tirsdag 28. juni 2016

I verdas største leikeland kan du gjere mange ting....

I verdas største leikeland kan du balansere på ein stokk!

Har du som så mange andre familiar planar om besøk i fornøyelsespark i sommar? 
Kanskje skal de reise langt av garde - 
til Kristiansand, Legoland eller Liseberg?
Er du bekymra for ein dyr og hektisk ferie? 

Gløym då ikkje at: 

Verdas største leikeland er naturen! 

- lett tilgjengeleg, gratis og opent 24 timar i døgnet! 

Kan du ynskje meir?

Bergen og Hordaland Turlag hadde i helga offisiell opning av verdas største leikeland

I verdas største leikeland kan du: 
- klatre på berg og i trær
- lage kongledyr
- balansere på stokkar
- liggje på magen og drikke av ein bekk
- finne steinar forma som hjarte, firkantar m.m. 
- hoppe frå stein til stein på stien

www.mittlekeland.no finn du endå fleire tips til kva du kan gjere og kor du kan dra! 

Her er nokre glimt frå vårt leikeland - kanskje du får nokre tips og idear her også?

I verdas største leikeland kan du både leite etter geocache eller leggje ut ein ny!

I verdas største leikeland kan du padle i kano - Barnas turlag har mange kanoar liggjande til fritt bruk for medlemar. 
I verdas største leikeland kan du leite etter steinar med ulike former - t.d. hjarter!
I verdas største leikeland kan du gå på mikroeventyr -
utforske naturen rett utanfor døra di - kanskje finn du nok nytt?
I verdas største leikeland finn du mange spanande stiar!
I verdas største leikeland kan du leike med ord du finn på skilt!

I verdas største leikeland kan du gå på ski eller byggje iglo når det er vinter!

I verdas største leikeland kan du leite etter skulpturar i naturen -
her med bamsefar i lia!
I verdas største leikeland kan du gå på uttallige T-merka stiar!
I verdas største leikeland kan du besøke ei DNT-hytte
- ikkje heilt gratis, men nokså rimeleg....

I verdas største leikeland kan du ta ei natt i naturen!
#nattinaturen
I verdas største leikaland kan du besøke ei fyrlykt - her frå Skongsnes fyr som også er DNT-hytte. 
I verdas største leikaland kan du møte mange rare dyr!
I verdas største leikeland kan du nytte naturen som fjernsynsskjerm:
"Vi har ikkje sett på TV heile dagen.
For vi har jo vore på tur.

MEN:
Det er jo nesten som å sjå på TV det også
- for vi ser jo på naturen når vi går!"
(Sitat Sanna Oliva  6 år)


I verdas største leikeland kan du brenne bål og kose deg med mat i det fri!

Verdas største leikeland kan by på det meste
- nyttar du deg av det?
#mittlekeland

tirsdag 21. juni 2016

Skjult perle i Gaular: Eikeland - Årnesholten (765 moh) - Årnes

Frå Årnesholten ser du ned til Sande sentrum og vidare austover til Hauken, Skudal og Eikeland.
Storehesten ligg i tåka lengst bak. 
Laurdag morgon gjekk vi ein fjelltur vi har gått mange gongar før, 
men som nok er ukjend for veldig mange i Sunnfjord. 
Stien er ikkje merka, 
og det gjer nok terskelen høgare for å ta turen. 
Men den er vel verdt eit besøk!
Stiller gjerne opp som guide om du vil :)


Turen er i korte drag slik:
Eikeland - Eikelandstølen - Årnesholten - Årnestølen/Horsevikstølen - Årnes
Lengd: ca. 10 km om du går bilvegen attende til Eikeland
Tid: ca. 3 - 3,5 timar

Vi laga turskildring til denne turen tidlegare, og som vart publisert i avisa FIRDA for ein del år tilbake,
og den finn du også i dette innlegget:
Turskildring Årnesholten (765 moh) i Gaular

Men her er litt bilete frå laurdagens tur for litt turinspirasjon:


På veg opp Kyradalen frå Eikelandstølen ser ein nedover mot Økslandsvatnet. 

Såååå glad blir ein når ein står på varden på Årnesholten. Sjå dei flotte fjella bak!


Utsikt frå toppen over Nesavatnet midt i biletet.  Eikeland på sørsida av vatnet og Skudalen på nordsida. Fjelltoppen Klungeren som er kjent for mange, ligg ca. midt i biletet (rett bak Nesavatnet). 

Og snur vi oss motsett veg og byrjar å gå ned mot Årnesstølen, ser du dette flotte landskapet: Skardvatnet med stølane Årnesstølen og Horsevikstølen. Fin plass å overnatte i telt og fiske! Det er ein fin tur å gå opp eggja til høgre og vidare til Blåfjellet og ned att på andre sida av vatnet. 

Flott langs Skardvatnet!

På veg opp til Årnesstølen

Årnesstølen - her er plass for sjelero og kvile!





fredag 17. juni 2016

Geiranger: Storsæterfossen og Laushornet (1413 moh)

Spektakulær utsikt ved varden på Laushornet (1413 moh)
Geiranger er ein av Noregs største turisattraksjonar - og det er slett ikkje vanskeleg å forstå: kombinasjonen av fjord, høge fjell og fossar er noko av det unike Noreg kan by på. Sjølv for oss nordmenn opplevast det spektakulært å sitje på Flydalsjuvet og nyte den flotte utsikta og sjå cruisbåtar som kjem siglande inn fjorden.

Og for oss som er litt over snittet interessert i fjell og friluftsliv, så har Geiranger enormt mykje å by på! Alt frå padling langs fjorden, turar til dei mange fjellgardane til majestetiske toppturar.

Vi har vore i Geiranger fleire gonger og det gjev alltid ei god feriekjensle. Derfor vart det ei bubilhelg dit også i år. Kanskje dukkar vi opp att seinare i år også - for det er alltid noko meir vi oppleve!

Denne helga var det også Nibberittet - der deltakarane spring eller syklar frå Geiranger sentrum og opp til toppen av Dalsnibba - 21 km og 1500 høgdemeter. Det er berre å bøye seg i støvet for spreke deltakarar! Vi var ikkje klar over arrangementet før vi var der - så vi var berre ivrige tilskodarar ;)

I staden vart det familietur til Storsæterfossen og topptur til Laushornet for 1/4 av familien!

Litt fakta om turmåla: 


Startpunkt for turmåla:
Vesterås gård (kan også gå på merka rute heilt frå Geiranger sentrum eller Norsk fjordsenter)

Storsæterfossen - 2 km (30 min - 1 time ein veg)
Laushornet - 5 km (2-3 timar opp)

Begge turane er godt merka, så det er ingen problem å finne fram når du først har starta, så noko nærare turskildring er eigentleg ikkje naudsynt.

For meir informasjon om fotturar i Geiranger (inkludert dei ovanfor), kan du klikke på denne sida.

Ved start på Vesterås gård. Vi ser Grindalsnibba til venstre og Vinsåshornet til høgre. 

To søsken som er klar for tur!
Vi har vore til Storsæterfossen nokre gongar før - siste gongen var i 2011 då Sanna Oliva var 2 år og Bendik Matias 8 mnd, så dei hugsa ikkje så mykje til det. Denne gongen kunne dei gå på eigne bein. Det har tydelegvis blitt jobba mykje med stien dei siste åra - sherpaer har laga flotte trappetrinn, så ein går tørt og lett dei 2 kilometerane inn til fossen frå Vesterås gård. Det kom ei gruppe turistar frå cruisebåten som hadde kome inn tidlegare på morgonen, og dei gjekk i trange dongeribukser, fine toppar, handveske og sko av typen Converse eller tilsvarande. Men sjølv om det er fin og tørr sti, hadde eg nok valt eit litt anna antrekk....



På turen finn du også 2 geocacher: ein undervegs - "Almost there" som den heiter - og ein geocache ved fossen. Fin turmotivasjon for dei små!


Det unike med Storsæterfossen er at du kan gå bak den. Litt skummelt og det er mange advarselskilt, men ein godt tilrettelagt sti med rekkverk gjer turen bak fossen trygg.





Når ein kjem opp til Storsæterfossen kan ein gå vidare, bratt opp til venstre for å kome på Laushornet eller ein kan følgje ein sti vidare innover dalen til Vesteråssætra. Som sagt, så gjekk 1/4 av familien vidare til Laushornet og han kunne fortelle om ein fantastisk utsikt frå toppen! Neste gong er det min tur :). Her er nokre fleire bilete frå toppen:

Vi ser utover Geirangerfjorden og Ørnesvingane



 På returen såg vi ein stor flott geiter, og det var stor stas å få mate dei med gras:



 Er du nysgjerrig på andre turmål i Geiranger, så har vi skrive om fleire tidlegare:

Vinsåshornet (1343 moh)
Geitfonnegga (1453 moh)
Keipen (1379 moh) frå Homlong
Løsta frå Vesterås gård


fredag 10. juni 2016

No er det søren i meg sommer'n igjen!

Opp og ut å vekke sola 
så lita tid på denna jorda 
kom deg opp på himmelen 
nå er det søren i meg sommer'n. 

Årets første bad i Hestadfjorden - forfriskande kjølig i sommarvarmen!

me kan ikkje sova bort sumar natt 
ho kan ikkje ligga der heilt forlatt 
no livda det i lund og kratt 
og vi kan høyre både fest og skratt 

opp og ut å vekke sola 
så lite tid på denna jorda 
kom deg opp på himmelen 
nå er det søren i meg sommer'n 

Nå kan vi sitte der på trammen 
å se på sol oppgangen sammen 
bare fryd og gammen 
har du kaffen så har jeg drammen 

opp og ut å vekke sola 
så lita tid på denna jorda 
kom deg opp på himmelen 
nå er det søren i meg sommer'n.

å når morgenen står opp så snill og stor
og speila seg i vår fjord 
det dufter i fra dogfriskt jord 
og vi kan kjenne at livet gror 
ja vi kan kjenne at livet gror. 

Padling i blikkstille vatn med skyfri himmel
- det vi drøymer om heile vinteren!

opp og ut å vekke sola 
så lita tid på denna jorda 
kom deg opp på himmelen 
nå er det søren i meg sommer'n 

opp og ut å vekke sola 
så lite tid på denna jorda 
kom deg opp på himmelen 
nå er det søren i meg sommer'n 
søren i meg sommer'n 
søren i meg sommer'n igjen.
(Henning Kvitnes)



Eikelandsfossen - frodig og brusande grunna stor snøsmelt i fjellet