torsdag 3. september 2015

Vilt og vakkert: Fremste Skeisnipa (1420 moh) og Flatbrehytta (994 moh) i Fjærland

Siste stopp på dagens tur - Flatbrehytta (994 moh) med si fantastiske utsikt over Fjærlandsfjorden

I dag har vi gått ein fantastisk flott, men krevjande tur i Fjærland: 
Vi starta frå krysset der du tar av inn til Supphellebreen, gjekk i stupbratt bukkemark opp til Skeisnipa (1110 moh) og vidare innover eggja til Fremste Skeisnipa (1440 moh). Deretter tok vi ned til Tyskarbotn og gjekk skrålies mot Flatbrehytta (994 moh). Frå Flatbrehytta gjekk vi den merka ruta ned til Øygard og langs bilvegen tilbake til bilen.

Dette er definitivt eit av årets turhøgdepunkt, og kjem også høgt opp på lista av alle turar vi har gått. Ein vill og spektakulær tur, men krevjande - turen kan på alle måtar anbefalast med tanke på utsikt og oppleving, men bør berre gåast av særs fjellvande folk. Den vanlege turen t/r Flatbrehytta frå Øygard kan derimot gåast av dei fleste som likar motbakkar - godt opptrakka sti som er lett å gå på, om enn bratt (nærare 1000 høgdemeter). 

Frå startpunktet ved bilvegen ser vi oppover ruta vi skal gå. Skeisnipa er høgaste toppen. 
Flott utsikt over Fjærland og Fjærlandsfjorden ganske raskt. Opp til dette utsiktspunktet er det merka sti. 
Vi stig bratt oppover, men har mange høgdemeter igjen. Her er vi på omlag 900 moh. 
Eggja opp til Fremste Skeisnipa (1440 moh) såg veldig bratt ut! Heldigvis var det mykje lettare enn venta. 
Vi er så vidt i gong med oppstigninga til Fremste Skeisnipa og ser attende på eggja vi har gått langs. 
Endå litt høgare opp får vi igjen utsikta over Fjærlandsfjorden. 
Frå Fremste Skeisnipa ser vi både Bøyabreen (til venstre) og Flatbreen (til høgre). Flatbrehytta ligg rett under Flatbreen. 
På veg frå Tyskarbotn og mot Flatbrehytta som du ser omlag midt i biletet. 
Straks framme på Flatbrehytta - sola titta fram igjen og vi kunne kose oss i hytteveggen før vi starta nedstigninga
Frå Flatbrehytta ser vi kvar vi har gått: gjekk opp fjellsida til venstre i biletet, langs heile eggja og opp på Fremste Skeisnipa. Vi gjekk så ned att der snøen framleis ligg mot Tyskarbotn. 
Flatbrehytta med Fremste Skeisnipa til venstre og Tyskarnipa til høgre. 
Flatbrehytta (994 moh)
Ingenting å seie på utsikta frå utedoen til hytta!

7 kommentarer:

  1. Du snakker! For en fin tur dere har gått! Her gjelder det å ha både styrke og utholdenhet.
    For en glede det er å være i så god form og i tillegg ha en god turkamerat!
    Artig å se bilder fra turene deres. Liker så godt bratte fjell og dype daler.

    Lykke til med "Kom deg ut-dagen"! Regner med dere er aktive....

    God helg fra Ingunn

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det er veldig kjekt å vere i stand til å gå slike turar. Er veldig takknemlig for at kroppen min fungerer - kan ikkje ta for gitt at det er slik! Og ja - veldig kjekt å kunne dele turgleda saman som par :) Bratte fjell og djupe dalar - med fjordutsikt er det flottaste som finst!

      "Kom deg ut- dag" blir det ja - nokon er med og arrangerar og så kan nokon av oss berre nyte dagen!

      God helg til deg også, Ingunn!

      Slett
  2. Det er SÅ fint å lese de gode beskrivelser av turene dine! Og bildene; ja dette er veldig bra! Jeg fikk jo lyst å gå denne også. Men "særs fjellvante" kategorien er jeg usikker på om jeg er i! Det siste bildet var ekstra fint! Riktig god helg fra Birte

    SvarSlett
  3. Forsøker å finne "krysset der du tar av inn til Supphellebreen": Har du en kartangivelse? Er det øst, vest eller syd for Skeisnipa?

    SvarSlett
    Svar
    1. Beklager - såg ikkje denne meldinga før no.... av ein eller grunn får eg ikkje lenger varsel når det kjem kommentarar. Om du zoomar inn på eit kart i Fjærland (t.d. ut.no), vil du finne brua over elva og vegen innover Supphelledalen. Det er godt merka når du kjem køyrande. Fekk ikkje lagt inn noko vedlegg her.

      Slett
    2. Du går opp i front av Skeisnipa (opp egga) - blir vel primært syd for toppunktet (ved inngangen til Supphelledalen)

      Slett
  4. Ok, tror jeg ser det på kartet. Første kryss etter man har krysset elva.

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!