fredag 5. august 2016

Sjå deg ikkje tilbake: 1268 + 2500 trappetrinn i Høyanger!



Å gå i trapper til fjells, kan høyrast enkelt ut
- men eg skal love deg at du merkar det både i lår og leggar, 
og for mange vert også høgdeskrekken kraftig utfordra! 

Norges lengste trappetur er Flørlitrappene i Lysefjorden
med sine 4444 trinn. 

I Høyanger kan dei ikkje skilte meg like mange trinn, 
men dei har derimot to trappeturar. 
Turen på 1268 trinn ligg rett ved Høyanger sentrum, 
og har også sitt eige trappeløp - Gøyanger
Lenger inne i dalen - det som bokstaveleg talt heiter Dalen,
finn du ei lenger rute med 2500 trinn.
Her er det også ei trallebane.
Trappene var sentrale under bygginga av røyrgatene i 1916. 
Både trappene, røyrgata og trallebana er i dag historieberar 
om tida då industrien kom til Høyanger. 
Etter dette har trappene hatt stor betydning for å knytte Høyangerfolket til fjellet.

Gå begge trappene på ein dag
- eller ta dei som to ulike turar! 

Vi har testa begge med ungane: 
Når 1286 trappetrinn gjekk rimeleg smertefritt, 
så var det ingen grunn til ikkje å doble talet neste gong. 
Og med bading i Høyangerbadet som bonus, 
så er det fin turmotivasjon for små born! 

Trapp 1: 1268 trappetrinn - sjå deg ikkje tilbake!

Turen startar ved Riksveg 55 (hovudvegen) ovanfor Hydro.
Distanse: 600 meter
Høgdeskildnad: 45 - 356 moh
Dei raskaste går trappene på under 8 minutt....
Trappene er bratte, særskilt fram til trinn 580 med 40 % stigning 
- om du er redd for høgder, bør du la vere å sjå deg tilbake!
Så flatar det litt ut med 33 % stigning. 

Ved trinn 186 er det gøymt ein geocache. 
Det er berre å klyve til sides og finne cachen,
og unngå å snu seg...;)

Bendik er framleis litt skeptisk til høgdene, og held seg godt fast medan
mora loggar geocachen.
Turen startar ved Riksveg 55 (hovudvegen).
Distanse: 600 meter
Høgdeskildnad: 45 - 356 moh

Om du er redd for å gå trappene ned att, 
kan du ta til høgre inn på ein sti når du står på toppen av trappene. 
Denne fører deg ned på bilvegen som går til Siplo, 
og du kan gå denne attende til bilen. 

Dei aller første nervepirrande trappetrinna.... men snart er høgda gløymt!

"Hei - der oppe! Her kjem vi!"


Utsikt utover Høyangsfjorden

Trapp 2: Sjakk matt etter 2500 trappetrinn 


Køyrer du inn i Dalen i Høyanger, 
kan du gå dei lengste trappene på totalt 2500 trinn. 
Her er ikkje stigninga fullt så bratt som i sentrum,
men like fullt kan ein merke høgda her også.



Parallelt med trappene, går det ein sti,
så ein kan velje om ein vil ta denne i staden
- opp eller ned, eller begge vegar.

Når du har passert 2400 trappetrinn,
kjem du til ein avsats der det er malt eit sjakkbrett
og spelefigurar malt på runde steinar.
Fascinerande gjort -
og ekstra kjekt for ungane!


Går du heilt til enden av trallebana,
har du passert 2500 trappetrinn
- og kan gratulere deg sjølv med flott innsats!

Det er visstnok veldig fint å gå vidare innover fjellet.
Det har vi til gode endå, men det blir nok ein gong!

Det ser veldig skummelt ut å skulle køyre trallebana nedover....
Vi var så heldig at vi fekk sjå den i aksjon,
og den gjekk nokså roleg og kontrollert nedover!
Men det føltes likevel tryggast å gå ;)


Kart som viser kor trappene er i Høyanger:

10 kommentarer:

  1. Jøjje meg! Spekakulært og vakkert! Dette fikk jeg lyst å prøve!

    SvarSlett
  2. Dere er jammen tøffe! Ser så artig ut, men det er neppe noe for 70-åringer. Det er kjekt å se bilder og lese om turene, så jeg følger med.

    Fortsatt god tur-sommer!

    Klem

    SvarSlett
  3. Dette vet jeg ikke om jeg hadde turt...

    SvarSlett
  4. Hei. Gjekk dei 2500 trinnene i haust ilag med ein venn,var tungt men kom opp. Planen var og gå videre inn på bilvegen til nokre vann inn i fjellet men vi fant ut mørket ville ta oss så vi tok trappene ned igjenn også,har du bilder frå desse vatna er eg intr. sjå dei, Har planen opp igjenn der og ta med seg fjelltelt for og gå inn til nokre av dei vanna og fiske og ligge i telt.

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei igjen! Vi gjekk heller ikkje lenger enn opp trappene då vi var der, men har lenge hatt på planen å gå vidare innover og mellom anna opp på fjellet Havren. Så enn så lenge, så har eg ikkje bilete derifrå, men det kjem forhåpentlegvis ein gong :). Men har høyrt at det er veldig fint innover der, så det blir nok vellukka med teltovernatting og fisking der!

      Slett
  5. Høyangsfjorden, heiter det. Flotte foto! :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk! Høyangerfjorden er retta til Høyangsfjorden :) Flott du gjev tilbakemelding!

      Slett
  6. jeg har værtpå jellet mange ganger da jeg gikk på foleskoeln. har fisket i makkoren og har vært flere turer på harbakke. ønsker meg en tur til neste sommmer.håper at det er mulig å få kjørt tralla opp på fjellet-

    SvarSlett
  7. Jobba ca 1 år inn på fjellet ca 1 km fra trallebanen. Tunnellarbeid på slutten av 1970-åra, samla opp bekker til kraftstasjonen. Så den trallebanen har jeg tatt mange ganger.

    SvarSlett
  8. Jobba ca 1 år inn på fjellet ca 1 km fra trallebanen. Tunnellarbeid på slutten av 1970-åra, samla opp bekker til kraftstasjonen. Så den trallebanen har jeg tatt mange ganger.

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!