lørdag 27. februar 2016

Ski- og akedag med Barnas Turlag

Basecamp eit par hundre meter frå bilvegen, fyr i bålpanna og vi var klar for ein kjekk dag i snøen!
Tradisjonen tru arrangerte Barnas turlag Førde ski- og akedag i Vasslia.


Mykje snø gjorde det litt utfordrande å kome bort til basen der bålpanna var fyrt opp. 
Men når viljen er til stades hos dei små, så klarar dei det meste!

30 store og små kosa seg i snøen. Sola trua med å kome gjennom skyene, men det vart med forsøket.

Klar for akebakken!
Strabasiøst å ta seg opp akebakken i djup snø - men når lysta er til stades, egår det som ein leik! 
To blide jenter er klar for full fart ned bakken! 

fredag 19. februar 2016

mandag 15. februar 2016

Date med storfurua på Valentines Day!


På tur på sjølvaste Valentines Day måtte vi lage hjarte i naturen, og vi var på date med sjølvaste 
stor-furua på Kjelstad!


Storefurua er målt til 10,42 kubikkmeter med ei høgde på 24 meter og tverrmål i brysthøgde på 1,07 meter, dvs. omkrets på 3,35 meter i brysthøgde! Furua har truleg ein alder på 350-4000 år.

Ein kan lett bli svimmel når ein står under furua og ser oppover....


Ein innhaldsrik dag for store og små i vakker vintersol!


Vil du på tur og sjå Stor-furua, så kan du lese meir om Kjelstad skog- og kultursti her
Det er også fint å gå vidare til endes på skogsvegen (i retning Kjelstadstølen). Då får du flott utsikt over Hestadfjorden. No var det hard skare, så har du med rumpeakebrett, får ungane mykje moro på veg ned att :)

lørdag 13. februar 2016

Trugetur til Klungeren - utan truger

GAULAR: Fantastisk fin tur til Klungeren frå Skudalen i dag. Men trugene vi hadde med, fekk kvile i tursekken heile turen. Apostlanes hestar gjorde susen!

tirsdag 2. februar 2016

Januar på @fjelluft16

På januarturar passar det fint å ta med restane av julesnopet :)
Nytt år, nye mogelegheiter
....trur vi alltid! 
Ambisjonane var mange også på bloggfronten, 
men travle tider både på jobb og privat, 
gjorde at nyttårsforsetta rauk fort! 

Men bloggambisjonane er der framleis! 

Kan ikkje skryte på oss for mange spanande turar på nyåret, 
men eit blikk på instagram-bileta for januar, 
viser at vi hadde mange gode turopplevingar likevel. 

Her er nokre turglimt frå @fjelluft 16:

Ein av årets første turar i 2016 gjekk til Fløyen på Sande

Vi har merka og rydda eigen sti opp på Holten over hytta vår.
Her har vi også laga sitjebenk. Fint nærturmål for heile familien. 
Familietur til Skudalstølen - vart avslutninga på ein flott jule- og nyttårsferie. 

Eg vart intervjua om uteturar i morgonsendinga til NRK Sogn og Fjordane. Vi fekk ein flott start på dagen med tur opp Eventyrstien - 10 kuldegrader sette ingen dempar på turgleda!

Journalist Stian Sjursen Takle rapporterer direkte på morgonsending.

Nokre fine dagar i starten av januar, resulterte i ettermiddagstur på Hornnesstølen der vi akkurat rakk sola. 

Saknar du bloggoppdateringar, så legg vi ut mange turglimt på Instagram - følg oss gjerne på: 
@fjelluft16
@steffenjfoto

Sola speglar seg i Hestadfjorden rett før ho renn ut i Eikelandsfossen.
Siste rest av sol på Kjelstadnakken. 

På veg opp stien til Holten. Hestadfjorden er nesten heilt islagt. 
Tur til fots - delvis på skare - til Klungeren i kald luft, men flott sol, var definitivt turhøgdepunktet i januar!


På Foss-stølen kan du gå til fots heile året - om det kjem snøfall, vert det trakka sti. 

Foss-stølen ein seinare dag i januar. 

Jammen vart det ei runde på ski på Langeland også!

Siste januardag i 2016 - mykje snø og fint skiføre også langs vegen! 
Det er også lov å mimre litt om januardagar tidlegare år: