fredag 9. september 2016

Gaularfjellet: Kunstverket "Mirage" og tur til Sværeskaret


Utsikten på Gaularfjellet er flott - men fjellovergangen har mykje meir å by på! 
Gaularfjellet har meir å by på enn berre Utsikten. Tar du ein kort avstikkar frå bilvegen, finn du kunstverket "Mirage". Har du fjellskoa på, kan du dessutan vandre vidare ved anten å gå Fossestien, besøke Torsnesstølen, vandre vidare langs gamle ferdselsvegar eller ta ein topptur til t.d. Johannesberget. Du får då ei flott naturoppleving på kjøpet!

Ein strålande vakker søndag i september valte vi - 4 vaksne og 4 born - å nyte noko av den flotte naturen Gaularfjellet har å by på: Først vitja vi kunstverket "Mirage" som er ein brønn med vatn - og ja, du har lov til å drikke vatn av den - og så valte vi å gå vidare på gamle ferdselsvegar til Sværeskaret.

Start:
På parkering mellom Tverrlia og Nystølen langs vegen over Gaularfjellet. Parkeringa er godt skilta med turinfo.
Lengd: ca. 8 km t/r

Kunstverket "Mirage"

Nasjonale Turisvegar har som mål å plassere eit kunstverk langs kvar av vegstrekningane sine. Den nasjonale turistvegen over Gaularfjellet, har fått brønnen "Mirage". Brønnen er ein del av eit større prosjekt av kunstnaren Marianne Heier der ho plasserer ein brønn i Noreg og ni i Malawi. Bodskapet med kunsten er å peike på skeivfordelinga av ressursar i verda. I Noreg er det overflod av vatn, medan i Malaei er det underskot på reint vatn. Samtidig legg ho vekt på fargeskilnadane mellom Vestlandet og Malawi som eit kunstnerisk element. Kunstverket vert offisielt opna 20. september 2016.

Ved brønnen "Mirage" kan du pumpe deg reint og friskt vatn til vassflaska di!

Den gamle ferdselsvegen gjennom Sværeskaret

Frå gamalt av var vegen over Gaularfjellet og gjennom Sværeskaret den viktigaste ruta for fedriftene frå Fjordane til Sogn. Fedriftene gjennom Sværeskaret hadde stort omfang. År om anna vart det sendt kring 2000 dyr over Sværen. Driftekarane som gjekk Sværeskaret hadde beiterett både på Torsnesstøylen og nede i Sværen. På glatte fjellsva i skaret gjekk dyra ofte utfor, og difor vart det slege boltar i fjellet og lagt ut stokkar for å hindre ulukker (kjelde: NRK.no - Fylkesleksikon).


10-minutts gange etter brønnen "Mirage", kjem du til Torsnesstølen. Her kan du velje om du vil gå vidare til høgre på Fossestien, eller om du vil halde fram forbi stølen og til Sværeskaret.

På Torsnesstølen var det gamal skikk at sela skulle stå ulåste slik at ferdafolk kunne søkje ly om dei kom opp i uvêr. Sela skulle av same grunn vere rikeleg forsynte med ved - men det vart også gjort for at ikkje ferdafolk i naudsfall skulle brenne opp møblar og kjerald i mangel på ved i sela. 
Torsnesstølen - tilhøyrande gardane på Torsnes i Balestrand




Vi har nådd høgaste punktet på 764 moh og ser no mot Skarsvatnet.
Hytta i Sværeskaret ligg ved andre enden av vatnet. 

Vi er klar til å ta fatt på siste stykket langs vatnet,
og ser hytta på "hi sida"!


Små og store kosar seg ved hytta - flotte berg å springe på, og litt lenger bort på berga finn ein også nokre jettegryter. 




I Sværeskaret står eit minnesmerke reist over Hugleik Tungøen frå Oldedalen som omkom der i 1706. Etter uår og ras i Oldedalen gjekk han i 1702 til København for å be kongen om hjelp.

På ei liknande ferd til Oslo i 1706 vart han på heimvegen overraska av uvêr i Sværeskaret og fraus ihjel. Her er det reist eit minne om mannen, og det same er gjort i heimbygda i Oldedalen.



Vi kunne gått vidare på ferdselsvegen og kome ned til Sværefjorden i Balestrand, men denne gongen valte vi å gå attende til bilen. Turen vi gjekk er kanskje aller mest vanleg som skitur på vinteren - her har eg gått mange gonger i mine barndoms år - men er definitivt også å anbefale som sommartur!

Ein nøgd familie på veg tilbake frå ein fin tur -
sommartemperatur i september!
Turkart frå ut.no:

4 kommentarer:

  1. Var stad og inspiserte Gaularfjellet og Sværeskaret på søndag, og det gav meirsmak. Hadde lese turreportasjen din her på bloggen først :) Får mange gode turtips her :) Helsing Frida

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det, Frida! Såg bileta dine på Instagram :). Gaularfjellet har mykje fint og mange turmulighetar!

      Slett
  2. Hei,
    Jeg jobber i Statens vegvesen med Nasjonale turistveger og var innom bloggen din i forbindelse med at vi skal foreslå tre-fire lette turer for reisende langs vegen. Turen skal være middels/enkel og den skal ha start fra turistvegen eller en av attraksjonene eks denne turen fra Mirage/Torsnesstølen som du foreslår her. Hvis du har flere gode anbefalinger kan du gjerne ta kontakt med meg!

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Silja! Eg har nokre tips som kan vere aktuelle. Fekk ikkje opp noko epost til deg, men viss du sender meg ein mail på livjbell@gmail.com, så kan eg ta kontakt!

      Slett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!