torsdag 22. desember 2016

God jul til våre turvener!


Då er det straks tid for julekos og -ferie.
Vi takkar for eit flott turår - 
og takk til alle dykk som les bloggen! 

Vi set stor pris på alle kommentarar og 
hyggjelege tilbakemeldingar frå dei som har fått turinspirasjon ved å lese bloggen. 

Blogginga går i rykk og napp,
likeså turaktiviteten.
Men vi skal halde fram 
- både med turar og blogg! 

Vi håpar du er med vidare!
Følg oss gjerne på instagram: @fjelluft16 og @steffenjfoto
- der legg vi nesten alltid ut bilete frå turane våre 😄

Og hugs: 
Julefeiring og god mat er absolutt ingen grunn til å roe ned aktiviteten
- ei heller regn og vind!
Tvert imot: 
Vi satsar på ei aktiv turjul!

torsdag 8. desember 2016

DNT ÅRBOK 2016: På tur med familien


Denne veka kom DNT si årbok for 2016 i posten, 
med det spanande temaet: 
På tur med familien

Førebels har eg berre tatt meg tid til å bla i boka og lese litt her og der, 
men denne skal bli kjekk å fordjupe i når juleroa seinkar seg. 

I førordet skriv redaktør Helle Andresen mellom anna: 

Ta tiden tilbake
Vi er mange som ønsker å føre vår egen turinteresse videre til barna våre. Det er bare så mye som står i veien, og turen ut blir ofte en salderingspost. Søndagsturen, kveldsturen, en tur ut i nærmeste skogholt, vi skulle så gjerne... Dagene flyr, og det er i stor grad barnas gjennomorganiserte liv som styrer hverdagen vår. 

Med denne boka ønsker vi å inspirere alle til å ta noe av tiden tilbake, til å oppsøke eventyret som ligger så snublende nært. Eller eventyret litt lenger unna, en topptur eller en langtur - som gir barna noe å strekke seg etter. Det vil ingen av dere angre på. 


Innhaldslista syner at her er det mange varierte tema, men alle handlar om familieturar. 
Nokre tema og turmål kjenner vi frå før, og har skrive om på bloggen vår: 


Nokre av DNT sine kysthytter: 

Årboka vert sendt ut til alle medlemar i DNT. 
Dersom du ikkje er medlem, får du heller kose deg med innlegga over. 
(medan du vurderer eit medlemskap...😊😊😊)

For oss var det også ekstra kjekt å bla gjennom årboka og sjå dette kjente biletet
 (foto Steffen Ben Jonstad):