tirsdag 17. oktober 2017

Langs veglause grender ved Sognefjorden - med born

Vi har gått i land på Sylvarnes, og MF Tansøy køyrer vidare langs fjorden

Turen vår 
(klikk på teksten for å kome inn på innlegget) 
er det mest populære innlegget på bloggen vår. 
Vi kjenner mange som har tatt turen etter å ha lese blogginnlegget vårt, 
og mange turlag har denne som fast tur kvart år. 

I haustferien tok vi sjølv reprise på denne turen 
- denne gongen med borna. 
Vi valte då å starte turen på Sylvarnes for å korte den ned eit par kilometer.
Total distanse er då om lag13 km frå Sylvarnes og tilbake til ferjekaia i Ortnevik.

4 år sidan sist vi gjekk her, 
og den gong var vi forventningsfulle: 
- kva vil vi sjå?
- kven vil vi møte?
- kva naturfenomen kjem vi over?

Og i dag - ein haustferie nokre år etter - har vi også forventningar: 
- vil ungane like turen? 
- kva har skjedd sidan sist?
- vil vi møte nokon på vegen? 
- kva ser og oppdagar vi denne gongen når borna er med? 

Historia om gardane og turmålet i seg sjølv, er skildra i blogginnlegget nemnt over. Men her er nokre glimt av ferda vår langs fjorden når vi hadde borna med: 

Oktober, 
haustferie,
skyfri himmel, 
men dessverre er det noko skugge på sørsida på denne tida av året. 

Sjølvsagt ville vi vore i sola heile dagen, 
samstundes er det eit privilegium å vandre på sørsida i fin oktobertemperatur. 
Så det var ingen grunn til å klage!
Og vi både starta og slutta med sol på turen!

Klar for nye opplevingar ein tidleg måndag morgon kl. 09.05 i Ortnevik - vi går ombord i MF Tansøy. 
Innehavaren på Vetlesand har fulgt dotter med familie om bord i MF Tansøy. Eit besøk er over for denne gong, og for vår del skal vi nart spasere forbi denne garden på vår ferd attende til Ortnevik. 
Vi står på kaia på Sylvarnes ca. 09.30 - sola er på plass! 

Skiltet som viser kva veg vi skal gå for å kome til Ortnevik. 

Det gamle skulehuset på Sylvarnes er leigd av Vik turlag, og har status som DNT-hytte. Denne måtte vi sjølvsagt ta oss tid til å inspisere og ei ny hytte kunne noterast i "hyttesamlinga" vår. 
Det var reint og fint inne i "hytta" - ingen problem å tilbringe ei natt her: 



Skulehuset har flott utsikt over fjorden - tenk å sitje i solveggen her ein sommardag.....


Sylvarnes er passert og vår ferd går vidare langs med strendene og dei veglause grendene. 

Ankomst Hanekam
Ein flott hest gjekk og beita fredeleg på Hanekam - vi måtte sjølvsagt helse på. 



Titt tei!

Legdene som var busett fram til 1988 - står der like fint som då vi var der for 4 år sidan. 

Ei leikehytte var komen på plass på Vetlesand. 
Vi vart sjølvsagt litt nysgjerrige då vi såg at det var brukt gamle postsekkar som veggar i leikehytta. Har det vore posthus på Vetlesand nokon gong?

Vetlesand fekk brevhus II i 1957. Det vart nedlagt i 1974, og vart då innordna under Vik. I tillegg var det postopneri på Sylvarnes frå 1890. Det vart avløyst av eit brevhus i 1972, som seinare også vart nedlagt i 1974 og lagt under Vik. 

Matpause på Alrek
På Alrek var det tid for ein lengre matpause. Sola forsvann frå tunet medan vi sat der. Etter ei lita stund kom det ut ein hyggjeleg kar frå huset du ser på biletet. Han inviterte oss inn, og vi fekk grundig innføring i historia og busetnad på Alrek. På det meste budde det 18 personar i tuna på Alrek då han vaks opp. Sjølv var han no busett på Sørlandet, men er likevel ein hyppig brukar av huset sitt på Alrek.

Etter Alrek var det om lag 1,5 times gange att fram til Ortnevik. Vi passerte Kroksnes og Nybø, og framme på neset der vi kunne sjå inn til kaia på Ortnevik, naut vi dei siste solstrålane. Ein fin dagsmarsj var ved vegs ende, og på Folkebutikken i Ortnevik venta det is på 2 flinke små turgåarar!


Kroksnes



Sognefjorden på langs - og på motsett side ser vi inn i Lånefjorden. 

Dei siste kaffislurkane smakte ekstra godt her!
Og vel heime på hytta dagen etter, var det ein liten kar som måtte inn på turkartet for å studere kvar vi hadde gått. Den skal tidleg krøkast som god kartlesar skal bli!



1 kommentar:

  1. Utrolig artig å se bildene fra Krogsnes ved Ortnevik. Som 10-12-åring var jeg på den gården i helgene og halve sommerferiene. En gård drevet på gamlemåten, med 4 kuer, en okse, 100 sauer og noen høner. De gjengrodde vegene har jeg tråkket, vi hesjet på bøene og lauvet med snilekniv slik at sauene fikk løv til vinteren. Silo ble fylt manuelt og vi overlevde maursyra. Trist og flott på samme tid å se bildene dine.

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!