fredag 9. september 2016

Gaularfjellet: Kunstverket "Mirage" og tur til Sværeskaret


Utsikten på Gaularfjellet er flott - men fjellovergangen har mykje meir å by på! 
Gaularfjellet har meir å by på enn berre Utsikten. Tar du ein kort avstikkar frå bilvegen, finn du kunstverket "Mirage". Har du fjellskoa på, kan du dessutan vandre vidare ved anten å gå Fossestien, besøke Torsnesstølen, vandre vidare langs gamle ferdselsvegar eller ta ein topptur til t.d. Johannesberget. Du får då ei flott naturoppleving på kjøpet!

Ein strålande vakker søndag i september valte vi - 4 vaksne og 4 born - å nyte noko av den flotte naturen Gaularfjellet har å by på: Først vitja vi kunstverket "Mirage" som er ein brønn med vatn - og ja, du har lov til å drikke vatn av den - og så valte vi å gå vidare på gamle ferdselsvegar til Sværeskaret.

Start:
På parkering mellom Tverrlia og Nystølen langs vegen over Gaularfjellet. Parkeringa er godt skilta med turinfo.
Lengd: ca. 8 km t/r

Kunstverket "Mirage"

Nasjonale Turisvegar har som mål å plassere eit kunstverk langs kvar av vegstrekningane sine. Den nasjonale turistvegen over Gaularfjellet, har fått brønnen "Mirage". Brønnen er ein del av eit større prosjekt av kunstnaren Marianne Heier der ho plasserer ein brønn i Noreg og ni i Malawi. Bodskapet med kunsten er å peike på skeivfordelinga av ressursar i verda. I Noreg er det overflod av vatn, medan i Malaei er det underskot på reint vatn. Samtidig legg ho vekt på fargeskilnadane mellom Vestlandet og Malawi som eit kunstnerisk element. Kunstverket vert offisielt opna 20. september 2016.

Ved brønnen "Mirage" kan du pumpe deg reint og friskt vatn til vassflaska di!

Den gamle ferdselsvegen gjennom Sværeskaret

Frå gamalt av var vegen over Gaularfjellet og gjennom Sværeskaret den viktigaste ruta for fedriftene frå Fjordane til Sogn. Fedriftene gjennom Sværeskaret hadde stort omfang. År om anna vart det sendt kring 2000 dyr over Sværen. Driftekarane som gjekk Sværeskaret hadde beiterett både på Torsnesstøylen og nede i Sværen. På glatte fjellsva i skaret gjekk dyra ofte utfor, og difor vart det slege boltar i fjellet og lagt ut stokkar for å hindre ulukker (kjelde: NRK.no - Fylkesleksikon).


10-minutts gange etter brønnen "Mirage", kjem du til Torsnesstølen. Her kan du velje om du vil gå vidare til høgre på Fossestien, eller om du vil halde fram forbi stølen og til Sværeskaret.

På Torsnesstølen var det gamal skikk at sela skulle stå ulåste slik at ferdafolk kunne søkje ly om dei kom opp i uvêr. Sela skulle av same grunn vere rikeleg forsynte med ved - men det vart også gjort for at ikkje ferdafolk i naudsfall skulle brenne opp møblar og kjerald i mangel på ved i sela. 
Torsnesstølen - tilhøyrande gardane på Torsnes i Balestrand




Vi har nådd høgaste punktet på 764 moh og ser no mot Skarsvatnet.
Hytta i Sværeskaret ligg ved andre enden av vatnet. 

Vi er klar til å ta fatt på siste stykket langs vatnet,
og ser hytta på "hi sida"!


Små og store kosar seg ved hytta - flotte berg å springe på, og litt lenger bort på berga finn ein også nokre jettegryter. 




I Sværeskaret står eit minnesmerke reist over Hugleik Tungøen frå Oldedalen som omkom der i 1706. Etter uår og ras i Oldedalen gjekk han i 1702 til København for å be kongen om hjelp.

På ei liknande ferd til Oslo i 1706 vart han på heimvegen overraska av uvêr i Sværeskaret og fraus ihjel. Her er det reist eit minne om mannen, og det same er gjort i heimbygda i Oldedalen.



Vi kunne gått vidare på ferdselsvegen og kome ned til Sværefjorden i Balestrand, men denne gongen valte vi å gå attende til bilen. Turen vi gjekk er kanskje aller mest vanleg som skitur på vinteren - her har eg gått mange gonger i mine barndoms år - men er definitivt også å anbefale som sommartur!

Ein nøgd familie på veg tilbake frå ein fin tur -
sommartemperatur i september!
Turkart frå ut.no:

fredag 2. september 2016

Markahengenipa (605 moh) og Fossedalshengenipa (713 moh)


Vi svevar på ei sky av lukke på Markahengenipa, med utsyn til Eitrenipa og Fossedalshengnipa (lengst til høgre)!
Måndag var den einaste dagen denne veka det var meldt sol
- resten av veka har det regna og regna. 
Då er det godt å tenkje på at vi "strekte oss etter livet": 
heiv oss rundt, skaffa barnevakt og kunne nyte ein flott fjelltur. 

Fjellturen gjekk i fantastisk nipelandskap med masse små vatn. 
Ikkje rart DNT-hytta heiter Nipebu
når du har både Fossedalshengenipa (713 moh) og Markahengenipa (605 moh) rundt deg. 
På turen har du i tillegg også god utsikt til Eitrenipa

I alle fall: 
Fossedalshengenipa og Markahengenipa er fine avstikkarar på stien til Nipebu frå Markavatnet. 

Turskildring til Markahengenipa finn du på ut.no. 
Fossedalshengenipa og Nipebu har vi tidlegare omtalt i dette innlegget (klikk på linken). 
Med begge nipene som turmål, vart det totalt 11 km t/r. 

Denne ettermiddagen har vi levd på heile veka! :) 

God tur!


Utsikt frå Markahengenipa

Eitrenipa, Nordre Kringla og Fossedalshengenipa.

Vi måler krefter med fjellet.....


Markahengenipa sett frå Fossedalshengenipa