onsdag 8. februar 2017

Myrane (330 moh) ved Sognefjorden


Kom Deg Ut - dagen 2017 samla mykje folk ute i norsk natur. 
Det var mange fellesarrangement i regi av Barnas turlag, 
og slike er ein viktig "døropnar" ut i naturen for mange familiar. 
All ære til dei som legg ned innsats i desse dagane! 

Vi har delteke på fleire Kom Deg Ut - arrangement tidlegare, 
men av og til så passar det best å organisere turen sjølv. 
Slik vart det for oss denne dagen,
men fann ut at vi kunne markere dagen med å gå eit nytt turmål:
Lavvoen på Myrane (330 moh) ved Sognefjorden har vi høyrt mykje om, 
men aldri vore i/til.
Så då bestemte vi oss for å prøve den turen:


Gå på sti gjennom skogen, 
klatre i trær,
og nyte utsikta over Sognefjorden.
Sola skin, 
men vi er dog litt frosne på nasa av den kalde austavinden. 
Kanskje ikkje noko anna å forvente ein tidleg februardag...

Akk, så deilig var det då å kome til ein opning i skogen,
 der vi fann ein stor, flott lavvo med fyr i grua!
Der var det varmt og godt!
Gjestane før oss hadde dratt sin veg, 
så vi hadde heile plassen for oss sjølv. 
Kosa oss med varm saft og niste, 
og jammen var det nokon som hadde gøymt litt sjokolade til oss også ;)
Utruleg rart at vi alltid finn sjokolade eller anna godt på tur.....


Her kosa vi oss!






Turfakta: 
Startpunkt:
På vegen mellom Vadheim og Lavik (i Høyanger kommune) tar du av til Norevikane og køyrer gamlevegen opp på høgda før Torvund. På høgste høgda går det ein traktorveg. Her kan du svinge av, og etter eit par hunder meter kjem du til ein parkeringsplass. Turen er skildra på kart ved parkeringsplassen - og er merka med blå striper heile vegen. Vi valte å ta sti gjennom skogen fram til Myrane, og så gå traktorvegen attende.

Lengd: ca. 5 km

Lavik IL har fjelltrim til Myrane, og kassen med bok finn du litt vest for lavvoen (ca. 5-10 min gange).
Utsnitt frå kartet som heng ved parkeringsplassen.
Turen til Myrane er merka med blå stipla linje på kartet.rett ved neset som stikk ut i fjorden.




2 kommentarer:

  1. Dere er flinke til å finne nye turmål, og fine bilder blir det hver gang!

    Ønsker deg ei fin uke!

    Klem

    SvarSlett
  2. Alltid kjekt å følge deg på dine turer! Så jeg blir så glad når det kommer nye blogg-innlegg fra deg.

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!