tirsdag 19. januar 2016

Det perfekte livet....

Ingen har perfekte liv, men vi kan skape perfekte øyeblikk - også ved å nyte vakker utsikt frå jobben!


Det er ingen perfekte liv,
men vi kan fylle livet med
perfekte øyeblikk!

onsdag 6. januar 2016

Morgontur med NRK Sogn og Fjordane


Sjå kor flott morgon vi hadde! Foto: Stian Sjursen Takle - nrk.no/sfj

I dag hadde eg ein strålande start på morgonen: 
9 minusgrader og stjerneklart, 
klokka er nesten 8
og det er framleis mørkt. 

Men eg skal ut på tur opp Eventyrstien
med NRK Sogn og Fjordane
og vere med på direktesending. 

Reporter Stian Sjursen Takle direkte inne frå Einebenken på Eventyrstien
Fantastisk å kome opp i høgda, 
sjå lyset frå byen Førde, 
og sjå at dagen våkna til liv: 
gradvis lysare og soloppgangen over fjella! 

Kvifor gjer vi ikkje dette oftare? 


Direktesendinga kan du høyre på nettradio innslag 18 og 22. 

mandag 4. januar 2016

Solfylte juledagar på Skudalstølen


Sola snudde rett før jul, 
og vi går heldigvis lysare dagar i møte. 
Samstundes er dette ei tid då mange stader ligg i "skuggenes dal".
Vi har ikkje så mange dagar med heilt blå himmel på denne tida av året, 
så som regel tenkjer vi ikkje så mykje på det. 
Men det vert desto tydelegare dei få dagane himmelen er blå og sola skin på fjelltoppane,
og vi framleis er i skuggen...

Då gjeld det å oppsøkje stader der sola er!
Det gjorde vi denne juleferien, 
og dermed vart det eit par turar på Skudalstølen i Gaular. 
(Turskildring til Skudalstølen finn du her)
Her kunne vi nyte sola i både to og tre timar i løpet av turen.
Det var deilig det!







fredag 1. januar 2016

Intervju om 300 uteturar i NRK Sogn og Fjordane



Eg vart oppringt av NRK Sogn og Fjordane og vart intervjua om at eg nådde målet om 300 uteturar i 2015. Totalt 307 uteturar og det er eg veldig nøgd med - spesielt sidan eg ikkje har stressa med å greie målet, men det har vore i bakhovudet mitt og har nok sparka meg ut på nokre fleire turar enn det elles hadde blitt. 

Intervjuet kan du lese her: