torsdag 25. juni 2015

Klar for Geiranger-fjella i sommar?


Geirangerfjord-området vert rekna mellom dei framifrå vakraste fjordlandskapa på kloden...
...skal vi tru Unesco. 

Geiranger med Geirangerfjorden i Stranda kommune på Sunnmøre  er turistbygda framfor noko her i Noreg. Få stader er det fleire turistar her, sommars tid - omtrent som i ei maurtue. Men også om sommaren kan du vere i Geiranger, utan å møte eit einaste menneske. I alle fall om du tek deg ein fjelltur i fjella kring sentrum. 

Her er ruteskildring til og bilete frå 3  fjelltoppar på 1300-1500 moh, klare til å bli bestegne av deg, med Geiranger sentrum som det naturlege Origo kring kvar av toppane. 

Dette blogginnlegget er om turen til Vinsåshornet (1343 moh), aust for Geiranger sentrum. 

Les også dei 2 andre blogginnlegga våre over fjella som innhyllar indre Geiranger frå oven:  


Turen  til Vinsåshornet:
Aust for Geiranger sentrum og Union hotell (biletet nedanfor), strekkjer ei "nibb" og eitt "horn" seg så høgt på tå opp mot skyene som dei greier, høvesvis vel 1600 og 1300 moh. Ikkje sjeldan greier dei to toppane å innhylle seg i tåke òg, men det slapp heldigvis vi å oppleve. Vår tur gjekk til Vinsåshornet som er toppen til høgre - Grinddalsnibba har vi til gode, men ho skal nok takast den òg ein gong.
Grinddalsnibba (t.v) og fjellet vi gjekk på til høgre - Vinsåshornet (1343 moh)


Start:
Ruta vi gjekk til Vinsåshornet, var ein rundtur: Vi gjekk opp på toppen opp langs framsida av fjellet langs den prikkete linja på biletet over, og ned att langs den heiltrukne linja. Anbefalar å gå turen i denne retninga. Samla distanse på turen er 18 km.  Merka rute heile vegen - men er ein tur for fjellvande folk som ikkje er redd for litt høgdeutsette parti.

Turen startar frå Hole hytteutleige oppe i bygda, der ein prøver finne parkeringsplass til bilen. Gå så grusvegen mot Vesterås (som elles er ein kjempefin stad å ta seg ein middag med fin uteservering og flott utsikt etter først å ha vore på utsiktspunktet Løsta like ved), og sving av på traktorveg til høgre like etter hyttene på Hole. Vegen deler seg igjen ved ei grind, og her svingar du til venstre. Deretter følgjer ein grusvegen, og etter nokre svingar er det skilta mot Holebakk. Etter kanskje 45 nye minuttar på grusveg kjem ein over på god sti. Turen opp mot vår første stans - den idylliske Grinddalsetra (800 moh) - tek kanskje nye 45 minuttar. Utsynet attende til Geiranger og ut fjorden, blir berre betre og betre etter kvart som ein nærmar seg setra.

Grinddalsetra ligg ved munningen framme på kanten av den idylliske og flate Grinddalen, der elva med det mykjeseiande namnet Stillelva slyngjer og sluktar seg. På stølen er det sett opp retningsskilt med namn og høgd på toppane i nærleiken. 

Vi heldt fram på sti innetter dalen, og kryssa elva etter kring 500 meter. Ruta går så oppover fjellsida mot det lågaste punktet på fjellryggen opp på Vinsåshornet, kalla Grinddalsrobben på kartet ovanfor. PS! Fatt mot - det er ikkje så bratt og ubestigeleg å komme opp som det kan sjå ut som herfrå, sjølv om ein må vere litt ekstra merksam på merkinga som kan vere litt utydeleg. Er ein ikkje fjellvand, rår eg til å gå den heiltrekte linjetraseen på kartet til topps og med retur same veg.

Frå den flotte varden på toppen av Vinsåshornet er det eit ubeskriveleg panorama mot Geirangerfjorden og fjella i kring - og mot dei to toppane vi skulle gå dei to påfølgjande dagane.

Returen frå varden på Vinsåshornet gjekk vidare langs egga, austover snaue 700 meter, og så trekte vi ved det lågaste punktet på ryggen nordover, og ned og fram i Grinddalen mot Grinddalsetra, slik ruta er merka. Retur herfrå same veg til Hole Hytteutleige som på turen opp.

Turen oppover mot Vinsåshornet ( i himmelsjå)  starta frå Hole Camping
oppe i Geirangerbygda  er i gang.   Første delen av turen går på traktorveg.
Turfølgje Oddbjørn med lett svikt i beina.

Fine kulturbeiter og godt vørdsla bygningsmasse pregar heile
Verdsarvområdet kring Geiranger. Her ved Holebakk.

Bilete teke austover, i retning Strynefjellet.
Vinsåshornet oppe i himmelsjå til venstre - og nyslåtte gardsbøar oppe i Geirangerbygda ved Flydal, nede i høgre biletkant!

På biletet nedanfor er karane er komne opp til Grinddalsætra på 820 moh - ved inngangen til den flate, solrike og grøderike Grinddalen. Her ser ein restane av murane frå stølshus som er feia av murane og lagd i pinneved - gong etter gong opp gjennom historia. Og gong på gong har bøndene orka å bore opp ny materiale til nye bygg!
Grinddalsetra anno 2014 - og Vinsåshornet til høgre. Vi gjekk til topps opp ryggen heilt til høgre i biletet




Ny og gamal tid møtast: Masseturisme til venstre - armod og slit for utkoma til høgre.
Men dei naturskjønne fjella har vore dei same heile tida!



























Bygningar som er tekne av snøfonnene - fleire gonger opp gjennom historia.




























Vi må vidare opp frå Grinddalssetra, i retning over elva gjennom dalen mot den fremste eggen, og mest høgdeutsette delen av turen, opp på Vinsåshornet



Brua over Stillelva. Over brua, gjekk vi ikkje vidare inn dalen, men
mot fremste eggen på Vinsåshornet.



Frå oppstigninga på fremste egga på Vinsåshornet, i retning aust.
Toppen oppe til venstre heiter Såthornet (1759 moh), og kunne ha godt av eit besøk av oss seinare ein gong!









Nesten oppe på toppen av Vinsåshornet



To glade laksar komne til topps, kring 2,5 time etter start frå (Vinje camping og så via) Hole camping.
Steffen Ben (t.v) og Oddbjørn.
Dagsturmåla dei to påfølgjande dagane er, høvesvis oppe i himmelsjå til
høgre (Geitfonnegga), og venstre (Fløyen) i biletet



Utsyn vestover mot Geiranger sentrum og Ørnevegen, i retning Åndalsnes


Utsikt innover Geirangerbygda, i retning oppstigninga til Djupvasshytta og Strynefjellet.
Serpentinarsvingar og stor ingeniørkunst då vegen stod ferdig i 1889 og vegen fekk heile 29 hårnålsvingar!




Utsikt austover og ned i botnen inst i Grinddalsdalen. Litlesåt og Såthornet oppe til venstre.
Frå dette punktet er ein nesten komen aust til skardet, der vi tok av nordover og ned  dalbotnen att. Dyregraver og fangstanlegg i området, så hald auga opne.


På veg ned i Grinddalen frå lågaste punktet på ryggen aust for varden på Vinsåshornet.
Grinddalssetra ligg framme på kanten av dalen

Attende ved Grinddalssætra. Geiranger sentrum nede bak hytta.
Geitfjellet (1615 moh) vaktar over Geirangerfjorden

Attersyn mot Vinsåshornet og ryggen vi gjekk opp, sett frå Grinddalsetra.



3 kommentarer:

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!