søndag 18. oktober 2015

Strålande hausthelg!

Familietur til Frøyslandsstølen frå Gaularfjellet: 



Kjærastetur til Kjelstadnakken (1050 moh) i Gaular - 
start frå Hestad, opp til Hestadstølen, via Gygra, så vestover til Kjelstadnakken, 
med retur om Skudalsstølen og Skudalen. 






tirsdag 13. oktober 2015

Dagen vi ikkje ville sleppe...

Steffen Ben bloggar:


Det kan ha vore vissa om at dagen var komen.  Merka det i heile meg: Litt tyngre å knyte fjellskoa på foten i dag, enn som vanleg er. Sjølv om eg så uendeleg godt visste at ein fin vandringstur stod for tur også denne gongen.

Sola skein over Storevatnet, frå sør-vest. Visst gjorde den det! Haustspelet, med purpurraud lyng og fjellbjørk med okergult bladverk, stod som eit flammande fargespel i liene ut langs vatnet. Likevel - noko skugga liksom for den totale naturopplevinga. Denne dagen.


For vanlegvis - på veg til Jonstadstølen - kjenner eg på salegheit og glede, frigjort frå tid, støy og sut. Fullkomen fred, fullkomen motstandsløyse i stega - fullkomne forventningar, der eg går ut langs Storevatnet, passerer Gråbeinsholmen og over myrane, mot ein støl med anar like attende til 1600-talet.




Ja, det vere vissa om at sesongen på stølen med eitt er over som skapar ettertanke, og aldri så lite vemod i sjela. For haustturen ut på stølen i oktober følgjer rituala slik dei plar vere; skoddene skal for vindauga - overskotsmat skal gøymast unna så ikkje mårkatten luktar "hovudrett" og kjem luskande og gjer selet ille. Båtar skal i nausta. Vedastrokken skal fyllast til randa med finkløyvd bjørkeved, klar til å fyre opp om det blir skitur ut i påska. Og musegifta skal leggjast ut...

Men det er det eg og mine næraste opplever her ute mellom kvar gong vi "gjer av stølen", eg likevel minnast med størst godheitskjensle: Alle dei små episodane på dei fine vår-, sommar og haustturane - eller summen av dei -  er det som gjer Jonstadstølen og Jonstadvatnet til dèt det er: eit rike der vi alltid har det godt. Kort hit frå Førde og Naustdal - men akk så langt vekke frå kvardagslivet! Ein fredens plett vi støtt vender attende til, fysisk; eller berre gjennom draumane om at vi er der. Kanskje er desse like viktige?

For her kjenner eg alle inn- og utfartane til stølen. Eg veit om plassar, idyllar, som eg trur berre er mine. Så er her enno fjell og knausar eg ikkje har prøvd;  tråkk eg ikkje har følgt til endes. Kulpar som ikkje har kjent kroppen min.


Nokre av livets finaste stunder har Jonstadstølen gjeve meg - og dei tre næraste kring meg. Små glimt av total lukke, fullkomen fred - og grenselaus fridom for smånurka våre i naturen vi så raust er velsigna med. 


Kanskje får det så vere, då, denne søndagen i oktober, at vi har "gjort det som gjerast skal" her ute i Naustdalsfjella: At vi kan sei "takk for no", eit halvt års tid. Om då ikkje vêrgudane gjer at vi kan smette til oss ein tur ellet to til før snøen legg sitt teppe over landskapet.