torsdag 22. november 2018

Indre Sunnfjord si "trolltunge"

Dersom du har fått med deg lanseringa av Opptur Indre Sunnfjord
eller fått bladd litt i boka, 
så har du kanskje fått med deg at også  Indre Sunnfjord har si eiga "trolltunge". 
Den ligg i Dalsfjorden med utsikt til majestetiske Storehesten (1209 moh)

Vel du den enklaste vegen, tar det deg ca. 10 minutt å gå.
Vi var der for nokre år sidan, og "fann" steinen på veg ned frå ein lengre fjelltur: 

Etter å ha gått turen Osstølen/Vollastølen - Fløyen - Båtevikstølen, passerte vi "Sunnfjord si trolltunge" på veg ned att mot bilvegen 02.05.15. 

torsdag 15. november 2018

Kvanngrødnipa (767 moh) - ei ukjend perle


Sjå føre deg at du skal ut på tur saman med gjengen din og litt fleire.
Planen er å gå ein relativt roleg tur opp til eit vatn og så vidare til neste vatn.
Der skulle turen stoppe!

Men så såg vi litt på kartet:
Det var ikkje så langt til neste vatn heller -
og når ein først var komen dit, så var det ikkje så langt opp til ein topp.
Toppen ligg inneklemt mellom fleire andre tilsvarande toppar - nesten litt i ingemannsland:
Kvanngrødnipa på 767 moh
Er det noko utsikt der i det heile?
Blir det ein kjedeleg bomtur? 
Freistinga til å prøve vart likevel for stor.
Forventningane var ikkje så altfor store, men vi var i ukjent turterreng 
og vi ville forske litt meir på turområdet vi var i.

Vi sa "ha det" til turfølgjet vårt opp til dei to vatna - dei måtte ned att for å rekke ein bursdag.
Vi andre hadde berre mørkret å bekymre oss for.


Turskildring: 
Turen startar frå hovudvegen mellom Sygna i Gaular og Guddal i Fjaler. Det er laga ein liten parkeringsplass ved vegen der du ser bort på Alværstølen og Hatlebrekkestølen som ligg 3-400 meter frå bilvegen. Her er det også ei lita informasjonstavle med kart. 
Vi passerer Alværstølen på veg til Skardsvatnet. 

Stien opp til Skarsvatnet og Gaddevatnet er merka og tydeleg å gå. Du passerer rett gjennom Alværstølen på vegen. Opp til Skardsvatnet på 499 moh er det om lag 1,5 km og det er lett og fin stigning. Dette er ein veldig fin tur med små barn og det er ypparleg å fyre opp bål, fiske og gjerne slå opp telt ved vatnet. 

Ein rask pustepause ved Skardsvatnet

Stien er merka og relativt tydeleg også vidare til Gaddevatnet på 568 moh. Også her er det lett og fint terreng å gå i. Noko myrete og vått, så det er greitt å ha på gode fjellsko eller støvlar. 

Ved Gaddevatnet åt vi nista vår, og kosa oss med kakao. Her skilte også turfølgjet lag - 7 vart til 4. 

Vidare opp til Djupevatnet på 630 moh er det inga merking, men vi kryssa elva og gjekk i lia på venstre side av elva oppover. Litt buskas å bryte seg gjennom eit stykke, men så opna terrenget seg igjen. Kryssa så elva igjen rett før vi kom opp til Djupevatnet. 

Dagens 3. vatn - Djupevatnet - vi er straks klar for siste innspurt til toppen. 

Vidare frå Djupevatnet, gir vegen seg sjølv opp egga til Kvanngrødnipa (767 moh). Her er også delvis spor av sti som ein kan følgje, men det er ope terreng og lett å sjå kvar ein skal gå. Rett før ein kjem fram til toppvarden, opnar utsikta seg og ein ser frå Viksdalsfjella i aust heilt ut til Alden og Bulandet i vest. Vi hadde faktisk ikkje forventa ei såpass god utsikt, så det vart ei veldig positiv overrasking! 

Alden og Bulandet lengst i vest

Lengd:
ca. 5 km ein veg
Høgdeskilnad: start frå ca. 400 moh og opp til 767 moh

På kartet (ut.no) er det stipla sti frå Alværstølen til Skardsvatnet. Eg har vidare teikna inn om lag kor vi gjekk. Som nemnt er den merka og varda opp til Gaddevatnet. Frå Gaddevatnet kryssa vi elva og gjekk langs med denne opp til Djupevatnet. Relativt greitt å finne fram sjølv om det ikkje er sti. 
Storehesten bak til høgre, Blegjamassivet, Eitrenipa, Nordre og Søndre Kringla

Vi såg endåtil attende til Sande sentrum frå toppvarden
Eit søk på google, viste at det stort sett berre er værvarsel å få opp når du søkjer på Kvanngrødnipa (767 moh). Èin bestigning er registrert på Peakbook - no er det i det minste to ;) Så dette tyder på at det er ein fjelltopp som ikkje er besøkt så altfor ofte, men kanskje blir er det nokon fleire som blir freista etter dette blogginnlegget?

Dagens spørsmål: 
På veg opp til Skardsvatnet og Gaddevatnet, hadde vi spørjekonkurranse. Det var to jenter på 9 år på det eine laget, og Bendik på 8 år og meg (+ Steffen) på det andre laget. Vi bytta på å stille spørsmål, og frå å stille nokre enkle spørsmål i starten, måtte vi avansere litt i vanskegraden. Derfor stilte 8-åringen vår følgjande spørsmål til dei to jentene på 9 år:

Kven var statsminister i Noreg frå 1880 - 1884? 

Gjett om vi var to vaksne som lo godt av det spørsmålet.... :) 
Og om vi kunne svaret????
Nei.......
men no har vi lært det! 
Det var nemleg Christian Selmer! 
Så det så! 


Oversiktskart: Sande sentrum oppe til høgre i biletet. Startpunkt og sluttpunkt er merka med raud ring. 

mandag 1. oktober 2018

10 barnevenlege haustferietips i Sunnfjord og Ytre Sogn

Hausten 2014 ga eg 10 barnevenlege turtips til haustferien. Desse finn du i dette innlegget:


Desse turane var godt eigna også for nokså små born, og tilpassa at snøen kan ha kome på mange fjelltoppane. Nedanfor får du 10 nye tips til turar du kan ta i haustferien - i Sunnfjord eller i Sogn. Turane er godt eigna for litt større eller turvande born. 

Klikk på linkane for meir informasjon om turmåla: 




Denne turen er ein klassikar på bloggen og eitt av dei mest besøkte innlegga på bloggen. Vi gjekk denne med ungane i haustferien i fjor, og kan absolutt anbefalast. Men ver merksam på at sola kjem i skyggen av fjella så seint på hausten, så om du ynskjer ein solfylt tur, bør du gjere eit anna val. Men i lettskya vêr, er dette ein fantastisk flott tur også på hausten. Vi har også eit anna innlegg frå denne turen med meir omfattande turskildring: Langs veglause strender ved Sognefjorden




Denne turen tok vi også i haustferien 2017. Nydeleg utsikt over Sognefjorden, og eit fjell du ser kvar gong du kjem over med ferja Lavik - Oppedal og skal vidare til Bergen. Det var ein relativt våt sti, så anbefalar goretexsko og gode tilhøve for skotørking etterpå! Men fint var det!








Overnatting på DNT-hytter er kjekt for både store og små. Fleire betjente hytter har stengt for sesongen, men dei sjølvbetjente og ubetjente står open heile året (eller låst med DNT-nøkkel). Nipebu er eit hytte som eignar seg fint i haustferien, også om snøen har komt godt nedover fjellsidene. Ei anna hytteanbefaling - om snøen ikkje har kome - er Longevasshytta i Naustdal/Jølster. For ein meir kortreist tur - med dei aller minste borna - anbefalar eg Massbu i Gaular Grytadalsbu i Flora eller DNT-hytta på øya Kinn.



Vi har lagt vår elsk på trappeturane i Høyanger og det er også noko som ungane likar godt. Når det i tillegg blir avslutta med eit besøk i Høyangerbadet, så får du ein fullspekka dag med aktivitetar som både små og store er nøgde med! Og her kan du velje mellom kort eller lang tur - 1268 trappetrinn eller 2500 trappetrinn. 



Ein annan flott, men relativt lettgått utsiktstopp ved Sognefjorden, er Fuglefjellet ved Lavik. Her får du mykje utsikt for innsatsen!

6) Besøk ei dagsturhytte - "Draumekvila" i Gloppen
Vi har til no besøkt 3 av dagsturhyttene som er komne opp i Sogn og Fjordane, og den førebelse favoritten er "Draumekvila" på Sandane. Hytta i seg sjølv har ei flott utsikt, men heile turen - gjennom Trivselsskogen - er ei unik oppleving. Her er det mykje å sjå og oppleve for store og små.
Men også "Fjellro" på Jølster og "Fløgen" i Flora er flotte turmål. Sistnemnde er for øvrig stengt for tida fordi den må fundamenterast betre. Men det betyr ikkje at ein ikkje kan ta turen opp til sjølve hytta likevel - og gjerne vidare til Hatlesetnipa. Elles så er Høyanger i ferd med å få på plass si hytte på Synken - det er kanskje ein av dei turane vi tar i haustferien.

7) Ta ein stølstur - Rørstadstølen i Gaular

Rørstadstølen har Gaular sitt svar på Kinnaklova ;) 
Stølsturar er fine turar, og i oktober er det stort sett framleis greitt å kome seg til støls. Under etiketten "stølar" på bloggen finn du mange turtips. Det tipset eg vil framheve her - er Rørstadstølen ved Viksdalsvatnet. Lettgått og fin tur, og flott utsikt når du kjem opp. Stølen kan også skilte med Gaular sitt svar på Kinnaklova!

8) Vandre langs Fossestien på Gaularfjellet



Dersom snøen held seg unna, er ei vandring på Fossestien på Gaularfjellet ein flott hausttur. Her kan du velje mellom ulike ruter og lengder - gå ei rute eller to eller alle på ein dag! Dette blogginnlegget skildrar turen frå Langestølen til Likholefossen

9) På tur i ytre Dalsfjorden - forbi Kyrkjeberget til Brendåsen (193 moh)



"Når du er ute og går tur - i litt vått kystlandskap - og går gjennom skogen med mål om å kome opp på ei høgde med utsikt, så forventar du ikkje at det dukkar opp eit stort berg midt i skogen. Endå mindre reknar du med at det i dette berget er rissa inn nokre teikningar. Desto mindre forventar du at denne teikninga er av ei kyrkje... Men dette opplever du faktisk når du går på tur til Brendåsen (193 moh) i Fjaler!" Slik startar eg blogginnlegget frå denne turen - ei litt løynd turperle som kanskje ikkje alle veit om. Fin, barnevenleg tur - også i lett haustregn!

10) Topptur er alltid kjekt: Hegrenesnipa (899 moh) i Jølster


Snøen kjem lenger nedover fjellsida, men nokre fine toppturar er framleis mogeleg. Som for eksempel Hegrenesnipa i Jølster - berre for å nemne eitt fjell. For øvrig finn du mange forslag på bloggen - så ta ein kikk og finn deg ein tur!

Ynskjer dykk alle ein fin turhaustferie! 🍁

tirsdag 25. september 2018

I'm in love............. with Dalegubben (1344 moh)

Utsikt frå Dalegubben og ned att til Sæbø der vi starta. Slogen er den spisse toppen til venstre, Jakta er den høgaste toppen midt i biletet og Skårasalen den høge toppen heilt til høgre. Fjellperler på rekkje og rad med andre ord! 

Eg veit (eller håpar i alle fall....😉) at mannen min ville bli veldig lite begeistra om eg forelska meg i ein annan mann! 
No er eg nok blitt det likevel.....

men akkurat for denne mannen trur eg faktisk eg får tilgjeving: 
Det er nemleg sjølvaste D A L E G U B B E N!

D A L E GU B B E N er ikkje ein ordinær mann, men eit fjell på 1344 høgdemeter på Sunnmøre!



Valets kvaler - kva fjell skal vi gå?

Å velje èin  fjellfavoritt på Sunnmøre er vel som å leite etter nåla i høystakken - nærast umogeleg å finne/plukke ut! Sunnmøre er eit eldorado av fjell, og mange fjell får ein 10-ar for utsikta si. Men utan å ha gått altfor mange fjell på Sunnmøre (bucketlista er laaaang!), så trur eg nok uansett at Dalegubben vil vere ein av innartiarane! Berre høyr kva William Cecil Slingsby sa om utsikta:


«Utsynet var fullt på høgde med kva Slogen kunne by på, og større kompliment veit eg ikkje av».

Kartutsnitt frå ut.no - viser stien vi gjekk opp til Dalegubben

Og googlar du Dalegubben, vil du finne fleire som uttalar at fjellet gjev den beste utsikta over Hjørundfjorden. 

Likevel har fjellet stått i skyggen av meir kjende fjell som Slogen, Saksa og Skårasalen. Den handlar kanskje først og fremst om kor flinke ein har vore med å reklamere for og profilere fjella heller enn at dei byr på den beste utsikta. Men no har ivrige innbyggjarar på Sæbø gjort ein innsats for å marknadsføre Dalegubben som turmål, og i 2017 vart ei ny rås - ja, for på Sunnmøre heiter det rås og ikkje sti - opp til Dalegubben opna. 

Nokre går på fjellet, andre køyrer kassebilløp: 




Første delen av turen, har namnet Gunnarråsa. Den endar ved ein gapahuk kalla Fredbua der du kan ete nista di under tak om det regnar, ei disse der du kan nyte utsynet over Hjørundfjorden medan du svingar deg fram og tilbake, og ei hengekøye der du kan kvile slitne bein medan du framleis nyt utsikta innover fjorden! Gunnarråsa er i seg sjølv ein fin tur - ikkje minst for barnefamiliar. 




Vidare held turen fram opp over Skondalen - dalen er lenger enn den ser ut som, men heile tida har du utsikt over Sæbø og Hjørundfjorden:


På veg oppover Skondalen - den spisse toppen midt i biletet er Dalegubben. Dit skal vi!

Stien er godt merka. Når du omsider kjem opp i skaret, får du også utsikt utover fjorden og mot Ålesund. 





Frå skaret og opp dei siste 50 høgdemeterane er det lett klyving og kan opplevast luftig. Dette kan by på utfordringar om du er litt høgderedd, men det var gode tak i fjellet og det var også lagt ut kjetting einskilde stader. Vi var litt spent på korleis det ville vere å gå med ungar opp dit - men vi opplevde det som veldig greitt (NB! det føreset at du har litt erfaring og sjølv føler deg trygg på høgdene). 


I skaret kjem du opp til ei snøfonn. Går du opp på den, ser du rett ned i Hjørundfjorden. 

Siste partiet opp mot toppen - vi er klar for litt klyving. 
På toppen - Dalegubben ✔

Korte fakta om turen: 
  • Start v/ Kvievegen på Sæbø på Sunnmøre -  rett ved badestranda (køyr til høgre dersom du kjem over med ferja). 
  • Lengd: 3,5 km
  • Høgdemeter: ca. 1300 - det er bratt, men stig jamt oppover
  • Lett klyving siste delen
  • Lengd på Gunnarråsa: 1,5 km

Meir informasjon kan de finne på: 
Morotur.no
www.hjorundfjord.no

Frå toppen ser du over til Ytre Trandal på andre sida av fjorden - "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu"
(klikk på teksten for å sjå NRK-episoden frå plassen)

Frå toppen ser vi også rett bort på Sylvkallen - eit anna populært turmål. Og lengst der ute - Ålesund. 

Litt moro må vi ha på veg ned att også!
Vel nede att på Sæbø, får vi studere dei flotte kassebilane som var med i Sæbø Grand Prix, medan vi skodar opp på  det spisse fjellet "vårt" langt der oppe!

Ein nydeleg dag på Hjørundfjorden. Fjellet Saksa rett bak ferja - der var vi med på Saksaløpet dagen i forvegen. Majestetiske Slogen ruvar til høgre i biletet.

Dalegubben -  I'm in love with you! 😍

tirsdag 28. august 2018

Draumedøgn på Longevasshytta

Eitt døgn med feriekjensle - før ferien har starta!
Er det mogeleg å få feriekjensle av berre eitt døgn fri?
Er det nok til å stresse ned og føle at du faktisk har litt "ferie"?

Vi tjuvstarta ferien med å ha eit slikt døgn:
Reiste avgarde etter jobb midt i veka og tok fri dagen etter.

Og vi kopla heilt ut -
jobb og kvardag vart lagt att heime.
Når vi i tillegg var utan telefon- og nettdekning,
så vart det bokstavleg talt fullstendig avlogging:

Offline is the new luxury!

Dette døgnet - som eg har kalla draumedøgnet - var eit opphald på Longevasshytta - ei DNT-hytte som tilhøyrer Indre Sunnfjord Turlag.

Hytta var bygd i 1988-89, men påbygd i 2016-17. 


Vi kom opp på ettermiddagen,
hytta var tom for folk og vi kunne fritt velje rom.
Sjølv om det var skya og nokre regndråpar på veg opp,
så titta sola fram att og vi kunne nyte nokre solstrålar i hytteveggen.

Våkna neste morgon til sol frå skyfri himmel
- lite visste vi då at i låglandet var det full tåke!
Ut av senga, og rett "på pøyla": ein frisk morgondukkert i vatnet!
Frukost på benken ute,
slaraffenliv med lesing og avslapping.
 Kanopadling og meir bading.



Etterkvart kom det ein turgåar.
Det viste seg å vere ein frå turlaget som skulle opp med proviant.
Det var han som fortalte at det var full tåke i låglandet
- og vi gleda oss derfor endå meir over sola og konstanterte at vi var på rett plass!

Leiar av Indre Sunnfjord Turlag, Kjell Arne Hjellbrekke, kom opp med proviant og fiksa skilt og andre småting samstundes. All honnør for dugnadsinnsatsen!

Godt ut på ettermiddagen, var det tid for å forlate hytta og setje kursen heimover.
"Blir det nokon som søv her i natt?" undrast vi.
Joda, på vegen nedover møtte vi totalt 4 personar som hadde plan om hytteovernatting.
Men framleis god plass om det kom nokon frå andre stader.
Hytta har totalt 11 sengeplassar.

Her er det godt å vere:
#nowifigreatconnection





Slik finn du fram: 
Det er mange vegar inn til Longevasshytta: Legestøylen i Årdal i Jølster, Øvrebø på Ålhus i Jølster, Nes i Naustdal, Gjengedalsstøylen i Hyen, Fitjevårstøylen på Sandane og Myklandsstøylen i Myklandsdalen. 

Vi starta frå Legestøylen i Årdal i Jølster. Herifrå er det om lag 6 km inn til hytta. Dei to første kilometerane har ein del stigning (ca. 400 høgdemeter), men deretter er det relativt flatt langs Stegsvatnet, forbi Kupevatnet og vidare innover mot Vassvendevatnet og fram til hytta.

Ved start på Legestøylen. 


Longevasshytta ligg midt i biletet
Det er viktig å merke seg at ruta er rasutsett langs Stegsvatnet. Det er gjort mykje arbeidd med å lage ny sti langs vatnet og som gjer ruta noko tryggare då rasa ikkje alltid går like ned til vatnet. Det er likevel lurt å vere obs når du går her. Tidleg på sommaren ligg det snøfenner heilt ned til vatnet, noko som kan gjere det vanskeleg å passere under "Steget". Då må du gå noko attende og ta ruta over "Steget" i staden.




Andre slike draumedøgn, kan du til dømes få ved å ta turen til DNT-hytta på Kinn, DNT-hytta på Sylvarneseller DNT-hytta Nipebu.
(Klikk på namna for å kome til blogginnlegg om turmåla)
For å nemne nokon eksempel :) 









Her er fleire glimt frå turen - bli med på vandringa: 

Vi er komen opp til Stegsvatnet, og skal starte vandringa på den rasutsette strekninga langs vatnet.


Vi har gått langs heile Stegsvatnet og er framme ved Kupa. 

Vi forlet Kupa og tar fatt på det siste stykket. 




Ankomst Longevasshytta





Og litt bilete slik at de ser korleis hytta ser ut inni - flott og velhalden: 



To sofakrokar å kose seg i om kvelden:


Så var det tid for å ta vegen heim att: