torsdag 17. august 2017

Lofoten: Strandevandring frå Eggum til Unstad

Freistar det med ein tur her? Turen startar ved rullesteinsstranda på Eggum, og rundar odden ytterst der ein kjem inn til surfestranda på Unstad.

Søndag i Lofoten:

Regner høljar ned på formiddagen,
og det blæs.....mykje!
Men det er lova sol og fint utover ettermiddagen.
Skal vi stole på det?

Vi lagar i alle fall ein plan:
Vi startar dagen med å besøke Lofotakvariet.
Fin aktivitet i regnvèret,
sjølv om vi må stå ute når selane skal matast.

Loftoakvariet hadde mykje spanande å sjå på!

Deretter "heim" for å ete lunsj,
og så dra på tur når sola kjem.
Planen var strandevandring frå Eggum til Unstad,
ein tur på ca. 7 kilometer.

Vart det som planlagt?
Definitivt!
Og kjensla av å vandre langs strender i flott kveldssol,
føltest endå betre når vi visste korleis formiddagen hadde vore!

Vi hadde kledd oss for at vinden skulle vare ved,
men kom i ly for den,
og plagg etter plagg forsvant av kroppen vår!
Med andre ord:
Lofoten på sitt beste!



Vi starta turen på Eggum - du kan sjølvsagt velje å gå motsett veg, men ved å starte på Eggum får du ein grei og lett start på turen der du går på kjerreveg den første kilometeren. Eggum ligg nordvest på Vestvågøy i Lofoten, og turen startar ved Borga - steinborga ytterst på Eggum - eitt flott utsiktpunkt for midnattssola. 

Den største utfordringa med turen, er logistikken. Det er ganske mange kilometer å køyre mellom Eggum og Unstad, så om du ikkje vil gå tur/retur, bør du ha ordna med transport på førehand. Sjølvsagt kan du bruke haiketommelen, men eg trur det kan bli ganske vanskeleg og tidkrevjande. Du kan også velje å setje frå deg syklar på Unstad før du startar, og sykle attende til Eggum - ein sykkeltur på 2-3 mil. Vi var derimot heldige å ha med oss eit venepar på denne turen, så vi kunne setje ein bil i kvar ende. 

Før du startar turen, er det verdt å bruke nokre minuttar på å sjå seg i kring på Eggum. Den flotte steinborga vart bygd under andre verdenskrig, og tyskarane hadde ein radarstasjon inne i borga. Her kunne dei overvåke skipsfarten til Sovjetunionen. Ved borga finn du også ein kiosk om du skulle få lyst på ein is eller ei kald brus før du startar!

Frøken Klatremus!

Det er lett å skjøne at dei hadde god kontroll på skipstrafikken frå borga!



Klar for å starte på turen langs stranda
Etter å ha vandra ca. 1 km på kjerreveg, kjem du til ein steinskulptur: "Hodet". Det vert sagt at når du går rundt skulpturen, skal du kunne sjå opp til 16 ulike hovudfasongar. Vi prøvde, men såg nok ikkje meir enn 5-6.... Skulpturen er ein del av Skulpturlandskap Nordland.

Fin kjerreveg i starten av turen

Skulpturen "Hodet"



Etterkvart snor stien seg langs nokre bratte parti ved stranda, og når du nærmar seg fyrlykta ute på neset, går stien litt opp i lia. Vidare frå fyrlykta mot odden før Unstad, er det nokre parti som kan opplevast litt luftig, men det er sett opp kjetting å halde seg i. Stien er god, så det er greitt å gå der. Ungane synest det var meir spennande, enn skummelt! Når du rundar odden, kan du nyte den flotte utsikta mot Unstadstranda! Unstad er den mest populære surfestranda i Lofoten, så her er det aktivitet heile døgnet!

Etter 7 km vandring, er det fullt fortent med ein dukkert i sjøen - om sola og temperaturen tillèt det!

Her er fleire bileteglimt:



Vi fann ein nordlandsk variant av Kinnaklova!

Sauer er ålreite dyr!

2 søsken som leikar seg i strandkanten
 - rekk vi å springe unna før bølgjene kjem?

Fyrlykta måtte sjølvsagt inspiserast!

Litt bratt og luftig for nokon - men fin sti å gå på!
Kan vi få det noko flottaren enn dette? Tenkt at regnet hølja ned berre nokre timar før!

Vi har runda odden og ser inn til stranda på Unstad

Og vi ser oss tilbake til sola som no ligg bak oss.

Liten gut - straks ferdig med 7 km vandring. 
#Lofoten #Eggum #Unstad #visitLofoten #visitnordnorge 

1 kommentar:

  1. Fantastisk tur.....gikk der første gang i 1970

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!