onsdag 30. desember 2015

3 stølar og 1 topp i Gaular!

På dagens tur fekk vi kjenne på naturkreftene: lunt i liene, men svært kraftig vind på toppen. Artig å bli "kasta" bortover av vindkasta og å legge seg framover i 45 graders vinkel... Ein fin tur der vi først gjekk på Eikelandsstølen, så vidare til Haukenstølen, deretter via Haukaheia til varden på Selstadheia med retur ned att via Selstadstølen til Hauken.

lørdag 26. desember 2015

300 uteturar i 2015!

For 2015 sette eg meg eit mål om 300 uteturar i 2015 - det målet vart nådd i dag!!! Det beste er at eg har nådd målet utan å stresse, samtidig som det har gitt meg det lisje sparket til å ta nokre ekstra turar! Jubileumsturen gjekk til Nedrestrandstølen ved Hestadfjorden i Gaular.

mandag 21. desember 2015

Klar for å starte tidleg på nyttårsforsetta?


Det er ingen grunn til å vente til nyttår med å trimme av seg juleribba - 
du kan like gjerne starte no! 
Bli derfor med på prosjektet: 

Kom i form med 20 turar er blitt eit populært prosjekt mange stadar i landet. 
Nokre skal gå 20 gonger på Stolzen eller 20 gonger på Ulriken. 
Her i Førde har vi vore ein liten gjeng som har gjennomført
"Kom i form med 20 turar i Førde". 
Formålet var å gå 20 gonger på inntil 3 utvalte turmål i løpet av 3 månadar. 

No er vi i gong med eit nytt prosjekt som alle kan vere med på, 
uavhengig av kor ein bur eller kor ein går. 
Målet er 20 UTETURAR i løpet av 2 månadar. 

Vilkåret for at det skal telje som tur er: 
1. Turen må gå UTE
2. Du må vere i moderat fysisk aktivitet i minimum 30 minutt. 
3. Turane må gå i tidsrommet 21. desember-15  - 20. februar-16.

Aktivitet vel du sjølv frå gong til gong: 
spasertur, joggetur, sykling, ski, fjelltur, skøyter, roing eller anna. 

Turmål vel du også sjølv - du kan gå kor som helst og du kan variere turmåla så mykje du vil. 

Interessert? 
Meld deg på arrangementet på facebook her


Kor mange klarar vi å få til å delta på arrangementet? 
Og kor mange fullfører til slutt?

mandag 14. desember 2015

Tradisjonsrik grauttur på Hunsrasta



Advents- og juletid er høgtid for tradisjonar.
Grauttur med Barnas turlag Førde står fast på turprogrammet i desember.

Årets tur var tilbake på Hunsrasta der den tradisjonelt sett har vore.
(i fjor gjekk turen på Mostien).
Julestemninga vart på topp ettersom det var kome ein god del snø siste døgnet.
Dei som hadde tatt sjansen på skiføre gjorde eit lurt val.
Vi andre gjekk til fots og det gjekk rimeleg greitt det også.
Mange små fekk skyss på akebrett når det vart for tungt.
(og dei vaksne fekk dermed trimma seg litt meir...)

Vanskeleg å telje opp ein stor og spreidd flokk av born og vaksne,
men det var nok i overkant av 100 som møtte opp.
Julegraut, bålpanne, pepparkaker, gang rundt juletre
og ikkje minst:
Nissebesøk med klementiner og nissesjokolade!




fredag 11. desember 2015

Fjellfolk: Gratulerer med dagen!

Visste du at det er FN's internasjonale fjelldag i dag? 
Så derfor: 

Gratulerer med dagen til alle fjellentusiastar!

Fjelldagen har eksistert sidan 2003, og kom i kjølvatnet av 2002 som var det internasjonale fjellåret. Føremålet med dagen er å skape forståing for betydninga av fjellområda og utfordringane vi står overfor når det gjeld befolkning, levevilkår, næringsutvikling og miljø.


Gå ut og nyt brusande fossar, høge tindar, isblå brear og vakre dalar, oppmodar Den Norske Turistforening:

Ferie i Norge, og gjerne til fjells, er blitt et like viktig «must» som badeferien. Vi er utrolig heldige som har naturen så tett på oss og lett tilgjengelig. Fjellturen vinner stadig nye tilhengere, du får frisk luft, opplever mestring, kommer i bedre form og kan kombinere det med sosialt samvær med venner og familie, sier kommunikasjonsrådgiver i Den Norske Turistforening, Mari Stephansen, til ABC Nyheter.

Vi har mange vakre naturopplevingar rundt oss, så berre gå ut og nyt. Været er kanskje ikkje det beste, men då slår eg eit slag for nærturen: 

Passande fjellturar i desember er t.d: 

Hafstadfjellet - Førde sitt byfjell som vert gått på året rundt (stort sett): 

Plukk fram pepparkakene og ta ein tur til ein gapahuk i nærleiken: 

Eller kva med ein tur på Mostien

Eller kanskje er det ein god dag å hente juletreet på? 
Her i frå juletrehogst i Jonstadlia i Naustdal for nokre år sidan: 

Og rakk du det ikkje i dag, så ta turen i morgon! 
Kva med å bli med Barnas turlag på grauttur? 

onsdag 9. desember 2015

Er du klar for skisesongen? Er alt utstyret på plass?


"Her kommer vinteren, 
her kommer den kalde, fine tida..."

Dette er vel draumebiletet av vinteren: 
snø, sol frå skyfri himmel og skispor....

Vinteren er allereie komt i delar av landet. 
Vi andre lyt visst vente litt endå - her regnar det i alle fall i bøtter og spann for tida. 
Men brått er den her: 
snøen som lavar ned frå himmelen, 
bakken som blir kvit, 
og brått tittar sola fram!

Er du då klar? 
Har du klargjort skiutstyret ditt og kan sprette rett ut i skisporet?

Eller kjem du då brått på at du øydela bindingen i fjor, 
skiskoa var litt slitne eller at staven knakk? 
Kanskje er du misnøgd med skia dine og ynskjer deg nye?
Kanskje har du ein ven, kjæraste eller eit barn som du vil gje ski i julegåve?

Er du som meg, så blir du kanskje litt forrvirra blant alle merka og typane du kan velje mellom: 
Skal eg ha ski som må smørast eller skal eg ha smørefrie, 
skal eg ha vanlege langrennski eller skøyteski, 
kor lange skal dei vere, 
skal dei vere tunge eller lette...????

Når du spør,
så får du like mange ulike svar som tal personar du snakkar med...
Som Nordstoga syng det: 
"Alt for mange gode råd, gjev altfor mykje å tenkje på!"

Og når du endeleg har bestemt deg for ski, 
så må du ta stilling til kva slags bindingar du skal ha,
kva slags sko du skal ha, 
og til sist kva slags stavar....

blir nesten matt ved tanken....
Trur heller eg tar på meg fjellskoa og tar meg ein fjelltur! 

Heldigvis er det løysingar for oss som ikkje har den store kunnskapen om ski og skiutstyr: 
Outnorth har nemleg lansert ein skiguide som kan hjelpe oss med å velje utstyr. 
Her kan du taste inn høgde og vekt, 
og du får råd om kva skilengde du bør ha, 
du kan velje mellom smørjefrie, base, prisgunstig, førsteklasses eller Outnorth si tilråding. 
Dei har fleire ulike skimerke å velje mellom: Fischer, Madshus, Salomon, Atomic og Rossignol.
Når skia er valt, får du vidare tips til kva skisko, bindingar og stavar du kan velje. 

Outnorth sine sider, kan du i fred og ro studere kva du skal kjøpe, 
leike deg med å plukke ut ulike typar og sjå kva pris du kjem ut med. 
Og når du er klar, er det berre å leggje det i handlekorga, 

og vips så har du nytt skiutstyr til jul :)



Innlegget er sponsa

tirsdag 8. desember 2015

Inga dekning - men great connection lell!

Det er dårleg med mobildekning der biletet vart tatt, 
men OneCall likte biletet likevel: 


Biletet er publisert i siste utgåve av Fjell og Vidde nr. 6 2015. 

Del dine bilete frå tur-Norge, og ver med i konkurransen du også!
#onecalltur

Og her er originalbiletet: 

Biletet er tatt på veg til stølen for å stenge for vinteren. 
Den turen kan du lese om i dette innlegget: