mandag 13. juli 2015

Skudalsstølen i Gaular - ein fredfull plett


Skudalsstølen ligg fint og fredfullt til ved .... Går du vidare opp på fjellpartiet i bakgrunnen, kjem du på Kjelstadnakken.

Stølsturar er ofte fine familieturar:
Passeleg langt for mindre bein, 
og det er spanande å kome fram og sjå seg om på stølsvollen. 
Kor mange stølshus er det? 
Er det kasse med bok i?
Kanskje ser vi gamle fine ting i vindauga?
Og kanskje er det vatn vi kan bade i?

Skudalsstølen i Gaular kan by på alt dette. 
Desverre vart sola meir og meir vekke i løpet av turen, 
så bading vart det ikkje denne dagen. 
Men kanskje ein annan gong!


Ein liten kar som tar ein pustepause på veg opp.
Årnesholten i bakgrunnen. 

Mann i naturen - bort å kose litt....

Slik finn du fram til Skudalsstølen: 


Frå Sande i Gaular køyrer du om lag 4 km i retning Viksdalen. 
Då kjem du til Skudalen. 
Køyr opp i Skudalen, forbi husa og til topps langt vegen går. 
Turen startar på god skogsveg, 
og vidare på tydeleg sti ved Stølsskardet.
Turen er knappe 5 km t/r. 

Frå Skudalsstølen kan du gå vidare til Kjelstadnakken, 
eller ta ein avstikkar opp på Klungeren. 
Du er også kort veg over til Masdalen i Førde. 



I dette vindauget har eg tatt turselfie før - sjå dette innlegget.
Glimt frå svunne tider

Ein pustepause må til også på vegen ned att!


Eit flott uthus i stein ved startpunktet for turen

1 kommentar:

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!