mandag 30. januar 2017

#vårijanuar




Ei helg med vinter, så vart det vår.....

i januar!


Ei veke mellom desse to bileta - frå vinter til vår på få dagar. 



#vårijanuar

Flatastølen i Førde




Nye Varden på Hornnesklumpen


Nedrestrandstølen i Gaular

tirsdag 17. januar 2017

Det var vel meir snø då vi var små?

Slik var vinteren då vi var små: masse snø frå november til mars - og sjølvsagt alltid sol!

Hugsar du då vi var små? 
Då vinter faktisk var vinter? 
Snø i store mengder frå november til mars
- sol, ski, aking, sparkeføre og kos!
Solbrente fjes smurt med Spenol i påskesola.
(eg har alltid hata Spenol etter dette...)

Det var vel kanskje ikkje heilt slik det var, 
men det er slik vi hugsar det. 
Og det var no vel meir snø om vinteren før, eller...?

Uansett:
Dei flotte vinterdagane kjennast så få, 
så vi må nytte dei best mogeleg når dei er der. 
Og då har vi lyst til alt: 
Gå tur i vintersnøen, gå på langrenn, køyre randonnè,
ake med borna, gå på truger, køyre med spark osv. 

Og alt er like fint og like bra! 
Hugs å kose deg med akkurat det du gjer 
- og ikkje ønsk deg at du heller skulle gjort noko anna. 
Det kjem ei tid for det også! 

No har vi hatt flott vinterstemning nokre få dagar 
- vi rakk å nyte dei på ulike måtar. 
Så blir det kanskje sjanse til å finne fram randonnè-skia neste gong....😄

Her er våre glimt frå desse dagane: 







Måtte det ikkje bli lenge til neste gong vi har slike dagar!

søndag 1. januar 2017

Godt turår 2017!


Då var brått juleferien over, 
og vi er starta på det nye året 2017!
Er det fleire enn oss som føler at jula gjekk alt for fort? 

Vi kunne kanskje håpa på betre vær, 
men når vi først hadde kledd på oss, 
så var det eigentleg ganske greitt å vere ute for ei stund. 

For vår del vart det mykje stølsturar:
Nokre turar på stien vi har laga over holten ved hytta vår
og litt spaserturar langs vegen. 
Med andre ord: passe dosar med aktivitet kombinert med sosialt samvær og avslapping 
- og litt jobbing i og kring hytta vår på Knausen! 

I dag - 1. nyårsdag - gjekk vi vår tradisjonstur på Legjestølen
Opptelling i boka viste at 1065 hadde signert i 2016. 
Rekorden frå 2014 var 1170, så det var ikkje langt unna. 
Kjekt at så mange kjem seg ut på tur!

Men med nytt år, kjem også nye draumar og nye mål. 
Planane er mange - og draumane endå fleire!
La oss gjennom felles inspirasjon og motivasjon bidra til at nokre blir realisert i 2017!

Godt nytt turår!