søndag 18. juni 2017

Veten (194 moh) - rundtur over Byrknesfjellet i Gulen


Ute ved kysten, treng ein ikkje gå høgt og langt for å kome til dei høgaste toppane i området. Veten (194 moh) - som for øvrig er eit kjært namn på mange kystfjell/åsar - er det høgaste punktet  på Byrknesøya i Gulen.

Ved Siletjønna, ca. 2 km før Byrknesøy, står det skilt og turinfo til Veten - eller Byrknesfjellet som rundturen vert kalla. Det er laga til ein stor parkeringsplass ved vegen, og vi parkerte bubilen der for natta. Eg fekk gleda av å leggje ut på ein fin kveldstur i solnedgangen over Byrknesfjellet.

Grei og enkel turinfo ved startpunktet ved Siletjønna. God merking!

Turen er godt merka, og det er lett å finne fram. Litt bratt i starten, elles fin, men litt våt sti. Først kjem du til Varden. Der er det bok å signere i for dei som ynskjer det. Vidare fin (men framleis våt) sti til Nyksvatnet. Der kan du signere i eindå ei turbok! Nyksvatnet er drikkevasskjelde, så her bør du ikkje ta eit bade sjølv om det kan vere freistande på fine dagar. Stigninga vidare opp til Veten (194 moh) er jamt bratt.

På toppen får du flott utsikt over Ytre Gulen, til Solund, Øygarden, Fedje og ut i havet mot vest!

Turinfoen ved startpunktet skildrar ein rundttur med bratt nedstigning mot Nyksvatnet, og som endar på Gråvikvegen. Eg gjekk i staden vidare på ein godt merka rute sørover som runda mot Snaufjellet ,og vidare ned mot Gråvikvegen. Heile vegen gjekk eg på flotte berg, og det var om lag 1,5 km frå toppen av Veten og ned på Gråvikvegen via Snaufjellet. Å gå denne turen opp og ned same veg, er ein fin korttur for småborn. Her kan ein også gå relativt tørrskodd då heile stien går på berg, i motsetning til turen opp frå Siletjønna som var relativt våt einskilde stader. Deretter var det bilvegen attende til Siletjønna ca. 2,5 km.

Samla distanse 7 km.
Du bør  berekne 2-3 timar samla turtid alt etter form. 

Turen frå Gråvikvegen, via Snaufjellet og opp på Veten er også omtala i Opptur Sogn og Fjordane.

Første "høgdepunkt" på turen - Varden - med utsikt mot Mjømna


Det var mange turpostkasser og bøker å signere seg i på ein relativt kort tur :) Her ved Nyksvatnet. 

Det er viktig å hugse på å snu seg tilbake og nyte utsikta undervegs. Ein vakker junikveld i Gulen!

Flagget var heisa til topps på toppunktet Veten (194 moh). 

Utsikt sørover frå Veten

Vel attende til bubilen i 21.30-tida, vart det eit forfriskande bad i Siletjønna. Ikkje den varmaste temperaturen tidleg i juni, men det gjorde godt. Det er laga til stupebrett ved tjønna, så det er nok ein populær badeplass om sommaren om ein ynskjer noko anna ein sjøbad.

Veten (194 moh) er ein av tre toppar i ein 3-fjellstur som blir arrangert av Ytre Sogn turlag og Barnas turlag Gulen. Dei andre to toppane er Piltevarden på Mjømna og Midtbøfjellet på Sandøyna.

Turen er også skildra på ut.no sine sider 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!