onsdag 26. august 2015

Karakteristiske Eggenipa (1338 moh) i Gloppen

Eggenipa - midt i biletet - sett frå støylsvandring på Utvikfjellet. 
Eg (vi) likar veldig godt å bestige fjell som er blikkfang for auga når ein kjem køyrande langs vegane. "Tenk - der oppe har vi vore!" kan vi då seie neste gong vi køyrer same vegen.

Eggenipa (1338 moh) i Gloppen er fjellet "alle" som køyrer  sørover E39 frå Byrkjelo legg merke til! Karakteristisk med si spisse form ser det ut som det er umogeleg å kome seg til topps utan å klatre!

Slik er det heldigvis ikkje: Det er faktisk mogeleg for dei aller fleste å kome seg til topps på Eggenipa! Godt merka sti og sikra med kjetting på nokre få vanskelege parti, så går det veldig greitt å kome seg til topps. Eg har vore der to gonger - første gong i 2006 og sist no for ei lita veke sidan. Første gongen gjekk vi til topps og tok vidare rundtur sørover mot Heggheimsvatnet. Forrige veke gjekk eg tur/retur same veg. Begge deler er fint, men rundturar er jo alltid kjekt å kunne ta.

Turfakta: 
Startpunkt: Egge ved Bergheimsvatnet i Byrkjelo. Bomveg opp til parkeringsplass rett før Eggjestølane
Høgd: 560 - 1338 moh
Lengd: 4 km til toppen, 9 km totalt om ein tar rundtur sørover mot Heggheimsvatnet.
Tidsbruk: 1,5 - 2,5 timar til topps. Rundtur 5-6 timar.

Stien er godt merka, både med skilt der du tar av ved E39, og når du startar sjølve turen frå parkeringsplassen. Stien går beint mot foten av fjellet og opp lia. Deretter er det meir eller mindre bratt stigning heilt til topps. Første del av turen er myrlendt. Små parti med klyving frå ca. 1000 moh og oppover. Det kan verke luftig einskilde stadar, men dei fleste blir overraska over kor brei ryggen faktisk er. Eg vil meine at dei aller fleste greier å ta turen, og eg opplever at ein har trygt og godt fotfeste heile vegen. Men er du høgderedd, så kan det vere utfordrande nok.

Det er lagt ut kjetting på enkelte vanskelege
parti. "Vart du skremt no?" ;)
Sjølvsagt har også Eggenipa sitt eige motbakkeløp - og Eggenipa OPP 2015 er førstkomande helg, søndag 30. august. Løpet er ope for mosjonistar også, så likar du å gå tur i selskap med mange andre, så kan du nytte sjansen då. Løpet startar då frå "Eggenipasiloen" og du får ei total stigning på 1180 moh - altså ein tyngre og lengre tur enn om du går frå Eggjestølane.

Opp der skal du om du vil på Eggenipa!
Utsikt mot Bergheimsvatnet og Byrkjelo på veg opp mot Eggenipa

Tydeleg sti og god merking, men bratt stigning!

Eggja oppover ser langt farlegare ut på avstand enn den i realiteten er!


Utsikt mot Jølster og Jølstravatnet

Varden på toppen av Eggenipa. Fjellet Vora bak til høgre.
Fjellryggen opp mot Eggenipa (midt i biletet) sett frå oppstining til fjellet Vora (der Steffen var dagen etter).

Turen til Eggenipa er også omtala i Opptur Sogn og Fjordane tur 23-02 og på ut.no.

Kartutsnitt frå ut.no




4 kommentarer:

  1. For en virkelig flott tur! Kjenner at det er forlokkande med en ego tur snart, og ser du har hatt en super tur :-)

    SvarSlett
  2. Godkveld, På vei gjennom Våtedalen fredag tenkte jeg på denne turen og at den vil jeg gå ved neste korsvei! Tenkte spesielt på toppen av fjellet da jeg kjørte forbi.. At det kom til å bli vanskelig å komme helt opp.. Takket være deg ser jeg nå at dette skal gå fint!

    SvarSlett
  3. Hei. Det bratte partiet der ein må bruke kjetting, er det langt fra toppen? Er turen verd gå om ein ikkje kjem seg videre der?

    SvarSlett
    Svar
    1. Du er komen ganske langt når du kjem til kjettingane, ja. Utsikta mot Breim får du uansett om du ikkje kjem lenger, så tenkjer det er verdt det uansett. Det du misser er utsikta i retning Jølster/Stardalen når du kjem på toppen. Så vidt eg hugsar, så er kjettingane lagt ut på parti der det er glattare berg med få gripetak, så det er ikkje nødvendigvis der det er luftigast. Det ser mykje verre ut nede frå dalen enn det opplevast når ein går, så for veldig mange går det mykje lettare ein dei hadde trudd. Men har ein veldig høgdeskrekk, så er det jo vanskeleg å vite korleis ein reagerer når ein står der.

      Slett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!