tirsdag 18. oktober 2016

Haukåbøra (1065 moh) - ein innertiar i Sunnfjord!

Det er lov å vere glad når ein står på toppen av Haukåbøra - ein solskinnsdag midt i oktober og det er heilt blikkstille!

Haukåbøra (1065 moh) er karakteristisk og lettgjenkjenneleg
med sin avflata topp der den stikk opp over alle dei andre fjella i Norddalsfjorden. 
Men det ser du først når du veit om den! 

For eg trur nemleg at dette framleis er eit relativt ukjent fjell for mange i Sunnfjord. 
Florøværingar flest er godt kjent med fjellet, 
men lenger inne i Sunnfjord er nok framleis mange uvitande om denne perla. 

Derfor fortener Haukåbøra (1065 moh) omtale i denne bloggen: 
Dette er nemleg ei perle av ein topp som verkeleg gjev deg toppturkjensla!

Eg skulle gjerne fortalt om ei lett turrute til fjellet, 
men slik er det dessverre ikkje. 
Her må du gå 8-9 km èin veg og stige om lag 1000 høgdemeter
før du kan klatre opp på den store varden på toppen. 

Men det er vel verdt slitet 
- denne turen har du glede over å minnast i mange år. 

For meg og min kjære er det også ein topp som gjev mange minner. 
Haukåbøra er nemleg den første lengre fjellturen vi gjekk i lag
for etterkvart ganske mange år sidan.......
Så no var det på tide med eit gjenbesøk! 

Og for ei oppleving: 
strålande sol frå skyfri himmel som følgde oss heile dagen,
vindstille på toppen midt i oktober, 
og utsikt mot kjent kyst og majestetiske toppar som Hornelen, Keipen, Plogen og Saga.

Vegen opp til toppen - og ned att: 
Vi valte denne gongen å starte turen vår ved gravplassen i Nordalsfjorden.
Ruta står omtalt på ut.no:

Norddalsfjord graplass - Haukåbøra/Børa

Her går turen først opp til Likkjevatnet. Turen opp hit er verdt ein tur i seg sjølv - ein fantastisk idyllisk plass som er fin for barnefamiliar, og eignar seg godt til å slå opp telt. Det er om lag 2,5 km opp til vatnet.

Nokre vardar her og der viser veg!

Frå Likkjevatnet går du vidare opp Øyralegda der du får Lisje Børa på venstre side og Gløsen på høgre. Vidare held du litt til venstre for elva opp mot Børa. Det er sti/tråkk og delvis varda.
Utno-appen er fin å bruke for å sjekke kor du er i forhold til stien.

Tidsbruk: 3-4 timar til toppen.

Kartet viser ruta frå gravplassen i Nordalsfjorden og opp til Børa. Frå Børa og ned til Børevatnet og vidare ned til Haukåvatnet ser du stien som ei stipla linje på kartet. 
Det er fine hylleformasjonar og berg med svært god friksjon, så det er veldig fint terreng å gå i.

På returen valte vi å gå stien som går til Børabu - ei hytte som tidlegare var DNT-hytte.
Frå toppen fann vi relativt nymerka raude T-ar nedover. Ruta er også teikna inn som sti på kartet.
Frå Børabu og ned til vegen ved krysset i Nordalsfjorden er det framleis merka,
men stien ber preg av at det er ei stund sidan den har vore rydda/merka.
Det kan derfor vere greitt å ha med seg kart og/eller GPS dersom du ikkje er kjend.

Vi lar nokre bilete tale for resten av turen (mobilfoto):
Trolsk stemning ved Likkjevatnet ein tidleg oktobermorgon der sola såvidt har kome fram og frosten ikjke har sluppe taket.
Likkjevatnet er ein idyll verdt eit besøk i seg sjølv!

Berg med god friksjon gjer det lett å gå oppover. 

På veg opp Øyralegda byrjar du å ane dei flotte hylleformasjonane som du finn i Ålfotenområdet. 
Vi får auge på toppen - Haukåbøra lengst til venstre




Varden i sikte. SPK-fjella i bakgrunnen: Saga til høgre, Plogen i midten og Keipen til venstre.

På meir forblåste dagar, kan denne leveggen på toppen vere god å ha. Vi hadde ikkje bruk for den på vår tur - det var magisk vindstille denne dagen. Og då er det lov å vere hoppande glad! Utsikt mot øyane vest og sør for Florø. 

Denne smakar ekstra godt etter å ha trakka seg opp til topps!


Utsikt ned mot Børevatnet og Grisebotsvantet - dit vi skal gå på returen. Børabu ligg ved demninga mellom dei to vatna.
Håsteinen og Høydalsnipa stikk opp som to spissar midt i biletet - rett bak desse ligg Heilebergmassivet til venstre. 
På veg ned frå Haukåbøra - vi nærmar oss Børavatnet










Vi er i ferd med å forlate Grisebotsvatnet - og snart vert også Børa ute av syne resten av turen ned att. 










Vel nede ved Haukåvatnet er sola i ferd med å gå ned - og vi har lagt bak oss ein strålande fjelldag på alle måtar.