torsdag 26. mai 2016

Selstadheia / Steiefjellet / Nova (638 moh) i Gaular



Startpunkt: Selstadbrua på Sande
Lengd: 5,5 km t/r
Tidsbruk: 1 time opp +/- alt etter form.

Kjært barn har mange namn.... og slik er det også med mange fjell. På laurdag var eg på Selstadheia - som eg har lært å kalle fjellet. Andre seier Steiefjellet, og sjølve varden er plassert på eit punkt som etter kartet heiter Nova. Uansett - Selstadheia, Steiefjellet eller Nova - turen eg skal skildre er den same. Men eg kallar fjellet i framhaldet for Selstadheia!

Eg har berre vore på Selstadheia når eg har gått opp til Eikelandsstølen, vidare over til Haukastølen og derifrå opp til toppen, med retur via Selstadstølen til Hauken. Sjå turskildring her. Denne gongen ville eg prøve å gå stien frå Selstad og opp til toppen. Turen ligg inne som eitt av turmåla i trimpoengkonkurransen til #sprekifordekommune og dei fleste vil truleg starte turen frå Selstad.

Eg var usikker på kor stien starta, men ved god hjelp av ein forbipasserande, så hamna eg på rett plass med ein gong! Parkerte ved den gamle Selstadbrua på Sande:

Selstadbrua på Sande

Gjekk vidare mot Selstad, og stien startar ved den første garden du kjem til. Her er det eit fråflytta hus, og du kan anten gå gjennom grinda mellom huset og løa, eller opp på baksida av løa. Det går ein tydeleg sti rett over bøen, så det er berre å følgje denne. Det kan vere sauer på beite, så kanskje ikkje så populært å ta med hund.... På andre sida av bøen er det ei ny grind, gå gjennom denne og du held fram på god og tydeleg sti. Den er delvis merka med blått, men det er ingen problem å finne stien uavhengig av merkinga.

Stien startar i dette tunet på Selstad

Etter ca. 1,7 km med småbratt stigning, kjem du til Selstadstølen. Her står eit einsleg sel. 


Frå stølen er det er god utsikt over gardane Grøvlebakke, Foss, Hauken, Skudalen og vidare oppover Hestadfjorden, og mot dei meir kjende fjelltoppane Klungeren og Kjelstadnakken.

Rett over stølen må ein berre snu seg attende og nyte utsikta! Gardane på Hauken ligg midt i biletet. Fjelltoppane på andre sida av vatnet er Klungeren (til venstre), Kjelstadnakken i midten og Svarteknibba lengst bak. Årnesholten i forgrunnen til høgre i biletet. 
Frå stølen er det ca. 1 km vidare til varden på Nova - litt stigning i starten, men så over til lettgått terreng. Det er ikkje så god utsikt akkurat ved varden, men går ein fram på kanten i nordvestleg retning, så ser ein rett ned på Sande sentrum:

Sande sentrum

Ved varden på Nova, med utsikt nedover mot Øksland i retning Vadheim

Det er teikna inn ein sti til toppen på ut.no. Ut i frå kartet startar den lenger vest mot Sande sentrum enn det eg skildrar her. Eg har ikkje prøvd å finne dette punktet, men dei to stiane møtast uansett ganske raskt. 

4 kommentarer:

  1. Alltid fint å lese om turene dine selv om jeg neppe kommer til å gå der noen gang. Kan jo late som.......
    Det er ei kjempefin tid nå med lange lyse kvelder.....

    God tur-helg fra Ingunn

    SvarSlett
    Svar
    1. Turdrømmer er like viktige som dei ekte turane! God helg til deg også, Ingunn!

      Slett
  2. Tusen takk for denne kjempeflotte bloggen! Virkelig gull verdt for en som er nyinflytta i Førde :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk:) Håpar du vil trivast i Førde/Sunnfjord!

      Slett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!