mandag 15. juni 2015

Fjellferd langs Førdefjorden: Redalen - Naustdal

Steffen Ben bloggar 
- flashback seinhaust 2014:


Turar på langs av landskapet er artige å gå.  
Då har ein betre tid, enn som vanleg er på fjelltur, til å sanse det ein ser, og føle det ein opplever. Ja, ein rekk kort og godt meir enn berre å tørke sveitte og å konsentrere seg om kvar neste steg skal settast i ei kupert nedstigning eller ta vanskeleg vegval. I staden kan ein la tankane fare, og la auga følgje linjene i horisonten. Men  først;  kort repetisjon og lenkje til tre turar på langs vi har kosa oss stort på tidlegare.


Ein tur på langs av landskapet - eller naturen på langs om ein vil, gjekk så og seie i fjæresteinane langs med fjorden - slik den idylliske turen vår Langs veglause strender på sørsida av Sognefjorden i 2013 er eksponent for. 

Eller, ein tur på langs av landskapet kan gå høgt over langs med ein fjord slik vi gjorde i juni i fjor då vi gjekk dei 3,1 mila oppe i fjella over Sognefjorden frå Lavik til Vadheim

Eller, tur på langs av landskapet  kan vere å følgje eit vakkert dalføre frå ende til anna - ikkje ved å gå nede i dalbotnen, men gå oppe i fjella over og i flukt med dalbotnen,  slik vi også gjorde i fjor då vi gjekk vakre Angedalen her i Førde på langs

***

Turen vi omtalar i dette innlegget er også ein slik tur på langs av landskapet - og den går i fjella over ein mykje medieeksponert fjord for tida - Førdefjorden. I grove trekk er ruta på 16 km slik: 
Redalsgrend - Nordvikstølen - Nordvikstølsvatnet - Langeheia - Blåfjellet - 
Bygdahaugen - Steinkorsen - Vindkjegla - Naustdalslia i Naustdal 

På biletet er vi byrja på oppstigninga til Blåfjellet. Innsiglinga til Førdefjorden til venstre i biletet,
og Flora by ute, oppe over hovudet til Liv Janne.


























I godt humør og med freidig mot starta vi på ufattelege 0 m.o.h. i Redalsgrend vest for Naustdal, og ein del timar og 16 km seinare enda vi i Naustdalslia, like over Naustdal sentrum. Då hadde vi følgt fjellformasjonane frå vest mot aust, og kunne følgje Førdefjorden i augesyn frå der den tek til ute i vest, og mest like til der den sluttar, inne i Førde sentrum.

Start på stien ved utkøyring av Redalsgrend, i retning Stavang. Her er det skilta Nordvikstølen, og det er sti bratt opp til denne.



Redalsgrend sett berre minuttar etter starten frå svingen i venstre biletkant

Nordvikstølen:
Nordvikstølen på kring 450 moh - med fin utsikt over på sørsida av fjorden til Kvammen


Frå Nordvikstølen går stien nord-austover til Nordvikstølsvatnet. Her slutta stien, vi gjekk utan sti like til vi var komne på Blåfjellet, der det var sti resten av ruta. 

Frå Nordvikvatnet følgde vi terrenget vidare i same nord-austlege retning, på nordsida av vatnet, imot og opp på Langeheia
Vi er kome til Nordvikstølsvatnet

Vi la ruta på nordsida av Nordvikstølsvatnet
Frå Langeheia ser vi nordover mot Steindalsfjellet,
Attersyn frå Langeheia, mot fjellet Håsteinen. Svardalen og Svardalsstølen midt i biletet.

Nedanfor: På ved austover langs Langeheia, ser vi to stølar; i nord ein einsleg bygning på Viddalsstølen og i sør Russenesstølen

Viddalsstølen

Vi passerte over Russenesstølen, på veg  opp på sjølve Blåfjellet



Oppstigning mot Blåfjellet: 
Her ser vi Blåfjellet frå sør-vest. Vi tok oss opp på platået i skråninga heilt til venstre i biletet nedanfor.




Fint utsyn vestover mot Håsteinen og øyane ved Florø
Varden på Blåfjellet   





Frå Blåfjellet kom vi atter inn på sti, som vi kunne følgje vidare austover mot Steinkorsen - ned til Vindkjegla og ned til bilen i Naustdalslia



Den fjerde stølen vi passerte ned under oss på turen var Framarsvikstølen:


Jau var sola snill med oss på turen og!




Steinkorsen på 792 moh 
- attersyn vestover mot Blåfjellet vi passerte tidlegare på turen.


Fin-fin utsikt sørover mot Storehesten

Vindkjegla:


Siste fjelltopp på turen er Vindkjegla; til høgre ser ein inn fjorden mot Erdalen og 
retning Førde sentrum. 




Skumringstime; Frå Varden på den lettlege Vindkjegla ser ein  ned til Førdefjorden og øyane ved Holmeset
 Storehesten ligg i snø i bakgrunnen 
To stornøgde turgåarar klare til å gå dei siste 20 minuttane frå Vindkjegla og ned i Naustdalslia nord for Naustdal sentrum, der bil venta på oss. 16 kilometer flott terreng over vakre Førdefjorden var tilbakelagt.

***




Første halvdel av turen:








Andre halvdel av turen:


2 kommentarer:

  1. Korleis er denne turen? Vanskeleg og gå, eller finne fram når der ikkje er sti? Og ca kor lang tid bør ein i vert fall rekne med det tek? :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Turen er merka frå Redalen og opp til Nordvikstølsvatnet. Utfordringa er derifrå og vidare til Blåfjellet. Då går du utan merking og ikkje noko tydeleg sti. Vil anbefale å studere kartet litt på førehand kor det kan vere greitt å gå, og sjå dessutan bilete i blogginnlegget der vi har sagt korleis vi tok oss opp på Blåfjellet. Det er ikkje noko krevjande terreng i form av at det kan vere bratt, så veit du kva retning du skal, så går det greitt. Frå Blåfjellet og resten av turen er det berre å følgje merkinga. Totalt er det 16 km, så tidsbruk er avhengig av kva form du er i. Men bør nok rekne 3-4 km i timen - og fort ein tidsbruk på 5-6 timar samla sett. Den tyngste delen er fram til Blåfjellet som nok er 8-9 km samla sett. Derfrå er det lett terreng i 4 km fram til Steinkorsen, og så nedover til Vindkjegla og Naustdalslia.

      Slett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!