mandag 13. juli 2015

Skudalsstølen i Gaular - ein fredfull plett


Skudalsstølen ligg fint og fredfullt til ved .... Går du vidare opp på fjellpartiet i bakgrunnen, kjem du på Kjelstadnakken.

Stølsturar er ofte fine familieturar:
Passeleg langt for mindre bein, 
og det er spanande å kome fram og sjå seg om på stølsvollen. 
Kor mange stølshus er det? 
Er det kasse med bok i?
Kanskje ser vi gamle fine ting i vindauga?
Og kanskje er det vatn vi kan bade i?

Skudalsstølen i Gaular kan by på alt dette. 
Desverre vart sola meir og meir vekke i løpet av turen, 
så bading vart det ikkje denne dagen. 
Men kanskje ein annan gong!


Ein liten kar som tar ein pustepause på veg opp.
Årnesholten i bakgrunnen. 

Mann i naturen - bort å kose litt....

Slik finn du fram til Skudalsstølen: 


Frå Sande i Gaular køyrer du om lag 4 km i retning Viksdalen. 
Då kjem du til Skudalen. 
Køyr opp i Skudalen, forbi husa og til topps langt vegen går. 
Vis omsyn til dei private eigedomane når du parkerer. 
Det er ein gjesteparkering ved starten av grinda, men er det fullt, så parker lenger nede så du ikkje parkerer i tuna. 
Turen startar på god skogsveg, 
og vidare på tydeleg sti ved Stølsskardet.
Turen er knappe 5 km t/r. 

Frå Skudalsstølen kan du gå vidare til Kjelstadnakken, 
eller ta ein avstikkar opp på Klungeren. 
Du er også kort veg over til Masdalen i Førde. 



Glimt frå svunne tider

Ein pustepause må til også på vegen ned att!


Eit flott uthus i stein ved startpunktet for turen

1 kommentar:

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!