mandag 16. oktober 2017

Medan vi ventar på Mannen (1294 moh).....

Dagens Quiz: Kor lenge står Mannen?
...rekk eg i det heile å skrive ferdig blogginnlegget før Mannen rasar, 
eller er det ropt "Ulv, ulv" nok ein gong???

I 2014 spådde dei at Mannen skulle rase mellom kl 20 og 21 ein tysdag kveld i oktober..... slik gjekk det ikkje, og  3 år seinare lar Mannen framleis vente på seg. Men NO - er vi kanskje nærare enn nokon gong - NVE har ikkje registrert større bevegelsar i fjellet enn dei som er der nett no. Så kanskje - kanskje i løpet av kvelden, natta eller i morgon.... Å spå ras er ingen matematisk formel, og sjølv om NVE har tatt feil av og til, må det føles nokså trygt at dei overvåkar fjellet og evakuerer når dei meiner det er størst fare for at det skjer noko. Enn så lenge så får vi vente og sjå.... overlever Mannen denne gongen også? 

I september hadde eg og Steffen ei fantastisk langhelg i Romsdalen, med tur over Romsdalseggen (inkl. Blånebba) og topptur til Kongen og Bispen. Søndagens tur måtte tilpassast at vi også skulle køyre heimover denne dagen, så det måtte bli ein relativt kort tur. 

Eg hadde lenge sett på fjellet Mannen - ikkje berre på grunn av all omtalen kring rasfare, men også fordi fjellet gir ei spektakulær utsikt over Romsdalen - og du treng verken klyve eller gå over smale eggar før du er framme på kanten. Dette er ein tur som såleis både passar dei som ikkje er spesielt høgdesterke, men samtidig er flott også for dei som er litt tøffare av seg! 

Og så hadde vi jo veldig lyst til å oppleve Mannen før den faktisk rasar!

Vi starta tidleg - litt over kl. 07.00 var vi avgarde - og kunne derfor nyte morgonkaffien ved Mannen i 9-tida på morgonen. Snakk om flott oppleving! Med tanke på vèret, var det også lurt å starte tidleg - for det skya raskt til utover formiddagen. 

Morgonkaffi på Mannen er ikkje å forakte. Alnesdalen i bakgrunnen er dalen du går inn for å kome på toppen. 
Gode turskildringar finn du her eller her

Lengde: 7,3 km
Total stigning: 632 moh

Tidsbruk kan vere vanskeleg å stipulere då det tross alt er over 7 km ein veg. Mykje av turen går i lettgått terreng, og mesteparten av stigninga er heilt mot slutten. Du kan fint gå inn til Mannen på under 2 timar, men dei fleste brukar nok 2,5 - 3 timar i jamt tempo. 

Kartutsnitt frå turen - den startar ved Strupen like ved Trollstigen besøkssenter. 
Vi høyrde steinsprang i fjellet - men Mannen sto framleis trygt då vi forlot den. Her er nokre fleire bileteglimt frå turen:

Tidleg morgon langs vegen ved Trollstigen besøkssenter. Sola skin på Alnestind, men månen er framleis vis.

På veg innover Alnesdalen - lett og fint terreng å gå i. 

Etter ca. 3 km kjem du til Alnessteinen. Eit fint turmål i seg sjølv, og passar
godt for barnefamiliar. 

Mannen ragar definitivt flott i terrenget !

Her nede bur dei som ligg rasutsett til...

Sola har framleis ikkje klart å trenge ned i botnen av Romsdalen, men skin fint på toppane. 

Kven står mest fjellstøtt - min mann eller Mannen med stor M?
Eg veit svaret.... :)

Og er du spent på korleis det går med Mannen - kan du følgje utviklinga direkte her. 

Skulle Mannen klare seg også denne hausten - så ta gjerne ein tur dit neste sommar...
før det er for seint :) 

3 kommentarer:

  1. Takk for informativt innlegg! Endelig skjønner jeg mer av den Mannen takka være de gode bildene.

    God tirsdagskveld fra Ingunn

    SvarSlett
  2. So da er dette som er mannen!. Står han der oppe endå?. Alnesdalen ser ut som ei nydeleg perle. Norge er absolutt eit utrolig vakkert land og igjenn tusen takk for at du vil dele alle desse nydelige bildene med oss :-).

    Mvh
    Tor Magne Botten

    SvarSlett
    Svar
    1. Mannen står der framleis, ja :) I haust har det vel vore større rørsler i fjellet enn nokon gong, og det er alltid like spennande når dei evakuerer grunna fare for ras om det faktisk skjer noko eller ikkje. Men enn så lenge står den der!

      Slett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!