torsdag 25. juni 2015

Klar for Geiranger-fjella i sommar?


Geirangerfjord-området vert rekna mellom dei framifrå vakraste fjordlandskapa på kloden...
...skal vi tru Unesco. 

Geiranger med Geirangerfjorden i Stranda kommune på Sunnmøre  er turistbygda framfor noko her i Noreg. Få stader er det fleire turistar her, sommars tid - omtrent som i ei maurtue. Men også om sommaren kan du vere i Geiranger, utan å møte eit einaste menneske. I alle fall om du tek deg ein fjelltur i fjella kring sentrum. 

Her er ruteskildring til og bilete frå 3  fjelltoppar på 1300-1500 moh, klare til å bli bestegne av deg, med Geiranger sentrum som det naturlege Origo kring kvar av toppane. 

Dette blogginnlegget er om turen til Vinsåshornet (1343 moh), aust for Geiranger sentrum. 

Les også dei 2 andre blogginnlegga våre over fjella som innhyllar indre Geiranger frå oven:  


Turen  til Vinsåshornet:
Aust for Geiranger sentrum og Union hotell (biletet nedanfor), strekkjer ei "nibb" og eitt "horn" seg så høgt på tå opp mot skyene som dei greier, høvesvis vel 1600 og 1300 moh. Ikkje sjeldan greier dei to toppane å innhylle seg i tåke òg, men det slapp heldigvis vi å oppleve. Vår tur gjekk til Vinsåshornet som er toppen til høgre - Grinddalsnibba har vi til gode, men ho skal nok takast den òg ein gong.
Grinddalsnibba (t.v) og fjellet vi gjekk på til høgre - Vinsåshornet (1343 moh)


Start:
Ruta vi gjekk til Vinsåshornet, var ein rundtur: Vi gjekk opp på toppen opp langs framsida av fjellet langs den prikkete linja på biletet over, og ned att langs den heiltrukne linja. Anbefalar å gå turen i denne retninga. Samla distanse på turen er 18 km.  Merka rute heile vegen - men er ein tur for fjellvande folk som ikkje er redd for litt høgdeutsette parti.

Turen startar frå Hole hytteutleige oppe i bygda, der ein prøver finne parkeringsplass til bilen. Gå så grusvegen mot Vesterås (som elles er ein kjempefin stad å ta seg ein middag med fin uteservering og flott utsikt etter først å ha vore på utsiktspunktet Løsta like ved), og sving av på traktorveg til høgre like etter hyttene på Hole. Vegen deler seg igjen ved ei grind, og her svingar du til venstre. Deretter følgjer ein grusvegen, og etter nokre svingar er det skilta mot Holebakk. Etter kanskje 45 nye minuttar på grusveg kjem ein over på god sti. Turen opp mot vår første stans - den idylliske Grinddalsetra (800 moh) - tek kanskje nye 45 minuttar. Utsynet attende til Geiranger og ut fjorden, blir berre betre og betre etter kvart som ein nærmar seg setra.

Grinddalsetra ligg ved munningen framme på kanten av den idylliske og flate Grinddalen, der elva med det mykjeseiande namnet Stillelva slyngjer og sluktar seg. På stølen er det sett opp retningsskilt med namn og høgd på toppane i nærleiken. 

Vi heldt fram på sti innetter dalen, og kryssa elva etter kring 500 meter. Ruta går så oppover fjellsida mot det lågaste punktet på fjellryggen opp på Vinsåshornet, kalla Grinddalsrobben på kartet ovanfor. PS! Fatt mot - det er ikkje så bratt og ubestigeleg å komme opp som det kan sjå ut som herfrå, sjølv om ein må vere litt ekstra merksam på merkinga som kan vere litt utydeleg. Er ein ikkje fjellvand, rår eg til å gå den heiltrekte linjetraseen på kartet til topps og med retur same veg.

Frå den flotte varden på toppen av Vinsåshornet er det eit ubeskriveleg panorama mot Geirangerfjorden og fjella i kring - og mot dei to toppane vi skulle gå dei to påfølgjande dagane.

Returen frå varden på Vinsåshornet gjekk vidare langs egga, austover snaue 700 meter, og så trekte vi ved det lågaste punktet på ryggen nordover, og ned og fram i Grinddalen mot Grinddalsetra, slik ruta er merka. Retur herfrå same veg til Hole Hytteutleige som på turen opp.

Turen oppover mot Vinsåshornet ( i himmelsjå)  starta frå Hole Camping
oppe i Geirangerbygda  er i gang.   Første delen av turen går på traktorveg.
Turfølgje Oddbjørn med lett svikt i beina.

Fine kulturbeiter og godt vørdsla bygningsmasse pregar heile
Verdsarvområdet kring Geiranger. Her ved Holebakk.

Bilete teke austover, i retning Strynefjellet.
Vinsåshornet oppe i himmelsjå til venstre - og nyslåtte gardsbøar oppe i Geirangerbygda ved Flydal, nede i høgre biletkant!

På biletet nedanfor er karane er komne opp til Grinddalsætra på 820 moh - ved inngangen til den flate, solrike og grøderike Grinddalen. Her ser ein restane av murane frå stølshus som er feia av murane og lagd i pinneved - gong etter gong opp gjennom historia. Og gong på gong har bøndene orka å bore opp ny materiale til nye bygg!
Grinddalsetra anno 2014 - og Vinsåshornet til høgre. Vi gjekk til topps opp ryggen heilt til høgre i biletet




Ny og gamal tid møtast: Masseturisme til venstre - armod og slit for utkoma til høgre.
Men dei naturskjønne fjella har vore dei same heile tida!



























Bygningar som er tekne av snøfonnene - fleire gonger opp gjennom historia.




























Vi må vidare opp frå Grinddalssetra, i retning over elva gjennom dalen mot den fremste eggen, og mest høgdeutsette delen av turen, opp på Vinsåshornet



Brua over Stillelva. Over brua, gjekk vi ikkje vidare inn dalen, men
mot fremste eggen på Vinsåshornet.



Frå oppstigninga på fremste egga på Vinsåshornet, i retning aust.
Toppen oppe til venstre heiter Såthornet (1759 moh), og kunne ha godt av eit besøk av oss seinare ein gong!









Nesten oppe på toppen av Vinsåshornet



To glade laksar komne til topps, kring 2,5 time etter start frå (Vinje camping og så via) Hole camping.
Steffen Ben (t.v) og Oddbjørn.
Dagsturmåla dei to påfølgjande dagane er, høvesvis oppe i himmelsjå til
høgre (Geitfonnegga), og venstre (Fløyen) i biletet



Utsyn vestover mot Geiranger sentrum og Ørnevegen, i retning Åndalsnes


Utsikt innover Geirangerbygda, i retning oppstigninga til Djupvasshytta og Strynefjellet.
Serpentinarsvingar og stor ingeniørkunst då vegen stod ferdig i 1889 og vegen fekk heile 29 hårnålsvingar!




Utsikt austover og ned i botnen inst i Grinddalsdalen. Litlesåt og Såthornet oppe til venstre.
Frå dette punktet er ein nesten komen aust til skardet, der vi tok av nordover og ned  dalbotnen att. Dyregraver og fangstanlegg i området, så hald auga opne.


På veg ned i Grinddalen frå lågaste punktet på ryggen aust for varden på Vinsåshornet.
Grinddalssetra ligg framme på kanten av dalen

Attende ved Grinddalssætra. Geiranger sentrum nede bak hytta.
Geitfjellet (1615 moh) vaktar over Geirangerfjorden

Attersyn mot Vinsåshornet og ryggen vi gjekk opp, sett frå Grinddalsetra.



tirsdag 23. juni 2015

Rett og slett vakkert: Eikåsnipa (826 moh) i kveldssol


Dei flotte sommardagane må nytast til fulle,
for vi veit aldri når dei er over. 
Og for ikkje å snakke om dei lange, lyse nettene....
som vi nesten har gløymt på grunn av mangel på sol og varme. 
Og no har sola også snudd! 

Derfor: hugs å nyte kvart sekund du kan - 
med sol, sommar, varme og lange, lyse kveldar!

Vi fekk oss ein fin tur på Eikåsnipa (826 moh) i går kveld: 
i strålande kveldssol og nærast vindstille.
Skulle gjerne hatt med soveposen og overnatta under open himmel! 
Men det får bli ein annan gong! 

Her er nokre stemningsbilete (tatt med mobil):

Siste rest av sol over Kvamsbakkestølen, mot Viefjellet og Hafstadfjellet

Utsikt mot Jølster og Jølstravatnet. Tindefjellet midt i biletet. Inst i Angeldalen til venstre. 

Signering av turboka høyrer med :)

Framleis litt snø på toppane i Jølstrafjella



Turskildring til Eikåsnipa kan du lese her.
Andre stemningsbilete frå Eikåsnipa finn du her og her

Sjå også flotte bilete frå området i innlegget Angedalen på langs

søndag 21. juni 2015

Summerfeeling.....

Endeleg - sommarkjensla er på plass!


Deilige 18 grader på Eikelandstølen i Gaular i dag:

Eikelandstølen på Sande i Gaular - med Kjelstadnakken (1050 moh) i bakgrunnen. 

Steffen har vore på Jonstadstølen i Naustdal og opna for sesongen. Mykje seinare enn normalt, og truleg er det framleis eit par veker før vegen opnar på grunn av mykje snø. I fjor opna den allereie midt i april... 
Men vi håpar på mange fine sommardagar der - også i år!

Vi gler oss til sommaren 2015 på Jonstadstølen!

fredag 19. juni 2015

To turgåarar - to toppar - to kommunar - men berre èi sol!

Dagens første tur: Rognen (689 moh) ved Sørgulen i Bremanger
I dag kan vi sjå tilbake på ein flott turdag: 
To turgåarar, 
to toppar,
to førstebestigningar
 i 2 kommunar... 

- men èi og same sol! :)

Fleire bilete og turinfo kjem etterkvart. 
Førebels kan du kose deg med desse: 

Rognen (689 moh) i Bremanger: 

  
Bratt og luftig nedstigning frå Rognen - men flott utsikt!
Frå toppen ser du flott mot Kalvåg. Skudalsnipa til venstre. 
Frøysjøen til venstre, Nordgulen i midten med Svelgen inst i fjorden, Midtgulen til høgre. 

Turskildring for Rognen finn du på ut.no

Topp 2 for dagen: 

Klauekeipen (769 moh) i Grytadalen, Flora 

På veg opp mot Klauekeipen:Øyane vest for Florø i synsranda. Keipevatnet nede til høgre, Terdalskeipen er heilt til høgre.
Varden ved Klauekeipen. Terdalskeipen i bakgrunnen. Keipevatnet nede til høgre. 
Frå varden på Klauekeipen ser vi flott innover mot Eikefjorden. 

Panoramautsikt over Florø og øyane rundt. Flott syn på slike dagar!

På veg ned att med utsikt i retning Eikefjorden. 
Flott turskildring frå Klauekeipen finn du på Skorpionens hjørne - her og her


mandag 15. juni 2015

Fjellferd langs Førdefjorden: Redalen - Naustdal

Steffen Ben bloggar 
- flashback seinhaust 2014:


Turar på langs av landskapet er artige å gå.  
Då har ein betre tid, enn som vanleg er på fjelltur, til å sanse det ein ser, og føle det ein opplever. Ja, ein rekk kort og godt meir enn berre å tørke sveitte og å konsentrere seg om kvar neste steg skal settast i ei kupert nedstigning eller ta vanskeleg vegval. I staden kan ein la tankane fare, og la auga følgje linjene i horisonten. Men  først;  kort repetisjon og lenkje til tre turar på langs vi har kosa oss stort på tidlegare.


Ein tur på langs av landskapet - eller naturen på langs om ein vil, gjekk så og seie i fjæresteinane langs med fjorden - slik den idylliske turen vår Langs veglause strender på sørsida av Sognefjorden i 2013 er eksponent for. 

Eller, ein tur på langs av landskapet kan gå høgt over langs med ein fjord slik vi gjorde i juni i fjor då vi gjekk dei 3,1 mila oppe i fjella over Sognefjorden frå Lavik til Vadheim

Eller, tur på langs av landskapet  kan vere å følgje eit vakkert dalføre frå ende til anna - ikkje ved å gå nede i dalbotnen, men gå oppe i fjella over og i flukt med dalbotnen,  slik vi også gjorde i fjor då vi gjekk vakre Angedalen her i Førde på langs

***

Turen vi omtalar i dette innlegget er også ein slik tur på langs av landskapet - og den går i fjella over ein mykje medieeksponert fjord for tida - Førdefjorden. I grove trekk er ruta på 16 km slik: 
Redalsgrend - Nordvikstølen - Nordvikstølsvatnet - Langeheia - Blåfjellet - 
Bygdahaugen - Steinkorsen - Vindkjegla - Naustdalslia i Naustdal 

På biletet er vi byrja på oppstigninga til Blåfjellet. Innsiglinga til Førdefjorden til venstre i biletet,
og Flora by ute, oppe over hovudet til Liv Janne.


























I godt humør og med freidig mot starta vi på ufattelege 0 m.o.h. i Redalsgrend vest for Naustdal, og ein del timar og 16 km seinare enda vi i Naustdalslia, like over Naustdal sentrum. Då hadde vi følgt fjellformasjonane frå vest mot aust, og kunne følgje Førdefjorden i augesyn frå der den tek til ute i vest, og mest like til der den sluttar, inne i Førde sentrum.

Start på stien ved utkøyring av Redalsgrend, i retning Stavang. Her er det skilta Nordvikstølen, og det er sti bratt opp til denne.



Redalsgrend sett berre minuttar etter starten frå svingen i venstre biletkant

Nordvikstølen:
Nordvikstølen på kring 450 moh - med fin utsikt over på sørsida av fjorden til Kvammen


Frå Nordvikstølen går stien nord-austover til Nordvikstølsvatnet. Her slutta stien, vi gjekk utan sti like til vi var komne på Blåfjellet, der det var sti resten av ruta. 

Frå Nordvikvatnet følgde vi terrenget vidare i same nord-austlege retning, på nordsida av vatnet, imot og opp på Langeheia
Vi er kome til Nordvikstølsvatnet

Vi la ruta på nordsida av Nordvikstølsvatnet
Frå Langeheia ser vi nordover mot Steindalsfjellet,
Attersyn frå Langeheia, mot fjellet Håsteinen. Svardalen og Svardalsstølen midt i biletet.

Nedanfor: På ved austover langs Langeheia, ser vi to stølar; i nord ein einsleg bygning på Viddalsstølen og i sør Russenesstølen

Viddalsstølen

Vi passerte over Russenesstølen, på veg  opp på sjølve Blåfjellet



Oppstigning mot Blåfjellet: 
Her ser vi Blåfjellet frå sør-vest. Vi tok oss opp på platået i skråninga heilt til venstre i biletet nedanfor.




Fint utsyn vestover mot Håsteinen og øyane ved Florø
Varden på Blåfjellet   





Frå Blåfjellet kom vi atter inn på sti, som vi kunne følgje vidare austover mot Steinkorsen - ned til Vindkjegla og ned til bilen i Naustdalslia



Den fjerde stølen vi passerte ned under oss på turen var Framarsvikstølen:


Jau var sola snill med oss på turen og!




Steinkorsen på 792 moh 
- attersyn vestover mot Blåfjellet vi passerte tidlegare på turen.


Fin-fin utsikt sørover mot Storehesten

Vindkjegla:


Siste fjelltopp på turen er Vindkjegla; til høgre ser ein inn fjorden mot Erdalen og 
retning Førde sentrum. 




Skumringstime; Frå Varden på den lettlege Vindkjegla ser ein  ned til Førdefjorden og øyane ved Holmeset
 Storehesten ligg i snø i bakgrunnen 
To stornøgde turgåarar klare til å gå dei siste 20 minuttane frå Vindkjegla og ned i Naustdalslia nord for Naustdal sentrum, der bil venta på oss. 16 kilometer flott terreng over vakre Førdefjorden var tilbakelagt.

***




Første halvdel av turen:








Andre halvdel av turen: