mandag 30. mars 2015

Våren er på veg!

Palmesøndag i Førde: elvevandring, geocaching og vårkjensle!


Blomster små
Gule, blå
Titter opp av marken nå.
Vinker til Sanna-lill, 
For hun er så snill!

lørdag 28. mars 2015

Tilstand av natur

Steffen Ben bloggar:
Du lever

Du rusler gjennom skogen,
med sol på hendene dine
som varmen av blyge kjærtegn.
Da trår du på en kongle på stien,
kjenner det mjuke trykket av den
gjennom sålen på skoen din.
En liten hendelse, så liten at
den nesten er ingenting.
Men vær hos den
med hele ditt menneske.
For det hender deg på Jorden dette.
Du lever. Lever.
Hans Børli

Laurdag 28.03.2015: Sanna Oliva og Bendik Matias på tur med mamma og pappa i Naustdalsfjella







Inntrykk i eit barnesinn, referansar for livet

torsdag 26. mars 2015

Har du planlagt påsketurane?

Påska 2015 står og bankar på døra vår - og har du planlagt kvar turen skal gå? 



Nokre spenne skia på rett utanfor hyttedøra si - andre likar å gå ulike toppturar. Nokon set pris på at våren nærmar seg, og vil helst nyte turar til fots eller rett og slett til sjøs. 

På denne tida av året kan du faktisk finne turar til alle slags føremål - anten du vil vere på sjøen, til fots, på truger eller på ski. Og det manglar ikkje på gode turtips: 


Ut.no tipsar deg om 6 retro påskeferieturar

VG.no gjev deg tips til kor du kan finne fjellpåska som passar deg.

Dette er det vi drøymer om i påska - sol frå skyfri himmel og eit snødekt landskap.....

Eller kanskje du kan hente nokre idear og inspirasjon frå påsketurar vi har blogga om tidlegare: 

Ski/truger (eller til fots om det er skare):



Turar som mest truleg kan gåast til fots i påska: 

Det er vårleg på Einingsfjellet i Fjaler!


Elles så er det jo berre å leite etter tips på bloggen! Bruk etikettane på høgre meny-side og vel kva kommune du vil på tur i - så får du opp alle innlegga som gjeld den kommunen.


















Er det meldt dårleg vèr - seier du? Desto viktigare er det å ha planane klare om godvèret brått skulle vere der likevel!
Ikkje dei heilt beste meldingane for påska 2015.... men vi satsar på at det snur!

onsdag 25. mars 2015

Fjellvett på nynorsk

Denne påska kan vi leggje ut på tur tryggare enn noko gong....

Påsketur på Venevasseggja på Rørvikfjellet,  påska 2013

Etter å ha eksistert sidan 1950, 
vil mange seie at det er på høg tid: 

No har vi endeleg fått fjellvettreglane på nynorsk! 



Kling dei ikkje vakkert i øyra dine?

God påsketur 2015!

Påsketur på Fauskevarden i Førde i 2013 - eit populært turmål i påskene. 

fredag 20. mars 2015

"Kva skal eg gjere på då, mamma?"

Hafstadfjellet var vekke i skyene, men vi fann mamma og pappa sin arbeidsplass


"Kva skal eg gjere på då, mamma?" 
spurte minsten,
då storesystra var invitert i bursdag. 
"Kva har du lyst å gjere på?" spurte eg attende. 
"Gå på tur!" sa han
"Kor du vil på tur hen då?" spurte eg
"På Kletten" svarte han

Når dei små vil på tur, 
så kan vi jo ikkje seie nei! 
Så då vart det slik!

Og trass i litt surt vèr, 
så var vi begge einige om at det var ein veldig fin tur!


Tidlegare innlegg om tur til (Haugum)Kletten finn de her: 

mandag 16. mars 2015

Takk - Åsmunds skiskule!


I dag var siste dag med Åsmunds skiskule
i Instedalen skianlegg i Naustdal. 
Sjølv om vi no er komen i vårmodus, 
så er det også trist at vinteren snart er over. 
Den har gått så fort! 

Kvar måndag sidan nyttår har vi delteke på skiskule. 
Sjølv om det har vore litt stress på ettermiddagen, 
og legginga blei ein time forseinka, 
så har det definitivt vore verdt det!

For to små har fått kjent på skiglede, motivasjon og meistring.
Utruleg mykje læring på kort tid - 
kjekt for dei små og kjekt å sjå for oss vaksne! 

Så, takk - Åsmund for at også vi "utanbygds" i frå får delta! 
Vi dukkar fort opp att også neste vinter!  
Stolt jente som har motteke diplom for flott innsats!

To jenter som er klare for siste dag med skiskule!
Mykje moro har dei hatt desse måndagane. 

Skiskulen vart avslutta med felles bålkos.

Instedalen Skianlegg er eit anlegg som er godt eigna for dei aller minste, 
samstundes som her også er høve for dei vaksne å gå lenger turar. 
Meir informasjon finn du på denne facebooksida.
Eitt godt val om du vil ha eit alternativ til folkehavet i andre skianlegg ;)

torsdag 12. mars 2015

50 % vår og 50 % vinter!


Det byrjar å vårast i låglandet, men jammen ligg det framleis mykje snø i høgda:
 Hornnesstølen 544 moh. Varden ligg gøymt inne i sirkelen til høgre - så boka kan vi berre gløyme å signere!

Det går ikkje an å gjere anna enn å smile av vèret dei siste to dagane, 
og meir sol har vi i vente!!!
Etter ein lengre periode med regn og ustabilt vèr, 
kan ein heller ikkje gjere anna enn å nytte høvet til å kome seg ut og NYTE!
Og om ikkje sjansen byr seg for dei store toppturane, 
så kan ein gle seg STORT over mindre lufteturar også! 
Eg har i alle fall kosa meg raske turar på Hornnesstølen og Legjestølen. 
Så satsar eg på at helga byr på meir friluftsliv saman med familien! 

I låglandet kan vi no nyte at våren er i anmarsj, 
men kjem du i høgda, så er det definitivt vinter framleis. 

Ha ei aktiv og solfylt helg
- anten du vel våren eller vinteren!


Frå dagens tur til Legjestølen. 

50 % vår og 50 % vinter: 
Halve taket er snøfritt, medan det ligg ei stor snøfonn på den andre halvdelen. 
Det lille biletet viser snømengda for ei lita veka sidan, så det har no minka - trass alt :)

lørdag 7. mars 2015

På kyrkjeferd til Brendåsen (193 moh)

Ute pøsregnar det, og det er tid for å drøyme seg tilbake til gamle turar. 
Våren nærmar seg, - og kanskje er du på leit etter nokre fine tidlege vårturar?
Her får du eit turtips i Ytre Fjaler - ein tur vi tok i februar i fjor: 

Når du er ute og går tur - i litt vått kystlandskap - og går gjennom skogen med mål om å kome opp på ei høgde med utsikt, så forventar du ikkje at det dukkar opp eit stort berg midt i skogen. Endå mindre reknar du med at det i dette berget er rissa inn nokre teikningar. Desto mindre forventar du at denne teikninga er av ei kyrkje... Men dette opplever du faktisk når du går på tur til Brendåsen (193 moh) i Fjaler!



Teikninga i berget var ei positiv og artig overrasking for oss i turfølgjet - 4 vaksne og 2 små på veg opp mot ein ny "fjelltopp". Med ei høgd på 193 moh, så skal det vel litt til at det vert rekna som ein fjelltopp - og derfor er nok namnet "ås" meir rett; Brendåsen. Fjell eller ikkje - åsen er ein av tre turar som er med i turtrimmen til Fure IL i Dalsfjorden. Dei to andre er Einingsfjellet og Bygdeheia som vi har besøkt fleire gonger tidlegare. Men dette var vår første tur på Brendåsen.



Attende til kyrkja i berget: Teikninga skulle forestille Askvoll kyrkje, og ved berget var det hengt opp ein plakat som fortalte historia bak. Denne måtte lesast høgt for dei små både på opptur og nedtur:


Turen til Brendåsen er for øvrig ein fin, barnevenleg tur. Delar av turen går inne i "skogen", men når du kjem opp på toppen får du flott utsikt nordover og sørover langs kysten. Det er sett ut benkar på to ulike utsiktspunkt. Ved den eine er det også bygd ein stor varde, og det er her du finn boka til fjelltrimmen.


Det er to ulike startpunkt: Ved Håvåg der det er 2,5 km til toppen, og der som vi starta - ved Fure mekaniske - der det er skilta med 1,5 km til toppen. Rett nok viste mobilapp'en vår at vi hadde gått nesten 2 km når vi nådde toppen, og det trur eg stemmer betre enn 1,5 km. Turen er godt skilta undervegs, så har du funne startpunktet, så finn du også fram resten av vegen!







Øya Alden - Den Norske Hesten - tronar fint over havet! 

Utsikt mot Granesundet med Atløy til venstre og Askvoll til høgre. 


Kartutsnitt frå ut.no som viser dei 3 fjelltrimpostane til Fure IL: Einingsfjellet, Bygdeheia og Brendåsen. 

torsdag 5. mars 2015

Å nyte framfor å yte...


På tur med barn handlar det om å nyte framfor å yte!
Sanna Oliva nyt utsikta over Førde på Einebenken. 
I helga tok vi med oss ungane opp i Gapahuken ovanfor oss. 
På vegen går vi Eventyrstien, 
ein sti med tilrettelagde trapper og benkar undervegs. 
Vanlegvis går eg raskt oppover, 
med mål om å kome fram så fort som mogeleg. 
Då tar eg meg ikkje tid til å stoppe undervegs.
Slik blir det gjerne på turar eg har gått mange gonger.  

Men på tur med barn blir det annleis: 
Dei skal utforske, 
dei skal sjå, 
og sjølvsagt må dei teste ut alt dei ser undervegs!

Eventyrstien har mange benkar med fine namn: 
"Ventebenken, Svermebenken, 7.benken"
Siste benk før Gapahuken, er Einebenken. 
Her har du flott utsikt over Førde, 
og i solskin kunne eg glatt kosa meg med ein kaffikopp her! 
Men det har eg aldri gjort...
knapt tenkt på at eg skulle gjere det heller
- for målet er jo Gapahuken litt lenger oppe! 
Eller heilt på Hornnesstølen om eg har tid til det. 

Men born tenkjer annleis
Denne benken måtte prøvast.
"Sjå kor fint det er her, mamma? Var ikkje dette ein flott benk?".
Om mamma måtte berre nikke samtykkande, 
og litt tankefull....
kvifor har eg ikkje tenkt på det før? 

Friluftsliv og turar kan ha ulike mål: 
Nokre gonger er det trim og frisk luft som har fokus. 
Men det viktigaste er å NYTE 
- få med seg alt det ein har rundt seg,
puste ut og nyte den friske lufta. 
Også på kvardagens turar - dei vi har gått så mange gonger før!

Barn er flinke til å minne oss på dette 
- heldigvis - 
sjølv om turen då tar litt lenger tid!

Kva seier du til ein kaffikopp på denne benken ein solskinsdag?