta.

Du går gjennom gardstunet, og følgjer ein skogsveg opp til høgdebassenget ovanfor tunet. Vidare herifrå er det god og merka sti oppover dalføret mot Fygladalen. Jamn og fin stigning.

Lengd: ca 1,5 km ein veg
Tidsbruk: 30 min (vaksne)/45 min - 1 time (born)

Kartutsnitt frå ut.no. Her er turen teikna inn heilt til Fyglastøylen. 

På veg oppover - fin og jamn stigning. 

Sidan dette var vårt første dagsturhyttebesøk, var vi veldig spente på korleis hytta såg ut. Det var spanande for ungane å utforske hytta og studere bøkene i biblioteket. Og med ei slik utsikt, er det fantastisk å ete nista si utanfor hytta - eller inne om det er ein gråvèrsdag!

Hytta er lett å få auge på i terrenget - snøen ligg framleis langt nede i liene, men det var snøfritt opp til hytta. 
 Det gjenstår framleis litt arbeid før hytta er heilt ferdigstilt, men det er ingen problem å bruke den.

Utsikt å nyte!

Hemsen i hytta måtte utforskast!

Nynorsk turbibliotek - noko av det unike dagturhyttene kan by på!

Nista måtte sjølvsagt nytast ute. 

Går du vidare innover dalen, kjem du til Fyglastøylen etter om lag 1 km. Herifrå er det også fint å gå til Håheimsfjellet om du ynskjer ein skikkeleg fjelltur. Klikk på linken for å sjå turskildring.