torsdag 21. desember 2017

God jul med minner frå turåret 2017!

Det har vore litt stille på bloggen den siste tida. 
Ikkje nødvendigvis fordi vi ikkje har vore på tur, 
men det har vore så mykje anna som må prioriterast. 
Blogging tar tid, 
og i vår verd blir vi heller ikkje rik av den. 

Men vi har det bra og prøver å prioriterer turar like mykje som før, 
og så satsar vi på at vi kjem sterkare tilbake med fleire turtips etterkvart. 

Vi vil ynskje alle våre lesarar og følgjarar ei riktig god jul! 

Og legg med eit bilete som oppsummerer deler av turåret 2017: 


2017 fekk ein litt brå og vanskeleg start, 
men heldigvis kan vi hugse mesteparten av året med glede og mange flotte turminner: 
  • Lokale turar som Rørstadstølen (til venstre øverst) og Horsevikstølen (biletet midt i) 
  • 4 veker ferietur i Nordnorge med eit hav av turar mellom anna Djevelporten i Lofoten (til høgre øverst) , Måtind i Vesterålen (til høgre i midten) og Svartisen (nederst i midten)
  • Kjærastetur til Romsdalen med bl.a. Romsdalseggen (nederst til høgre) og Kongen (i midten øverst)
  • Topptur for heile familien til Galdhøgpiggen i strålande sol (til venstre i midten) - vår andre 2000 - meter topp for sesongen. Vi besteig Snøhetta på veg nordover i ferien. 
  • Haustferietur på sørsida av Sognefjorden med topptur til Søtekollen (nederst til høgre) og andre turar. 
For å nemne nokre... 
Dette var dei bileta som var mest likt på instagramkontoen @fjelluft16 i 2017
#2017bestnine

Vi føler oss glade og takknemlege for alt vi har fått oppleve i 2017
- det er ikkje gitt at det er slik livet blir! 

GOD JUL! 

tirsdag 17. oktober 2017

Langs veglause grender ved Sognefjorden - med born

Vi har gått i land på Sylvarnes, og MF Tansøy køyrer vidare langs fjorden

Turen vår 
(klikk på teksten for å kome inn på innlegget) 
er det mest populære innlegget på bloggen vår. 
Vi kjenner mange som har tatt turen etter å ha lese blogginnlegget vårt, 
og mange turlag har denne som fast tur kvart år. 

I haustferien tok vi sjølv reprise på denne turen 
- denne gongen med borna. 
Vi valte då å starte turen på Sylvarnes for å korte den ned eit par kilometer.
Total distanse er då om lag13 km frå Sylvarnes og tilbake til ferjekaia i Ortnevik.

4 år sidan sist vi gjekk her, 
og den gong var vi forventningsfulle: 
- kva vil vi sjå?
- kven vil vi møte?
- kva naturfenomen kjem vi over?

Og i dag - ein haustferie nokre år etter - har vi også forventningar: 
- vil ungane like turen? 
- kva har skjedd sidan sist?
- vil vi møte nokon på vegen? 
- kva ser og oppdagar vi denne gongen når borna er med? 

Historia om gardane og turmålet i seg sjølv, er skildra i blogginnlegget nemnt over. Men her er nokre glimt av ferda vår langs fjorden når vi hadde borna med: 

Oktober, 
haustferie,
skyfri himmel, 
men dessverre er det noko skugge på sørsida på denne tida av året. 

Sjølvsagt ville vi vore i sola heile dagen, 
samstundes er det eit privilegium å vandre på sørsida i fin oktobertemperatur. 
Så det var ingen grunn til å klage!
Og vi både starta og slutta med sol på turen!

Klar for nye opplevingar ein tidleg måndag morgon kl. 09.05 i Ortnevik - vi går ombord i MF Tansøy. 
Innehavaren på Vetlesand har fulgt dotter med familie om bord i MF Tansøy. Eit besøk er over for denne gong, og for vår del skal vi nart spasere forbi denne garden på vår ferd attende til Ortnevik. 
Vi står på kaia på Sylvarnes ca. 09.30 - sola er på plass! 

Skiltet som viser kva veg vi skal gå for å kome til Ortnevik. 

Det gamle skulehuset på Sylvarnes er leigd av Vik turlag, og har status som DNT-hytte. Denne måtte vi sjølvsagt ta oss tid til å inspisere og ei ny hytte kunne noterast i "hyttesamlinga" vår. 
Det var reint og fint inne i "hytta" - ingen problem å tilbringe ei natt her: 



Skulehuset har flott utsikt over fjorden - tenk å sitje i solveggen her ein sommardag.....


Sylvarnes er passert og vår ferd går vidare langs med strendene og dei veglause grendene. 

Ankomst Hanekam
Ein flott hest gjekk og beita fredeleg på Hanekam - vi måtte sjølvsagt helse på. 



Titt tei!

Legdene som var busett fram til 1988 - står der like fint som då vi var der for 4 år sidan. 

Ei leikehytte var komen på plass på Vetlesand. 
Vi vart sjølvsagt litt nysgjerrige då vi såg at det var brukt gamle postsekkar som veggar i leikehytta. Har det vore posthus på Vetlesand nokon gong?

Vetlesand fekk brevhus II i 1957. Det vart nedlagt i 1974, og vart då innordna under Vik. I tillegg var det postopneri på Sylvarnes frå 1890. Det vart avløyst av eit brevhus i 1972, som seinare også vart nedlagt i 1974 og lagt under Vik. 

Matpause på Alrek
På Alrek var det tid for ein lengre matpause. Sola forsvann frå tunet medan vi sat der. Etter ei lita stund kom det ut ein hyggjeleg kar frå huset du ser på biletet. Han inviterte oss inn, og vi fekk grundig innføring i historia og busetnad på Alrek. På det meste budde det 18 personar i tuna på Alrek då han vaks opp. Sjølv var han no busett på Sørlandet, men er likevel ein hyppig brukar av huset sitt på Alrek.

Etter Alrek var det om lag 1,5 times gange att fram til Ortnevik. Vi passerte Kroksnes og Nybø, og framme på neset der vi kunne sjå inn til kaia på Ortnevik, naut vi dei siste solstrålane. Ein fin dagsmarsj var ved vegs ende, og på Folkebutikken i Ortnevik venta det is på 2 flinke små turgåarar!


Kroksnes



Sognefjorden på langs - og på motsett side ser vi inn i Lånefjorden. 

Dei siste kaffislurkane smakte ekstra godt her!
Og vel heime på hytta dagen etter, var det ein liten kar som måtte inn på turkartet for å studere kvar vi hadde gått. Den skal tidleg krøkast som god kartlesar skal bli!



mandag 16. oktober 2017

Medan vi ventar på Mannen (1294 moh).....

Dagens Quiz: Kor lenge står Mannen?
...rekk eg i det heile å skrive ferdig blogginnlegget før Mannen rasar, 
eller er det ropt "Ulv, ulv" nok ein gong???

I 2014 spådde dei at Mannen skulle rase mellom kl 20 og 21 ein tysdag kveld i oktober..... slik gjekk det ikkje, og  3 år seinare lar Mannen framleis vente på seg. Men NO - er vi kanskje nærare enn nokon gong - NVE har ikkje registrert større bevegelsar i fjellet enn dei som er der nett no. Så kanskje - kanskje i løpet av kvelden, natta eller i morgon.... Å spå ras er ingen matematisk formel, og sjølv om NVE har tatt feil av og til, må det føles nokså trygt at dei overvåkar fjellet og evakuerer når dei meiner det er størst fare for at det skjer noko. Enn så lenge så får vi vente og sjå.... overlever Mannen denne gongen også? 

I september hadde eg og Steffen ei fantastisk langhelg i Romsdalen, med tur over Romsdalseggen (inkl. Blånebba) og topptur til Kongen og Bispen. Søndagens tur måtte tilpassast at vi også skulle køyre heimover denne dagen, så det måtte bli ein relativt kort tur. 

Eg hadde lenge sett på fjellet Mannen - ikkje berre på grunn av all omtalen kring rasfare, men også fordi fjellet gir ei spektakulær utsikt over Romsdalen - og du treng verken klyve eller gå over smale eggar før du er framme på kanten. Dette er ein tur som såleis både passar dei som ikkje er spesielt høgdesterke, men samtidig er flott også for dei som er litt tøffare av seg! 

Og så hadde vi jo veldig lyst til å oppleve Mannen før den faktisk rasar!

Vi starta tidleg - litt over kl. 07.00 var vi avgarde - og kunne derfor nyte morgonkaffien ved Mannen i 9-tida på morgonen. Snakk om flott oppleving! Med tanke på vèret, var det også lurt å starte tidleg - for det skya raskt til utover formiddagen. 

Morgonkaffi på Mannen er ikkje å forakte. Alnesdalen i bakgrunnen er dalen du går inn for å kome på toppen. 
Gode turskildringar finn du her eller her

Lengde: 7,3 km
Total stigning: 632 moh

Tidsbruk kan vere vanskeleg å stipulere då det tross alt er over 7 km ein veg. Mykje av turen går i lettgått terreng, og mesteparten av stigninga er heilt mot slutten. Du kan fint gå inn til Mannen på under 2 timar, men dei fleste brukar nok 2,5 - 3 timar i jamt tempo. 

Kartutsnitt frå turen - den startar ved Strupen like ved Trollstigen besøkssenter. 
Vi høyrde steinsprang i fjellet - men Mannen sto framleis trygt då vi forlot den. Her er nokre fleire bileteglimt frå turen:

Tidleg morgon langs vegen ved Trollstigen besøkssenter. Sola skin på Alnestind, men månen er framleis vis.

På veg innover Alnesdalen - lett og fint terreng å gå i. 

Etter ca. 3 km kjem du til Alnessteinen. Eit fint turmål i seg sjølv, og passar
godt for barnefamiliar. 

Mannen ragar definitivt flott i terrenget !

Her nede bur dei som ligg rasutsett til...

Sola har framleis ikkje klart å trenge ned i botnen av Romsdalen, men skin fint på toppane. 

Kven står mest fjellstøtt - min mann eller Mannen med stor M?
Eg veit svaret.... :)

Og er du spent på korleis det går med Mannen - kan du følgje utviklinga direkte her. 

Skulle Mannen klare seg også denne hausten - så ta gjerne ein tur dit neste sommar...
før det er for seint :) 

fredag 22. september 2017

The mountains are calling...

.... and I must go! 


Det er meldt flott haustvær i helga, 
som det også var sist helg! 

Slike flotte haustdagar får meg til å lengte etter toppturar! 
Ja, det kriblar i kroppen etter å kome seg på tur! 

Men det er ikkje alltid det går, 
og vi finn på andre ting ut i frå dei føresetnadane vi har. 

Sist laurdag var ein slik flott dag, 
og eg og ungane gjekk tur rundt Bekkjavatnet i Førde. 
Vi hadde tatt med oss glutenfrie vaflar, kaffi og juice,
kosa oss på benken i sola, 
og det var til og med lov å vasse litt i vatnet. 

Når då eldstemann av søskena uttalar: 
"Åhhh - no har vi det triveleg!" 
- ja, då er godkjensla på plass også hos mor! 
Og DEN kjensla er like god som når eg står på ein ny, flott fjelltopp. 

Ville ikkje ha bytta med nokon nett då....!

#barnpåtur #mountainsarecalling #denfølelsen

torsdag 31. august 2017

Galdhøpiggen (2469 moh) - kaos eller balsam for sjela?

Sein ankomst til Juvasshytta, men Galdhøpiggen (lengst til høgre) ligg og ventar på oss til neste dag!

Eg har vore på mange, mange, fjell 
- men ikkje Norges høgaste. 
Ei heller har eg gått Besseggen, 
men det blir nok det også - kanskje om eitt år eller to. 
Om det passar seg slik....

Eg har ikkje stressa med å nå desse toppane, 
då det finnast så mange andre fine fjell å gå på. 
Dessutan så er det jo mykje fredelegare på tur når det ikkje kryr av folk.
Du går ikkje på Galdhøpiggen om du ynskjer å ha fjellet for deg sjølv!

I tillegg så er eg ganske gniten på været. 
Dersom eg først skal gå desse turane, så det vere fint vèr slik at vi får maksimal utsikt. 

Been there, done that - but no view, er ikkje noko for meg! 

Been there, done that - with a great view derimot......


Denne utsikta vil eg ha når eg først tar turen på Galdhøpiggen!
Etter at ungane vart fødd, har eg tenkt at desse populære turane tar vi når dei er blitt store nok. 
Og no var vi komne dit hen at ein tur til Galdhøpiggen var realistisk å få til. 

Det var meldt full sol og vindstille på Norges tak 
- skulle vi ta sjansen på å prøve ein tur?

Vi hadde nokre atterhald:
- ville vi trivast med å gå i flokk og følgje?
- ville dagen vere prega av kaos og venting?
- villle ungane greie turen? 

Aldersgrensa for barn er 7 år, og minstemann som er fødd seint på året, er berre nesten 7....
I tillegg er han ikkje den høgaste for alderen, og mange 5-6 åringar slår han på høgda. 
Små bein må springe minst dobbelt så fort som vaksne bein.
Ville han klare ein slik tur?

Vel vitande om at vi har gått mange fjellturar i sommar (og tidlegare år), 
og at nokre av dei må reknast som meir krevjande enn Galdhøpiggen, 
så tenkte vi at vi kunne ta sjansen. 
Truleg har han gått fleire fjellturar enn dei fleste i følgjet...

Dagsformen er vanskeleg å spå på førehand, 
og alle som har gått på tur med born veit at den kan svinge veldig. 
Den eine dagen spring dei lett av garde frå topp til topp, 
ein annan dag er alt mykje tyngre....
Slik er det jo gjerne for oss vaksne også.
Ville turen klaffe med god dagsform?

Vi skulle også ha med 8-åringen vår, som vi visste ville greie det 
- men motivasjonen måtte vere til stades. 

Motiverte var dei derimot begge to:

Skal vi gå på Galdhøpiggen på laurdag? 
JAAA, svara dei!

Vi snakka om turen i fleire dagar, 
førebudde dei på korleis turen var, 
at dei måtte vere flinke å gå, 
at vi skulle gå i tau over breen,
og at ein kanskje ikkje kunne stoppe når ein hadde lyst eller var litt sliten. 

Om dei framleis ville på tur? 
JAAA!

Vi valte sjølvsagt ein dag der vêrmeldingane lova full sol og vindstille på Galdhøpiggen,
men då viste vi også at vi ikkje ville bli åleine tur!
317 personar hadde kjøpt billettar til turfølgjet vi skulle vere med i, 
og i tillegg hadde det gått eitt titals turfølgje føre oss.

Vi blir ikkje akkurat åleine på tur, nei....

Korleis ville dette gå? 
Ville det vere ein dag med kaos og venting? 
Kva om vi ikkje greier å halde følgje?
Storparten av dei som skulle vere med var vaksne. 

Informasjon om turen vart gitt raskt og effektivt, 
og med tydelege instruksar. 


Vi starta friskt, og i lett tempo gjekk vi greitt inn dei 2,8 km til kanten på breen. 
Vi klarte turen på ein god times tid, 
og var dermed langt unna makstida på 1,5 time som var vilkåret for å kunne vere med vidare.

Puhhh - første utfordring vel overstått! 



Taulengder etter taulengder vart lagt ut medan vi inntok litt mat og drikke. 
Og etter det som var ein passeleg lang pause for oss, 
var guidane klar til å feste oss inn i taua. 
Merkeleg nok så gjekk dette relativt problemfritt og raskt, 
og vi kunne starte turen over Styggebreen. 

Klar til avgang over breen!

Breen hadde jamn stigning og taulaget gjekk i jamt, roleg tempo. 
Det var ingen problem for små bein å halde følgje.
"Går det bra, Bendik?" spurte eg utallige gonger.
"Jadå, mamma" var svaret eg fekk tilbake.

"Det går bra, mamma!"
Stornøgd pappa i bakgrunnen!
Puhhh - andre utfordring vel overstått! 

Lang, lang rekke.....
Så gjensto den berømte Piggura: 
1 km med 200 meter stigning i tynn fjelluft.
Vi vart advart om at den kunne opplevast som krevjande for mange
- særskilt fordi vi var i tynnare luft enn vi er vande med. 
Dei fleste brukar  frå 30 min til 1 time på å ta seg opp Piggura til toppen. 
Vi hadde samla sett 1 time og 45 minutt til rådvelde for å kome opp og ned att Piggura før taulaget skulle gå attende over breen.
Vi ville jo gjerne å ha litt tid på toppen for å nyte utsikta,
så dermed var det berre å kome seg oppover!

Og her merka vi at det var mykje folk: 
Når over 300 menneske skal ta seg opp ei ikkje altfor brei steinur på same tid, 
samstundes som det kjem folk som er på veg ned att....
Det var eit par minutt eg følte at kaoset var i ferd med å ta overhand! 
I tillegg så skrudde han som er nesten 7 år opp tempoet,
og la i veg oppvoer ura,
så vi hadde vårt svare strev med å følgje med, og springe slalom mellom alle folka:
"Unna veg - her kjem vi!"

Det var kanskje derfor vi også raskt følte at kaoset roa seg, 
for på kort tid hadde folkemylderet spreidd seg i ura, 
og det vart rom og plass til å gå.


Siste bakken opp til Piggura var tung - 
små bein var slitne, og vi var altfor varme. 
Vi hadde kledd oss for kuldegrader, 
men sola varma meir enn venta. 
Men mange vaksne måtte også puste på 
- den tynne fjellufta kjentest for mange. 
Og vi - som så mange andre - kom oss opp! 

Puhhh - tredje utfordring vel overstått! 
Vi er oppe!

Nøgd gjeng på toppen!
2469 høgdemeter!
Norges tak!
Sol og vindstille! 
Folk tett i tett rundt Pigghytta!

Kaos? 
Nei!
Naturens fred og ro?
Ikkje akkurat.... 

Men.....
 Stor glede over å ha nådd eit mål 
- den mentale utfordringa var kanskje like stor for oss vaksne som den fysiske utfordringa for dei små!

Stor glede over å vere på ein flott fjelltopp - 
med utsikt over storslagne Jotunheimen, 
sjølv om eg drøymde meg litt bort til einsemda på Veslepiggen...

Men kanskje mest av alt: 
Glede over å sjå alle dei smilande fjesa på toppen! 

For kor ofte er du på ein stad med mange hundre menneske og der absolutt alle tilsynelatande er glade?

På toppen av Norges tak har du 
LUKKE og MEISTRINGSKJENSLE i eit nøtteskal!
Balsam for sjela!

Hundrevis av nøgde folk!!!

Det er lov å vere blid då :) 
Fantastiske Jotunheimen!


Vi ser ned att til breen vi gjekk på, og lengst der nede er Juvasshytta der vi starta turen. 


Og turen attende: 
Små føter sprang lett av garde, 
ned snøfonnene, 
over ura, over breen, 
og attende til Juvasshytta.
Og vi kunne nyte ein is utanfor hytta,
og kikke opp på den toppen vi nett hadde vore på!


Takk til Juvasshytta for framifrå guiding - 
god organisering og kontroll på eit mylder av folk. 
Det kunne fort blitt kaos 
- men det vart det ikkje!

Happy kids på Norges tak!

Nokre tips når du skal gå på Galdhøpiggen med barn: 
  1. Hugs at det er ein grunn til at dei har sett ei aldersgrense på 7 år. Vurder barnet sine føresetnadar for å gå turen også om barnet er 8 eller 9 år. Nokre 5-åringar vil ikkje ha problem med å gå turen, medan andre kan vere både 8 og 9 år før dei meistrar den. 
  2. Ikkje la Galdhøpiggen vere den første lange turen du går med borna dine. Ta nokre lengre fjellturar på førehand, slik at du veit kva dei meistrar. 
  3. Førebu barna godt på førehand om kva som ventar dei. 
  4. Ta med rikeleg med klede. Det er betre å kle av seg fordi ein blir for varm enn å gå og fryse. Sjølv eit lite vinddrag kan gjere det kaldt når ein er på nesten 2500 meter over havet. Hugs å sjekke kva vindstyrke som er meldt - sjølv om det er sol, kan det vere ganske sterk vind. 
  5. Nok mat og drikke - og litt ekstra "bensin". Barn som er på ein slik tur fortenar litt ekstra belønning!

Men når det er sagt: 
Det finnast mange andre fjell å gå på som er minst like fine!

Når det gjeld turskildring til Galdhøpiggen og informasjon om guida turar, kan du t.d. gå inn på Juvasshytta sine sider. 

#Galdhøpiggen #Norgestak #Jotunheimen #highestmountain